Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ENDER MED BALLTEFT (24.05.12 )

Vi ser nærare på Donald Ducks Fotball-EM 2012 spesial.

Av: Knut Robert Knutsen

Eg vert fortald at det er fotball-Em i år, så Disney har funne ut at det er ein god ide å tilby oss eit EM-blad med Donald Duck historier. Eller rettare sagt Ole, Dole og Doffen historier.

Dette er ein italiensk Disney-produksjon (som i og for seg er eit argument for at det er laga av nokon som verkeleg kan fotball) der sjølve historien er skriven av ein av Disneys mest lovande unge manusforfattarar Alessandro Ferrari og ein veldig god teiknar, Fabio Pochet som eg håpar vi får sjå mykje meir av.

Ole, Dole og Doffen og deira fotballspillande vener (interessante nye karakterar som er fyldig introdusert inni bladet) finn ei magisk vekkgøymd fotballbane og vert så transport inn i eit plot som involverer EM-favorittane Karbonia og hemmelegheita bak deira suksess.

Historia er hurtig, med stort spenn, og har klare trekk av slike Disneysuksessar som WITCH i forteljarstilen. Ikkje overraskande sidan Ferrari har gjort ein del ting der og. Den er underhaldande, har gode gags og mykje interessant samspel mellom karakterane. Vidare synast det som om bladet legger opp til at historien fortsetter, og det hadde vore kjekt.

Men dette er ikkje kun eit kjipt forsøk på å tene litt pengar på å smelle ihop litt teikneseriestoff og kalle det eit EM-spesial. Ekstramaterialet er fyldig og innheld spel, ein del hjernetrim, ei oversikt over VM-lag og speledatoar, mykje info om EM og ein presentasjon av emnet ”Gatefotball”.

Så det er ikkje berre eit blad for 10-år gamle serielesarar, det er eit blad for fotballspelande ungar med ein entusiasme for historie, statistikk og årstal som ville vere Pondus eller Arne Scheie verdig. Det er eit blad som verkeleg tar fotball på alvar.

Eit veldig godt tilbod for fotballspelarar som ikkje har ”vakse frå” Donald Duck, og eit konsept som kunne tole å vere eit fast tilskot til Disneyfamilien her i Noreg.

Donald Duck Spesial: Goooal
Manus: Alessandro Ferrari /Teikningar: Fabio Pochet (+ diverse andre bidgrasytere)
ISBN
68 Sider
Kr 49,90
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Høres ut som en vinner dette, ja, herr Knutsen…:-)


    Gonzales Lund    25. May 2012, 11:09    #
  2. Ja, Ikkje sant?


    Knut Robert Knutsen    25. May 2012, 11:15    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)