THOR : THE DARK WORLD 3D ( 4.11.13 )
T(h)or er ute med hamaren sin att.

Eit torevêr for fram som eit vardøger over Nord-Europa i dagane før premiera på den nye Thor-filmen frå Marvel, saman med høge forventningar: Kunne oppfølgjaren leve opp til ikkje berre den første Thor-filmen men Lokes bravura-førestilling i Avengers?
Ramma for filmen er at Bor, far til Odin (Anthony Hopkins) , knuste Malekith (Christopher Eccleston) sin hær av svartalvar for fleire tusen år sidan. Dei var ute etter å øydeleggje alt liv i dei ni verder, og var nær på å gjere det med sitt hemmelege våpen: «Eteren», før æsene vann og Malekith ofra folket sitt for å kunne sleppe unna sjølv.
Deretter nøstar filmen opp trådane frå dei tidlegare filmane, Loke (Tom Hiddleston) kjem til Åsgard i lenkjer, Thor (Chris Hemsworth) reiser rundt i dei ni verdene saman med Siv og Dei Tre Krigarane (Hogun, Fandral og Volstagg) og får bukt med problem der.
Jane Foster (Natalie Portman), Thor sin tidlegare kjæraste, held på med diverse forskningsarbeid samstundes som ho prøver å date igjen, då ho ikkje har sett Thor på to år. Vi møter òg att Darcy og Erik Selvig frå første filmen.
Men så byrjar det å skje merkelege ting, Thor føler seg kalla attende til jorda for å redde Jane og tek ho med til Åsgard.
Det er då helvete bryt laus og Malekith går til angrep.
Filmen prøver, og klarer på ein utmerka måte, å bringe oss inn i historia utan å gå attende over «kjend grunn» frå dei tidlegare filmane, men klarar likevel kjapt å etablere både karakterane og forholda mellom dei.
Slik unngår den ein god del av den forklarande dialogen og oppbygginga av bakgrunnen som var så naudsynt i første filmen, og kan konsentrere seg om solid action og interessante karakterscener. Med ein Thor som har kreftene sine gjennom heile filmen, ein meir formidabel fiende og eit mykje tettare spel på konflikten mellom Thor og Loke er dette ein mykje meir episk og intenst underhaldande film enn den føregåande, og med ein mykje breiare og meir fargerik framstilling av Thor-teikneserien sitt miljø og rollegalleri.
Tom Hiddleston har tidlegare imponert mykje med si rolle som Loke, og klarar å tilføre karakteren endå fleire nyansar i denne filmen. Samspelet med Hemsworth er òg styrka, og dei har ei eiga rutine gåande som styrkar søskenrivaliseringa mellom dei, noko som igjen let oss sjå ei djupare side ved Thor.
Når så konflikten til slutt ender på jorda, utkjemper Thor og Malekith ein siste kamp på tvers av fleire verder i eit enormt og kaotisk, men medrivande slutt-tablå.
Filmen er spesielt vellukka på tre områder: Den har fabelaktige action-tablå; den har solide og saftige karakterscener som utviklar karakterane raskt og gjer dei interessante for oss; den er morosam og engasjerande. Ikkje slik at vi vert invitert til å le av konseptet, men historia vert fortald med slikt vidd at vi vert villige til å akseptere dei meir bombastiske elementa ved Åsgard og Æsene. Slik sett så har den studert brukarmanualen til Iron Man–filmane.
Absolutt å anbefale. No såg eg den i 3D, og det var ganske velgjort der, men eg trur ikkje den tapar seg viss ein ser den i 2D.
Elles er der som vanleg «stingers», dvs. scenar som kjem etter at filmen eigentleg er slutt. Den første, og mest interessante, kjem rett etter oppramsinga av dei leiande skodespelarane over ein grafisk bakgrunn (ganske raskt, altså) og viser ein kjend , men sjeldan brukt, gamal Marvel-figur. Eit interessant hint om kvar historia går vidare, for dei som har litt oversikt over Marvel-universet. Deretter ei scene heilt på slutten av rulleteksten som er kjekk å få med seg.
Thor: The Dark World 3D
Regi: Alan Taylor
Medverkande: Chris Hemsworth, Natalie Portman, Tom Hiddleston, Anthony Hopkins og Christopher Eccleston
Manus : Christopher L. Yost, Christopher Markus, Stephen McFeely, Don Payne og Robert Rodat
Basert på karakterer skapt av Stan Lee, Larry Lieber, Jack Kirby og Walt Simonson
120 Min
Marvel Studios

GAMLE JAKTER OM IGJEN <- Eldre | Nyere -> MED GENERATOR TIL PRAHA




