Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

EIN SLUTT PÅ ALL KRIG (13.11.12 )

Vi kastar eit somber blikk på Tardis klassiske bok om 1. verdskrig.

Av: Knut Robert Knutsen

Allereie på 80-talet, då eg først løfta blikket frå Donald, Fantomet og Superserien for å orientere meg om alt anna som fantes av serier «der ute», gjekk det gjetord om Tardis historier om livet i dei franske skyttergravane under 1st Verdskrigen.

Fullført i 1993 står denne boka framleis som ein av dei største, mest vaksne, seriane i Europeisk teikneseriehistorie, og no endeleg på norsk.

Tardi seier i si innleiing: «Det som har opptatt meg er enkeltmennesket – uavhengig av hudfarge og nasjonalitet – viss liv ikke har noen verdi. Enkeltmennesket som blir brukt og kastet av sine overordnede. Denne banale observasjonen har same gyldighet i dag.»

Men trass i at emnet så lett kan bli banalt, (og ofte er det i dei mange film og TV-seriane produsert om emnet) så er det langt frå banalt i Tardis strek.

Boka er ei samling korthistorier om krig, med saumlaus overgang, der ein får sjå krigens dårskap gjennom auga til kynikarar, idealistar, redde unge menn og trufaste slitarar. Framfor alt er denne boka ei krass anklage mot dei som sender unge menn ut i formålslause krigar og finn det lett å «ofre» dei på slagmarka.

Her har ein den kyniske Binet, som hatar og mistrur alt og alle, typografen Lafont som lot seg rive med av entusiasmen rundt den generelle mobiliseringsordren (innkallinga av alle stridsyktige menn til militærteneste).

Her har ein Jean Desbois og det 3. kompani, som vert ofra av sine overordna som straff for at dei trekte seg attende når framrykking var umogeleg. Og dei parallelle historiane om Pierre Boeuvreuil som døyr surra inn i piggtråd på slagmarka, og kona Edith som ventar på han i Paris.

Sterke emosjonelle og kompakte historier om kor jævlig krig er. Utført med sikker strek og klar empati.

Haldt i svart-kvitt, med nydelege gråtoneraster, sit ein att med kjensla av ein teikneserie rissa ut på ein bakgrunn av gjørme, tungsinn og ein mangel på moralsk klårheit.

Dette er ein historie utan heltar, berre offer.

Og det er òg ei leseoppleving for livet. Årets beste utgivelse, utan tvil.

Skyttergravskrigen
Av: Jacques Tardi
ISBN 9788292796191
132 sider
249 kroner
Minuskel Forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)