Norske teiknarar hyller Uderzo

Då nyheiten om Albert Uderzos bortgang kom på tirsdag, blei Albert Uderzo sørga over, minnast, og hylla, av serieskaparar over heile verda, også dei norske.

Asterix begynte å gå i Tempo i 1968, og som eigen albumserie på norsk frå 1969. Sidan den tid har serien hatt ein enorm innflytelse på den norske forståinga av europeisk teikneseriekunst, og på norske teikneserieskaparar sin teiknestil og forteljarmåte.

Albert Uderzo døydde 24. mars 2020 i ein alder av 92 år. Kort tid etter begynte norske teiknarar å legge ut eigne hyllestar på Facebook:

Jens K. Styve var raskt ute med ei minneteikning med enkel men slåande symbolikk. Originalpost
Nils Axle Kanten laga ei spesiell Hjalmar-stripe, som Serienett har fått lov til å gjengi i fargar. Originalpost
Ikkje overraskande er bautamotivet noko som går igjen, både i Norge og internasjonalt. Denne er av Bjørnar K. Meisler. Originalpost
Bjarte Agdestein, Ronald Kabicek og Endre Skandfer (Krüger & Krogh) har også valt å vektlegge bautaen som symbol. Originalpost
Ronny Haugeland valte ei litt anna tilnærming som, når ein tenker på det, også kan vere djupt symbolsk: Sjølv Obelix er magrare nå som han har mista begge sine skaparar. Originalpost.
Innan karikering er det ganske vanleg å teikne Goscinny som Asterix ,og Uderzo som Obelix. Her har Audun Røberg Jr. teikna dei to serieskaparane når dei omsider møtest i Himmelen. Originalpost

Jonas Alexander Brårmo Larsen har gått for ein meir enkel og direkte tilnærming, med to einskilde, mandige tårer


Alle teikningar er gjengitt med løyve frå serieskaparane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *