Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ANDEBY ONLINE MEST POPULÆR (22.04.06 )

Kva er den mest populære teikneserienettstaden i Noreg? Serienett har svaret. Tal frå Alexa syner at Andeby Online har flest vitjingar.

Av: Kristian Hellesund

Det er mange norske nettstader om teikneseriar. Informasjonen og innhaldet varierar, men alle er laga for å gje informasjon om teikneseriar. Serienett har sett nærare på besøket til dei ulike nettstadene. Vi har nytta nettsiderangeringen til Alexa, som set opp alle nettsidene dei har registrert etter talet på besøk. Det er berre hovuddomene som er med, og nettsider som er underlagt andre domene vert ikkje registrert.

Ut frå tala til Alexa er Andeby Online den best besøkte teikneserienettstaden i Noreg akkurat no. Andeby Online ligg på 51300. plass i verda og sleg med dette nettstader som Egmonts Donald Duck-side og manga- og animesida AnimeNord. På fjerdeplass hos Alexa finn vi tegneserier.no, medan nettbutikken til Avalon er nummer fem. Beste forlag er Schibsted Forlagene på sjetteplass foran Egmont-konsernet på åttandeplass og Seriehuset på niandeplass. Innimellom her kjem den uoffisielle Pondus-sida pondus.net som nummer sju. Bak desse nettstadene finn vi fantomet.org på niandeplass, medan Superhelter i Norge er nummer elleve.

Det er Olaf Solstrand som driv vinnarnettstaden Andeby Online. Han omtalar nettsida slik:
-Andeby Online er ein norsk donaldistportal drive av frivillige fans, som mellom anna inneheld jamnleg oppdaterte Donald-nyhende, omtalar av det meste som kjem ut av Disney-utgivingar på norsk og eit ganske aktivt diskusjonsforum med cirka 70 innlegg pr dag. Sidene har vore aktive sidan september 2001, dog i ei heilt anna form no enn då, og vi har for tida i gjennomsnitt over 1100 besøk dagleg, fortel Solstrand til Serienett.

Han er sjølvsagt nøgd med at nettsida kjem godt ut.
-Det er jo kjempehyggeleg å sjå at arbeidet ein legg ned blir sett pris på, og vi har absolutt merka trafikkaukingar både gradvis over åra og i krappe bølgar med jamne mellomrom – men at vi var størst, forventa eg ikkje. Kan ikkje gjera anna enn å vera svært takknemlig ovanfor alle dei som faktisk genererer desse besøkstala, seier Solstrand til Serienett.

-Kvifor trur du Andeby Online er den best besøkte norske teikneserienettstaden?
-No er jo trafikkrankinga til Alexa basert på trafikken til den jamne Alexa-brukar, og kor utbredt Alexa er her i landet er eg ikkje sikker på, så for norske sider bør ein kanskje ta desse tala med ei trillebår salt, men … hovudgrunnen til at vi har så mange besøk, er at vi har ein aktiv diskusjonsarena busett av ivrige donaldistar som engasjerer til deltaking – i staden for å levere ein einvegs informasjonsstraum byggjar vi eit samfunn der brukaren både kan dele sine meiningar og dessutan få svar på det aller meste. I tillegg gir den same nettsida oppdaterte nyhende om kva som skjer i Andeby – eit ganske smalt tema veldig få skriver om, iallfall jamnleg oppdatert og på norsk – og med jamne mellomrom prøver vi dessutan å få gjennomført små arrangementer som i tillegg til å skape god stemning skaffer oss litt mediaomtale (i desember arrangerte vi til dømes eit NM i Donald på nett, som varte i 24 dager og hadde 124 deltakarar totalt), noko som sjølvsagt heller ikkje er negativt for besøkstala våre. Men hovudgrunnen er nok at vi (og med «vi» meiner eg i hovudsak alle medlemene våre, det er vel eit par-tre hundre aktive, vil eg tru) har klart å skape eit interaktivt samfunn som samler folk frå heile landet, der det nesten alltid skjer noko der er verdt å følgja med på, der ein kan spørja om kva som helst som har med Donald å gjera, der ein kan lufte sine meiningar om kva som helst som har med Donald å gjera, og berre vite at ein er omgitt av menneske som har ei interesse felles. Vi har altså så mange besøk fordi dei som besøker oss er så koselege folk at dei gjer så godt dei kan for å trivast i kvarandres selskap, og sidene tilretteleggjer for dette, seier Solstrand avslutningsvis.

TEIKNESERIENOREG TOPP 25 (per 22. april 2006)
Talet i parantes syner rangeringa til nettstaden på verdsstatistikken til Alexa. Statistikken gjeld dei siste tre månadene.

1. Andeby Online (51,300)
2. Donald Duck (123,051)
3. AnimeNord (196,025)
4. tegneserier.no (285,583)
5. Avalon (640,442)
6. Schibsted Forlagene (648,464)
7. pondus.net (770,341)
8. Egmont-konsernet (829,946)
9. Seriehuset (925,653)
10. fantomet.org (1,226,946)
11. Superhelter i Norge (1,447,248)
12. Hyperion (1,554,774)
13. tegneserie.info (1,756,233)
14. Westwind forlag (1,936,068)
15. Outland (2,683,414)
16. Pia Zawa (2,701,675)
17. Jippi Comics (2,726,658)
18. Seriefokus (2,943,327)
19. tegneserier.org (3,609,974)
20. Serienett (3,787,868)
21. Baddis (3,982,185)
22. Thule forlag (3,934,218)
23. Torbjørns tegneserieguide (4,973,933)
24. fantomet.no (5,939,367)
25. Tegneseriefestivalen Raptus (6,337,340)

NB: Alexa har ikkje data på Tegneseriemuseet i Norge, kollektivet.no, Tegneserieforeningen i Bergen, 123tegneserier.com, Donaldist.net, No Comprendo Press, Pokus forlag, Tegn Online, Notem forlag og ei rekkje andre norskspråklege teikneserienettstader. Send gjerne e-post til Serienett om du saknar ein nettstad i Topp 25.

PS: Takk til Seriejournalen, der Serienett fekk idéen til denne saka. Det danske internett-tidsskriftet har ved fleire høve teke temperaturen på “Det digitale Tegneserie-Danmark”. Sjå til dømes her:
http://www.seriejournalen.dk/sj_indhold.asp?ID=1145&Art=Artikel&sprog==

Les meir om Alexa her:
http://pages.alexa.com/prod_serv/traffic_learn_more.html

divider
  1. Ut i fra egne tall på en håndfull siter kan jeg bare konstatere at Alexa er “helt på jordet” og vel sikkert bare fungerer som et slags eget maskineri for hva de nå enn tjener penger på.


    Jon Løvstad    22. April 2006, 22:09    #
  2. Poenget med Alexa-problematikken er at dei er nøydt til å ta tala frå ein eller annan stad. Den staden dei veljar å hente desse tala frå, er Alexa Toolbar … som berre er tilgjengeleg for Windows/MSIE, og som eigentleg ikkje har så mykje anna formål enn å loggføre og innrapportere all trafikken din til Alexa (og ein popupstoppar, men det har jo alle verktyliner), og som ein difor ikkje har så veldig gode grunnar for å installere, eigentleg. Så «heilt på jordet» er ei ganske passeleg skildring, og det overrasker meg eigentleg at norske nettsider kjem over millionrangeringa i det heile tatt. Ein får vite ganske nøyaktig korleis ein ligger an blant Alexa-brukarane, men er dei ei representativ gruppe? Sjølvsagt ikkje.


    Olaf Solstrand    23. April 2006, 00:39    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)