Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SVERDET MOT PENNEN ( 7.01.15 )

Kva er Charlie Hebdo, og kvifor vart det eit offer for islamsk terrorisme?

Av: Trond Sätre

CH er eit satirisk fransk vekemagasin med artiklar, karikaturteikningar og teikneseriar, litt i stil med MAD. Bladet reknar seg sjølv som venstrevridd, og har ei lang tradisjon for å gjere narr av organisert religion, både islam, jødedom, kristendom generelt og den katolske kyrkja spesielt.

Alt tyder på at angrepa kom fordi CH framstilte profeten Muhammed i vitseteikningar og teikneseriar. Med andre ord var dette eit angrep på retten til å ytre seg i teiknings form. Reaksjonane frå andre politiske teiknarar og serieteiknarar har då heller ikkje latt vente på seg.

Charlie Hebdo var avleggaren til vittigheitsbladet Hara-Kiri, og har vore utgjeve i to omgangar: frå 1969 til 1981, og deretter frå 1992 fram til i dag. Men bråket begynte for alvor på same tidspunkt som resten av karikaturbråket begynte: I 2006 trykka bladet dei mykje omtala Muhammed-karikaturane til Jyllandsposten som ei sympatierklæring, og plussa på med nokre eigne karikaturar. Dette førte til at bladet fekk eit mislykka søksmål mot seg.


Stéphane Charbonnier med eit eksemplar av utgåva der Muhammed er avbilda naken

I november 2011 vart redaksjonens lokaler i Paris utsett for eit bombeangrep, like etter at bladet hadde annonsert ei ny utgåve med ein karikatur av profeten Muhammed på forsida, og same profet kreditert som «sjefsredaktør». I september året etter leverte bladet nye Muhammed-karikaturar, inkludert nakenteikningar. Denne episoden førte til at Frankrike auka sikkerheitshaldet rundt både ambassadar, konsulater, kultursentra og internasjonale skular i 20 muslimske land. Her bør det leggast til at det omtalte bladet kom omtrent samstundes med den kontroversielle filmen om Muhammed, «Innocence of Muslims», som bidrog til uroen. Endeleg i 2013 utkom CH også med teikneseriespesialen «La vie de Mahomet» (Muhammeds Liv), ein biografisk teikneserie om profetens liv og virke.

Terroraksjonen tok tolv menneskeliv. Av desse var fire personar karikatur-og serieteiknarar:

Stéphane Charbonnier (alias «Charb», f. 1967) var sjefsredaktør for CH og medverka til «La vie de Mahomet». Han sto på Al-Qaidas dødsliste, og måtte leve med politibeskyttelse.

Georges David Wolinski (f. 1934) var sjefsredaktør for CH gjennom det meste av bladets første periode, og teikna også for Hara-Kiri før det. Hans mest kjente verk er den erotiske teikneserien «Paulette», som han laga saman med Georges Pichard på 70-og 80-talet.


Zep (Titeuf) har teikna dei fire drepte teiknarane som stig opp til himmelen. Gud (eller St. Peter) er forbausa over å se Cabu tidleg ute for ein gongs skuld (utsnitt)

Jean Cabut (alias «Cabu», f. 1938) var ein av Hara-Kiri sine grunnleggarar og ein produktiv serieskapar frå andre halvdelen av 60-tallet og utover. Hans mest kjente figurar er studenten Le grand Duduche og den franske Stutum-erketypen Mon Beauf.

Bernard Verlhac (alias «Tignous, f. 1957) var først og fremst kjent for teikningane sine i CH, men var ein erfaren teiknar også før den tid, og ga ut fleire album på 00-talet.

Philippe Honoré (f. 1941) var først og fremst ein anerkjent avisteiknar, aktiv sidan 80-talet, men utga dessutan teikneseriealbumet “Ouvert le jour et la nuit” (Opent dag og natt). Ein av hans siste karikaturar var av IS-leiar og “kalif” Abu Bakr al Bagdhadi.

Tankane våre går i dag til desse fem, og til dei andre ofra for dette meiningslause angrepet på ein grunnleggande friheit.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)