Stripene ved vegs ende

Noreg har i vel 20 år no hatt aukande produksjon av stripeserier og ein slags «gullalder» som har gitt jobb til mange serieskaparar og strålande suksess for nokre få. Men spørsmålet ein no må stille seg er om vi er inne i endetidene for denne perioden. Kanskje dette berre var eit blaff, som Pyton-perioden før det igjen.

(Ei personleg meiningsytring)

Avisdauden har noko å seie der. Skarpt søkkande opplagstal, og aviser som kuttar i gravejournalistikk, kultursider og bokmeldingar. Alt vert kutta til beinet. Færre aviser vert det òg.

Det var Stripeseriekonkurransen 2020 og kontroversen rundt honorara der som gjorde det klart for meg at her gjekk det endeleg hòl på ein  byll som har vekst med verk lenge.

Der har allereie lenge vore murring kring låge prisar i lokalaviser for norske striper, spesielt grunna priskonkurransen frå Strand Comics sine syndikatpakkar.  Dei har utkonkurrert ein del trauste utanlandske seriar frå syndikat som Bulls til fordel for norsk materiale, men til kva pris?

Eg veit ikkje sikkert kva prisane elles har vore, men  eg kan dele denne fullstendig anekdotiske informasjonen: På slutten av 1980-talet så gjekk eg på ungdomsskulen og sjølv om eg var habil med ein blyant så var eg ikkje «teiknaren» på skulen, det var ein kar som heitte Hallvard Lunde, kjekk kar, sjølv om vi ikkje kjenner kvarandre så godt, som gjekk året før meg.  Han fekk, medan vi framleis gjekk på ungdomsskulen, ei stripe inn i lokalavisa Firdaposten, som kom ut tre gonger for veka i eit opplag på ca. 2-3000.  Eg fekk spurt han ein gong kor mykje han tente på det, og han kunne fortelje at han fekk 50 kroner stripa fordi det var det avisa betalte for den andre stripa dei hadde, Hårek (som eg trur kom frå Bulls, som har mange av dei kjende utanlandske seriane i sitt syndikat). Det er 100 kroner stripa i 2020-kroner. 

Eg reknar med at det er ein «perfekt storm» her av avisdauden, nedskjeringar og priskonkurranse, men uansett så er det lite positivt.

Kva har dette med stripeseriekonkurransen 2020 å gjere?

Jo, dette: Den opphaveleg publiserte førstepremien for publisering, i VG og dei 4 største regionsavisene, var 100 tusen for 5 månader med striper. Det er inkludert honorar for trykking i ALLE dei 5 avisene. Det vil seie ei maks årsløn, viss ein opparbeider nok striper til at dei kan løpa gjennom ferien, på 240 tusen. Nærare 200 tusen viss ein tek seg ferie frå stripa òg, i same omfang som norske arbeidsfolk elles. 

Problemet med dette er at ein her snakkar om 100 tusen for 100 striper (hos VG,  80 hos dei 4 andre som berre har striper i  4 utgåver i veka) for eit samla abo-grunnlag på 250 tusen lesarar, ca. 500 tusen viss ein inkluderer digitalt, og det bør ein. 

Premiane i tidlegare serie-konkurransar i Dagbladet var samanliknbare,  men då for trykking i Dagbladet åleine.

Strand og dei 5 avisene har seinare gått ut og justert konkurransen med ein pott prispengar utover honorar og eksplisitt sagt at ein garanterer å trykkje eit viss tal med sider i Pondus eller Lunch til solid pris. Dette er flott, men den faste prisen på stripene frå dag til dag er framleis den same.

Der er vel 200 aviser her i landet, ikkje alle køyrer teikneseriar, dei fleste ligger mellom 1000 og 10 tusen i opplagstal og kjem berre ut nokre få gonger i veka.  Eg vil tru at for mange aviser så sjølv om dei ville ha striper så ville prisen dei betalte, viss den var proporsjonalt med det vi veit elles, antakeleg vere så låg at det knapt ville vere verd bryet å prøve.

I praksis så er ei riksavis som VG og regionsaviser som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad. Adresseavisen, og Fædrelandsvennen hovuddelen av all inntekt ein kan forvente å få som stripeteiknar. Dei har eit samla opplagstal på minst 250 tusen, 500 tusen viss ein reknar digitalt.  No reknar eg ikkje med gratislesarar sidan teikneseriar er bak ein betalingsmur, men VG åleine reknar sjølv med ca. 2 millionar lesarar.  Det vert som så mykje elles i det krunglete norske landskapet, det skal ikkje mykje til for å dekkje 50% av Noreg, det er dei siste 50% som krev tunge løft.

Strand har her gått inn ei avtale, utifrå det vi kan lese av den opphavelege oppgåveteksten,  som seier at 12 strake månader med stripeproduksjon har ei maksutbetaling på ca 250 tusen i året i 5 av dei største avisene samla.  Dette er berre for dei seriane som alle redaktørane likar best, elles så kanskje ein får berre ei regionsavis,  eller ein må klare seg med dei andre, der ein kanskje må opp i over 100 aviser for å få i nærleiken av det dei 5 storavisene representerer.  Eg veit ikkje kor sannsynleg det er. På eit tidspunkt så vert ei stripe «oppbrukt» for kven vil vel berre ha striper som alle rivaliserande aviser har? Viss ein er heldig så får ein kanskje plass i eit av blada til Strand Forlag eller Egmont, og basert på tala offentleggjort i konkurransen så er det snakk om ca 3000 til 3500 for ei side med 4 striper. Som vil seie noko sånt som 12-15.000 i månaden.  Dei har no uttrykkeleg garantert for det.

Media og diverse politikarar nyttar ofte «jobbe i kassa på Rema» som ein målestokk. No har eg ikkje noko imot den typen arbeid, det er ærleg arbeid og ei viktig samfunnsteneste og i desse koronatider fører det med seg ein del risiko. Men det er ofte nytta som eit eksempel på ein jobb utan karriere-moglegheiter og utan sjølvrealisering, og det stemmer nok til dels. Men likevel er det ein jobb med ei årsløn på 300 til 350 tusen.

Kva seier det om stripeteikning som karriereveg når det beste ein kan håpe på er å tene like mykje som viss ein hadde jobba i kassa på Rema? Kvifor ta seg bryet?

(Retorisk spørsmål, serieteiknarar har null sjølvopphaldsdrift og teiknar for luseløn til svolten tek dei.)

Der kjem nok aldri til å verte nokon ny Frode Øverli i stripeserier i Noreg.

Eg seier ikkje at ein skal sitje att med lektorløn berre fordi ein har fått ei stripe inn i VG, men når det er urealistisk å i det heile nå opp til ei norsk gjennomsnittsløn med striper i kvar ei norsk avis og trykking i blad, samstundes som ein som frilansar vert behandla ved førespurnad om huslån som om ein hadde Hansens sjukdom og elles tek all risk ved sjukdom og vanskeleg kan unne seg ferie, så seier jo dette noko om korvidt seriestriper framleis er liv laga. 

Problemet er ikkje berre prisane i seg sjølv.

Serieteiknarar har i lengre tid vore misnøgde med at lovverket forbyr dei å snakke saman og kome fram til ein bransjestandard, ei vegleiande prisliste, for kor mykje ein skal verte betalt for teikneseriar.

Når ein no ser at Strand Comics, som det største syndikatet for norske stripeserier, og 5 aviser som er blant dei største marknadsaktørane, set seg ned saman og dikterer ein fastpris som er lågare enn den brukte å vere på avisstriper, og så låg at store delar av det profesjonelle miljøet kjenner seg regelrett krenka av det, og det får DEI lov til, så kjennast det urettferdig.

I praksis så er der no ein makspris som ein kjem til å verte konfrontert med av til og med mindre aviser, som sjølvsagt ikkje ynskjer å betale proporsjonalt meir enn regionsavisene for same vare. Vi har vel enno ikkje vore så uheldige at det har fått utslag i lågare pris for striper i hefter, men ein veit jo aldri.

Ein pris diktert i samarbeid av dei store aktørane på kjøpssida utan innspel frå Grafill eller andre interesseorganisasjonar for teikneserieskaparar, for dei har jo ikkje lov til å lage prislister og slikt.

Inntektene for stripeserieskaparar har fått eit betong-tak som ikkje er til å leve med i lengda.

Eg har lite tru på at avisene kjem til å gå med på eit høgare prisnivå no. Det er for seint, dei har lenka armar, der er ikkje nokon plass å trenge igjennom.  Dei krympande budsjetta har nok ein del å seie òg.

Eg trur difor at det vert meir naudsynt enn nokon sinne for nye generasjonar med serieskaparar å satse på andre format.

Kanskje det berre er slik norske seriar fungerer. Pyton hadde ein gullalder  på ca.  10 år før det sakte men sikkert daude ut. Stripeserier har hatt ca. 20 år no, og er klar for kista.

Men stripeseriane har vist at dei KUNNE ha vore levedyktige i ei stund til. Viss ein kunne leve av det.

Med dei satsane ein her legg opp til, så vil det vere betre for serieskaparar om dei får seg ein dagjobb i kassa på Rema og satsar på å lage teikneserieroman på kveldstid.  Det vil vere både mindre stress og betre betalt. Og ein kan ete middag kvar dag.

For norske stripeserier er ved vegs ende. Er dei ikkje?


Oppdatering: Skribenten nytta ein stad i teksten eit bestemt sitat og tal for å illustrere kor lite det er å tene på seriestriper i lokalaviser. Desse opplysningane var forelda og ikkje godkjent for attgjeving, og derfor er den informasjonen nå fjerna, på skribentens eigen førespurnad. Red. anm.



(Forsidebilde: Utsnitt frå plakaten til dokumentarfilmen «Stripped» (2014). Ill. Bill Watterson)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *