Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

EG VIL HA MOBILTELEFONEN MIN! (27.09.15 )

Lær meir om Jens K. Styves gleder og frustrasjonar frå dei siste to åra. Ikkje minst gleda og frustrasjonen ved å lage seriehefte på 24 timar.

Av: Trond Sätre

Serienett har to gonger tidlegare, berre i løpet av drøyt ei veke, vore inne på kvifor Jens K. Styve ga seg som serieskapar, og kvifor han er attende nå. Så eg skal berre kort oppsummere: JensK Sesong 1 er ei samling med seriar Styve har laga sidan vinteren/våren 2014. Dei fleste er tidlegare berre sendt ut til trufaste (og betalande) Patreon-følgarar, men «Sverigetur» har vore på trykk i Forresten 28, og serien «Home» vart berre seld på OCX 2014.

Ved sida av «Sverigetur» er boka i fem delar. To av dei er hovudsakleg i stripeformat og består av små humoristiske episodar med vagt sjølvbiografiske trekk, og forsøk på raude tråder. Dei andre tre er meir tett samanhengande historier, fortalt med større ruter og mindre dialog. Alle desse er opprinneleg laga til Oslo 24H Challenge, eller inspirert av prosjektet. Den eine av dei, «Cabin Fever» vart nemleg påbegynt for at Styve ville øve seg på 24H Challenge.

24H-historiene først. Desse er meir umiddelbare og intense, naturleg nok med tanke på kva omstende dei vart laga under. To av dei, «Cabin Fever» og «Camera Obscura», har omtrent det same plottet: Døden møter ein mann, dei tilbringer litt tid saman før mannen godtek kva som er hans skjebne. Variasjon over tema. Det er vanskeleg å bruke den personifiserte døden i ein historie utan at symbolikken blir banal, noko som også er tilfelle her. Styve reddar seg inn takka være presentasjonen; her kan det verke som han har lært litt frå Jason om korleis ein bygger opp ei historie utan (eller med få) ord; ved å skape ei nervøs stemning og lette på denne med småmorosame detaljer. Den tredje 24H-historien er ei rein actionforteljing, igjen nesten utan ord. Denne er det som lukkast best reint visuelt, etter mi meining, takka være grov og kraftig strek, bruk av nærbilete og ein godt koreografert biljakt.

Så er det stripene. Eg kallar dei det sjølv om ikkje alle nødvendigvis har eit tydeleg poeng. Nokre gonger kan det verke som Styve vil gi oss ein liten forteljing, men har låst seg fast i stripeformatet, med fire ruter i lik størrelse per side. Å oppsummere desse seriane er ikkje like lett som med 24H-historiane. Nokre striper har veldig tydelege poeng, andre er meir underfundige, og krev kanskje litt tankearbeid. Hovudpersonen, mannen med den spisse hatten, representerer Styve sjølv, og stripene gir i stor grad inntrykk av å vere bearbeidingar av serieskaparens angst og frustrasjonar. Forholdet han har til mobiltelefonen verkar spesielt inspirerande.

Styve seier at han fått auka respekt for Knøttene, og har tatt inspirasjon derfrå. Eg ser også ein viss likskap med seriar som Zits og Tommy & Tigern, på den måten at serien spontant kan endre seg til å vise verda slik hovudpersonen ser den. Når nokon prøver å forklare han ting han eigentleg ikkje skjønar bæret av, til dømes, teiknar han seg sjølv som eit romvesen. Her er det nok gode moglegheiter for lesaridentifisering.

Oppbygginga av 24H-historiane til Styve kan vere fascinerande å studere, men stripene hans er det som gir mest, både til underhaldning og ettertanke. På sitt mest inspirerte er Styve ein dyktig humorist med talent for oppfinnsame skråblikk.

JensK, Sesong 1
Av Jens K. Styve
ISBN 978-82-922226-54-4
Ca. 160 sider
250 kr.
Jippi

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)