Raptusvorspiel

SeriX’ podcastgruppe varmar opp til Raptusfestivalen…eller til det som er igjen av den.

Høyr sendinga her
Spotify

Vi veit det ikkje er meininga at Raptusfestivalen skal vere så liten, men under forholda er det vel ikkje til å unngå. Men er det meininga at dei engelskspråklege utgåvene av»Skorpionen» skal vere så små?

Kristian Hellesund har motteke sine engelskspråklege utgåver av Desberg og Marinis «Skorpionen», men er skuffa over formatet. Er dette typisk for Cinebook, UKs største utgjevar av europeisk albumseriar?

Resten av denne vorpsielpocasten er sett av til meir dagsaktuelle tema, inkludert Raptusfestivalen, sjølvsagt. Norges lengstlevande teikneseriefestival var allereie redusert til nokre laurdagstimar på Bergen hovudbibliotek i år, og med ytterlegare koronarestriksjonar i Bergen kommune, spør vi om det i det heile tatt kjem til å vere publikum i salen i morgon, og om strømmeforholda er gode nok.

Ein av gjestene som i alle fall kjem uansett, er Odin Helgheim. Vi drøfter første bindet av «Ragnarok», og snakkar om norrøn mytologi i teikneseriar generelt.

Les også:
Anmelding av «Ragnarok 1 – Fenrisulven»

(Øvts: Forsida til The Scorpion 3: The Holy Valley)

1 tanke om “Raptusvorspiel

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *