Drahjelp til satiren

Fritt Ord vil gi arbeidsstipend til satireteiknarane.

Dette blei onsdag kunngjort på Fritt Ord sine heimesider. Inntil ni teiknarar skal få eit stipend på 100 000 kr kvar, eit beløp som svarar til arbeid i fire månader hausten 2021. I den perioden blir det gitt tilbod om rettleiing, råd og utvikling frå fagpersonar/jurymedlemmer, og teiknarane skal arbeide mot aviser eller andre medium for å inngå publiseringsavtale.

-Satireteikninga sparkar oppover og avkler makta. Ho er til for å kritisere og gje motstand. Dei beste teikningane i denne sjangeren får oss til å sjå saker og politiske tilhøve, jamvel oss sjølve, med eit nytt blikk, skriver Fritt Ord i utlysinga.

Juryen består av teiknarane Arifur Rahman, Flu Hartberg,  og Mia Mottelson frå danske Information, pluss Joakim Lie og Anne-Lise Sognnes som representantar Fritt Ord, Bianca Boege representant for Avistegnernes Hus (AH), og iTromsø-kommentator Egon Holstad.

-Satireteiknarar har inga anna foreining enn AH i Norge, så det er naturleg at Fritt Ord samarbeider med dei om prosjektet, seier Bianca Boege.

Den velrennomerte avisteiknaren Siri Dokken har også, som meg, vore med og bidrege med innspel i utforminga av konkurransen, fortel ho vidare. AH har samarbeida ein del med Fritt Ord, og Boege har m.a. vore jurymedlem i Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skular dei siste tre åra. -Fritt Ord har lenge ønska å hjelpe til med å få fleire satiriske/politiske teikningar inn i aviser og norske tidsskrift, legger ho til. -Dette er jo noko vi i AH også brenner for. Eg synes dei har sett saman noko heilt utruleg flott og generøst!

Ho håper med dette at dei kan fange opp nye stemmer, men også gi ein sjanse til teiknarar som kanskje held på med noko anna, og som med dette kan utforske satiremediet. Eller dei som allereie har laga avisteikningar men sliter med å finne publikasjonar, eller trenger å kjøpe seg fri frå anna arbeid til å jobbe litt ekstra med dette.

Jurymedlem Arifur Rahman har meir enn dei fleste fått kjenne på kroppen kva det kostar å drive med satire og avisteikning. Han kom til Norge som politisk flyktning etter å ha blitt arrestert for blasfemi i heimlandet Bangladesh, og truga på livet, for det han trudde var ei ganske uskuldig teikneseriestripe (avbilda øvst). Nå driv Rahman nettstaden Toonmag og lagar politiske teikningar for den norske marknaden, men innrømmer at det gir lite inntekt. Han lever for tida mest av dagpengar mens han får arbeidsopplæring på eit lager.

Les også:
Stribefeber om karikaturer




Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *