Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

UBER SYFY - EIN ANTOLOGI (24.09.14 )

Sci-fi er det vel, men kanskje ikkje heilt hardcore sci-fi.

Av: Knut Robert Knutsen
Uber Syfy

Überpress har dei siste åra gjeve ut ein del særs gode antologiar med genreseriar produsert av talentfulle og spanande serieskaparar. Det som mest av alt gjer dei gode er at der er ein redaksjonell heilskap over dei, ein tydeleg entusiasme for det ein held på med, og at ein har satsa på stramme tøyler slik at ein sikrar at det handverksmessige er på stell.

Kvaliteten på dei individuelle historiane har alltid vore variabel, nokon litt vel ambisiøse som får totalt skivebom, og på nokon synast som om forfattaren eller teiknaren ikkje har vore så interessert i genren. Men totalt sett så vil der alltid vere noko som er verd å få med seg.

Slik sett så skiljer Über Sci-fi seg ikkje veldig ut frå dei tidlegare albuma. Eg vil påstå at Über Western, den førre utgivinga, var hakket betre som heilskap, men det er ingen av historiane der som er like gjennomført i sin genre som den første historia i dette albumet, «#Hashtag» av Åge Peterson, ei historie om eit romskip som skal utforske ein døyande planet.

Tematisk får eg (innan ei norsk referanseramme) assosiasjonar til «Kodok’s Run» av Martin Ernstsen (sjølv om illustrasjonane er meir nøytrale her) og til klassisk Bing og Bringsværd. Det er ein sentral «gag» her om kor folkeblind ein vert av å drive på med sosiale media, og den bærer handlinga for det meste av serien. Kanskje litt vel lang og litt vel enkel – Både Disney sine kortfilmar og Harvey Kurtzmans Mad har køyrd denne vitsen tidlegare, med betre punktlanding. Enkelte av vriane verka litt tvungne, men ikkje meir enn ein kan forvente av korthistoriar. Den er uansett den mest dramaturgisk solide og mest hardcore av sci-fi-fortellingane i heftet.

Elles lir mange av historiane av mosegrodde sci-fiklisjear utan ein forløysande vri på korleis dei vert nytta. Hos nokon kjem ikkje poenget med historia klart nok fram; eit par stykker køyrer i fransk metafysisk stil der ein køyrer på med kule konsept og fin-fine teikningar og filosofisk kaudervelsk (Ja, Tor Christian Engdal, eg snakkar om «Deus Expo») som gir eit kraftig estetisk kick men framstår som litt tomme kaloriar.

Ellen Bergheim har ein nydeleg, meditativ serie i ein stil som er heilt ny for meg (totalt motsett av det eg har sett ho gjere tidlegare), men eg himla med augene som ei trettenårig jente med ADHD av slutten som er blant dei aller eldste sci-fi klisjeane. Hennar vri var OK, men om eg aldri ser dette premisset opp att, så er det greit for meg.

Johanne Eikå Bergill sin «Snømørker» hadde flotte, levande fargar (kanskje litt malplassert her) og figurane hadde klare emosjonelle uttrykk, men eit lite feilskjær på midten gjorde at historia for meg mista truverdet og slutten … eg vil ikkje spolere den, men viss du ikkje kjenner den klisjeen att så har du ikkje vore mykje i kontakt med sci-fi.

Lars Nygård og Pål Roska sin «Tallaksen i Ufo-knipe» såg mest ut som ein blanding mellom ein japansk «body-dysmorphia» hentai og ein Johnny Ryan-serie. Ikkje heilt min stil, men del av ein interessant pakke. Kanskje den mest uforutsigbare av desse, litt fandenivoldsk og provoserande og eg er berre glad dei ikkje tok den for langt.

Ja, og så er Geir Onimo av Johann Grimstvedt sjølvsagt attende i ein framtidssaga om skjebne, hemn og å finne bra damer. Det synast som om han «channneler» Ida Neverdahl i eit par design og teikningar her, det sette meg ut litt, at det med eitt er ho som inspirerer og påverkar eldre serieskaparar. Historia er rå og absurd som vanleg, og han har jo alltid naturleg vore eit pulp sci-fi konsept.

No vil eg ikkje at de skal sitje att med inntrykket at dette var eit dårleg hefte og et eg hata det. Eg opplevde det berre slik at enkelte konsept ikkje var godt nok bearbeida for meg som gamal sci-fi-fan og at ein kanskje tok litt lettvint på storyen fordi ein kunne bruke sci-fikonseptet som deus ex machina. For meg så vart det meste av dette like mykje «sci-fi» som den omdøpte Syfy channel.

Om de har likt tidlegare Über-album så kan de trygt kjøpe dette, viss de diggar rå humor og pene teikningar så kjøp det, sjølv om de, som meg er sci-fi-snobb så kjøp det; ikkje alt fungerer men ambisjonane er sjarmerande høge.

Terningkast: (confused monkey)

Über Sci-Fi
Manus og teikningar av diverse
100 sider
150 Kroner
ISBN: 978-82-93254-09-6
Überpress

divider
  1. Når kommer Überwestern anmeldelse?


    James    29. September 2014, 23:49    #
  2. Forhåpentligvis neste helg. Litt hektisk siste veka før haustferien.


    Knut Robert Knutsen    30. September 2014, 05:11    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)