Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KVELDEN FØR RAPTUS (17.09.13 )

Vi treng ein ukentlig podkast om teikneseriar, seier Are Edvardsen. Raptusfestival 2013 vart innleia med eit nytt Serietreff.

Av: Trond Sätre

Dette var Serietreff nummer 23 i rekka. Igjen var det Kristian Hellesund som leia paneldebatten, og igjen fann den stad i Bergen, nærare bestemt på BarBarista. Hovudgjestene var serieteiknar Eirik Andreas Vik og Überpress-forleggar Are Edvardsen. Til stade i salen var også Kim Holm, for å komme med innspel på kveldens første hovudtema, podkasten «Teikneseriehovudstaden» (Ths). Saman med Fredrik Rysjedal har Eirik og Kim laga denne podkasten regelmessig sidan mai i år. Tittelen spelar på at Kristian Hellesund foreslo Bergen som «Norges tegneseriehovedstad» i samband med det første Serietreff februar 2011. At namnet er på nynorsk er et smutthol; ved å marknadsføre seg med et meir «distriktsprega» namn, slepp ein å rettferdiggjere namnet ovanfor seriemiljøet i Oslo. Deltakarane sit ofte på kvar sin kant av landet, eller i alle fall kvar sin kant av Bergen, når dei spelar inn ein ny episode.

Grunnen (eller i alle fall ein av grunnane) til at Ths blei gjort til tema nettopp på dette serietreffet, er at podkasten hadde si første liveinnspeling på Raptusfestivalen påfølgande laurdag. Lene Ask og Øystein Runde blei bekrefta som gjester. Dessverre var ikkje Fredrik Rysjedal til stades på verken Serietreff eller Raptus, fordi han var på «heisatur» til New York. I samband med dette drøfta panelet også så vidt New York si rolle som internasjonal «teiknseriehovudstad» saman med Tokyo og Paris.

Som så mange andre podkastar handlar ikkje Ths berre om det som er offisielt tema. Trioen tek for seg alt dei er interesserte i, og ved sida av teiknseriar er det særleg videospel og film. Og nettdating, som bygdeguten Eirik visstnok har drive ein del med, og snakkar ein del om. Han seier likevel at han ikkje føler seg komfortabel med å utlevere seg sjølv på den måten. I ein nyleg sending blei mykje tid brukt på å prate om spelversjonen av «Ducktales», og i den samband fann panelet det nødvendig å presisere – for dette hadde dei visst fått spørsmål om – at «Ducktales» ikkje er skrive av Carl Barks. Det er inspirert av Carl Barks.

Kveldens andre tema var naturleg nok Überpress, ettersom Are lanserer eit nytt album frå forlaget – Überhorror – på Raptus i år. Så langt har forlaget kome med fire slike antologiar (dei føregåande var –zombie, -maritim og –viking) pluss enkeltutgjevnaden Geir Onimo. Planen er å ha to antologiutgjevnader i året, ein til OCX og ein til Raptus. Eirik skulle gjerne bidra til alle utgåvene, men har ikkje hatt like god tid i det siste. Uansett så har Are store planar for antologiserien; han vil prøve å marknadsføre den rundt om i Skandinavia, og har eit stort utval med stikkord som han kan utvikle nye antologiar frå.

Lars Schwed Nygård var kveldens første overraskingsgjest, og han var i Bergen for å skape litt blest om «Ontonautene», et nettserieprosjekt som endelig begynner å ta av. Konseptet er at alt som nokon nokon gong har førestilt seg, er sant, i ei eller annan verkelegdom. Ontonautene er dei som reiser mellom verkelegdommane. Så langt er to historiar lagt ut på nettet, til god mottaking frå mellom anna Walter Wehus og Mark Waid. Ein liten papirpublikasjon kan det bli, men Ontonautene vil halde seg til det digitale formatet så mykje som muleg. Ved sida av sjølve konseptet er hovudpoenget med Ontonautene at det er ein delt lisens, og alle som er interessert og har idear, kan få ein sjanse til å bidra.

Neste punkt på kveldens program var programmet til Raptusfestivalen. Ettersom festivalen er overstått innan denne artikkelen blir lagt ut, skal underteiknande ikkje gå for mykje i detalj. Men denne torsdagen var kvelden då det blei offisielt kunngjort at eit av Egmonts nye julehefter av året (eitt som også ble grundig presentert på Raptus) var – Stompa. Dette blei møtt med vise betenkelegheiter frå panelet .»Er det ikkje 40 år for seint?», spurte Are, lett forbausa.

Kvelden blei avslutta med to ekstra gjester som fekk gjere kvar sin presentasjon. Russiske Anna Voronkova var kome til Bergen for å styrke sambandet mellom norsk og russisk teikneseriebransje. Sistnemnte har for øvrig alltid slitt litt i motvind. I det gamle Sovjet blei animasjon sett på som kunst, mens teikneseriar blei sett på som propaganda. Konstantin Komardin, som var gjest på raptus i fjor, er ein pioner. Han var også med på å opprette festivalen i Moskva, som Anna også representerer, og som hadde besøk av ein norsk delegasjon i vår. Ho elskar striper og teikneserieromanar, og etter Serietreff brukt ho då også mykje tid på å leite fram norske eksempel på nettet.

Endå ein gjest blei det tid til, etter at programmet var formelt avslutta. Ann-Kristin Opdal Olsen er leiar for Krusedull teikneseriefestival, som i år blir arrangert i midten av oktober. Av til dels praktiske årsakar (transportproblem) kjem festivalen ikkje til å handle berre om teikneseriar, men for eksempel også om film. For ambisjonane er store: «Til eg blir gamal og grå og dør skal det vere Krusedull», seier ho, og vil at festivalen skal utvikle seg til å bli «det kuleste som skjer på nordkalotten.»

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)