Så elegant og så tøft, og så dødt

I første del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre særleg på aktuelle fransk-belgiske teikneseriealbum.

Høyr sendinga her

I mai og juni er det kome opptil fleire franske-belgiske spenningsseriar i albumformat frå Egmont. Vi drøfter formatreduksjonen i omsette albumseriar for barn og ungdom, med «I Lyas Øyne» som det slåande unnataket. Er visse format berre meir «hendig» for barn? I alle fall samanlikna med for rutinerte, vaksne teikneserielesarar?

Av fransk-belgiske teikneseriar for vaksne ser vi på Undertaker, Wayne Shelton og Bruno Brazil. Særleg Wayne Shelton (tidlegare i bladet Agent X) får grundig omtale, og her har panelet ulike oppfatningar. Ein ting er dei likevel einige om når det gjelder denne serien, men advarsel om spoiler når dei forteller kva det er.

«Dette ser ut som noko som er laga på 70/80-talet; Monte Carlo, raske bilar og damer med sigarettmunnstykke, og alt dette overflatiske miljøet som vi, då vi var unge, syntes var kult i Tempo. Men eg anar ikkje kor kult dette er i dag.» Arild Wærness

Kvifor er Bruno Brazil og Undertaker i hardcover, mens Wayne Shelton er i softcover? Og korleis står Thorgal, som kjem i bøker med tre album om gongen, seg samanlikna med desse publikasjonane? Bokhandlarane veit ikkje ein gong at denne bokserien eksisterer, men Arild fortel kvifor dei burde vite det.

1 tanke om “Så elegant og så tøft, og så dødt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *