AN, AUF, ÜBER, UNTER - ZOMBIAR OVERALT (16.07.12 )
For 663 år sidan gav Bergen oss Svartedauden. No gir dei oss zombiar.
Bergensforlaget ÛberPRESS har kome på bana med ein lekkert utforma antologi full av korte spenningshistorier. Eg har kjend redaktøren, Are Edvardsen, sidan han dreiv Dragefjellet forlag på 90-talet og vi stressa rundt som frivillige på Raptus saman i dei hine dagar, og det kjem ikkje som noko overrasking at det er lengre genrehistorier (i motsetnad til humoristiske stripe-seriar) som ligg hjartet hans nærast.
Bidragsytarane er mellom anna «kjende» namn frå nettserier.no og diverse vestlandske seriemiljø, og nokon er kjende frå bi-seriar i diverse humor-blad frå dei store forlaga.
Historiene her spenner frå intelligent og skarp parodi (Jorunn Hanto Haugse sin Zombifiserte Twilight parodi «Dielight» til Johann Grimstvedt sin blodige og kvalme-framkallande «Geir Onimo» som synast å vere inspirert av kjelder som «Rocco» sin russe-pike-porno, Dario Argentos blod-og-gørr filmstil og Geir Moen sin Bisley-inspirerte teiknestil (I film-kontekst er dette ikkje berre på nivå med ei 18-års grense, dette er slikt som ein berre ser på zombiekveld på Filmklubb) . Begge delar appellerer nok til Zombie-fans, men der er kanskje ikkje så mange som likar begge delar.
Innimellom har ein slike ting som den tørrvittige pirater-mot-zombier historia «Wayne Moon» av Kristoffer Lindseth, som er nydeleg teikna i ein stil ein særs profesjonell stil. Viss han no berre klarar å tilpasse fargane til trykk (ein 20-30 % reduksjon i intensitet bør halde) slik at dei ikkje vert så mørke og grumsete som her.
Eirik Andreas Vik sin «Fedag den 13nde» er herlig absurd og naiv, som ein kan forvente av Vik, med ein strålande forklaring på kva som utløyser Zombieangrepet.
Seriereiret frå Volda kjem med ein Zombifisert Ivar Aasen i rap-duell med SideBrok (som jo har vore behørig omtalt i media). Ein genial ide, om enn litt haltande gjennomført. Likevel, underhaldande er det.
Totalt er det 11 historier her, samt ein introduksjon av forlaget og dei miljøa/bidragsytarane som er med i dette heftet (og så vidt eg skjøner framtidige tema-baserte hefte frå forlaget).
Dei aller fleste historiene er ikkje verre (i forhold til sex,vald og gørr) enn at dei kunne ha fått innpass i seriehefte som Eon, Kollektivet, Nemi etc. men ein serie som «Geir Onimo» gjer at varselet om at dette heftet ikkje er for barn er absolutt påkravd. Slik sett så står det respekt av at forlaget ikkje valde å køyre safe men istaden valde å gå for «seriar for vaksne» stempelet, sjølv om det avgrensar kundebasen.
Totalt sett er dette ei god pakke. Eit par veldig gode seriar, dei fleste har vel ein del manglar, både på manus og teikningar som gjer at dei kjem ut rundt middels, men det var ingenting som var heilt på trynet. Dette er kompetente, talentfulle serieskaparar som vi sikkert kjem til å sjå mykje bra frå i framtida.
For min del så vil eg anbefale heftet basert på seriane til Jorunn Hanto Haugse og Eirik Andreas Vik. Dei resterande historiene er ein solid bonus. Men ver klar over at det er ein del variasjon her slik at ikkje alt er garantert å falle i smak, og at dette ikkje er eit hefte for barn, sjølv om dei fleste av seriane ikkje krev meir enn ei 11-års grense.
ÜberZombie
Are Edvardsen (redaktør) + Diverse bidragsytarar
ISBN 978-82-9325-4003
76 sider
100 kroner
ÜberPRESS forlag
FANTOMET NETTOPP NÅ <- Eldre | Nyere -> KRIMPODKAST FRA BERGEN