Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

FØR MØRKETIDA (24.09.15 )

Med lanseringa av «JensK Seson 1» avsluttar Jens K. Styve ein travel sesong som serieskapar. Men har kjem attende til våren.

Av: Trond Sätre

Jens K. Styve slutta som teikneserieskapar i 2003 (med «Torsken Bel-Air», teikna av Øyvind Lauvdahl), og konsentrerte seg om å skrive prosalitteratur. Først noveller, etter kvart romanar; «Eg, Ove Kvamme» (Cappelen Damm, 2007) og «Friedland» (Samlaget, 2013). Våren 2014, kort tid etter lanseringa av Friedland, gjekk han over til 50 % stilling i dagjobben for å skrive ein ny roman. Det var då han oppdaga at han følte meir for å teikne enn for å skrive.

Slik begynte et slags comeback for Styve. Høsten samme år kom tegneserieboka «Kina Town» , igjen teikna av Øyvind Lauvdahl, rett nok basert på eit manus som Styve hadde skrive ti år tidlegare. For å sikre seg eit betalande publikum oppretta han ein Patreon-konto der «patrons» (dvs. mesener, eller ganske enkelt lesarar) kunne betale inn eit fast månadleg beløp, og til gjengjeld få tilsendt små seriehefter i posten med jamne mellomrom. Han innrømmer at det ikkje var mykje profitt i ideen, særleg ikkje når han også forplikta seg til sende hefter til lesarar utanlands (hefta er på engelsk), og opplaget var på rundt 100 eksemplar.

Så han omsette seriane tilbake til norsk, og samla dei i ei bok som i desse dagar er aktuell frå Jippi forlag. Opningshistoria “Sverigetur” sto først på trykk i Forresten 28, og seriane kjem ellers frå Patereon-publikasjonane, fortel han. Berre historia Home, som han laga til OCX sin 24H Challenge i 2014, er ikkje tidlegare utgjeve.

Hovudpersonen i dei nye seriane er Styves eigen forfattar-avatar, den frustrerte og hardt prøva mannen med den spisse papirhatten. Men hans mest kjente figur frå før av er den sosialt klossete studenten Finn. Har Styve sagt alt han ville seie med denne figuren, eller kan det hende at Finn gjer eit comeback, spør eg. Eg får av og til førespurnad om Finn, fortel han, og det er mogeleg at han kjem attende viss han snakkar til meg. Ein dag dukkar han kanskje opp mens eg sit og teiknar.

Styve hadde akkurat tid til å lansere «JensK Sesong 1» på Raptus teikneseriefestival før han skulle til å slutte med teikneseriar for sesongen. Han bur i Tromsø, og mørketida tek vekk noko av teiknegleda. Så frå oktober til mars konsentrerer han seg om å skrive. Rett nok får han eit avbrekk frå haustmørkret; Samlaget let han få bruke deira forfattarbolig i Roma i oktober, i to veker. Men det blir nok bare skriving då også, legger han til.

Men med berre eit halvt år med teikning i året, er det sannsynleg at det kjem ein «JensK Sesong 2 « om ca. eit år? – Ja, svarer Styve sjølvsikkert, eg har allereie teikna ferdig 70 sider med materiale til neste bok.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)