TEIKNESERIE TIL TV: JESSICA JONES (23.11.15 )
Kven er Jessica Jones? Marvel og Netflix overrasker med ny superhelt-TV-serie.

Marvel har hatt suksess med sine storfilmar sidan dei først tok sjansen på Iron Man og Robert Downey jr for 10 år sidan. Med fleire film-franchiser og eit par TV-serier i eit samla univers så har dei klart å byggje seg opp ei merkevare for action. Som teikneseriane så har dette universet framleis litt meir preg av gutterom og testosteron, trass i enkelte glimt av sterke kvinnelege karakterar som Pepper Potts, Natasha Romanov, Melinda May og Peggy Carter.
Under sin avtale med Netflix så skal Marvel over 5 år produsere minst ein sesong av fire forskjellige seriar, for så å avslutte med ein miniserie der hovudpersonane samlast – Som ein TV-versjon av kombineringa av fleire film-franchiser i Avengers. Jessica Jones er den andre av desse seriane, og den einaste med kvinneleg hovudperson. Den første, Daredevil, er allereie kritikarrost og har fått ein sesong 2.
Jessica Jones var for mange eit merkeleg val av kvinneleg superhelt. Ho er ikkje den fremste av Marvels superheltinner, har gitt opp livet som kostymehelt og er mest kjend for sin eigen serie for vaksne lesarar, ein som lenge var veldig kontroversiell. Ho er på mange måtar klisjeen av den alkoholiserte privatdetektiven med skarp tunge og rotete privatliv.

Det var måten Brian Michael Bendis og Michael Gaydos portretterte ho som gjorde utslaget. Ho vart fletta inn i bakhistoriane til fleire etablerte superheltar, fekk sin eigen nemesis og den sjølvdestruktive åtferda ho viste frå første stund vart etterkvart forståeleg og sympatisk. Serien viste ei lite utforska bakside av superkrefter og alt for vanlege genrekonvensjonar, og problematiserte dei og våre haldningar til dei på ein ukomfortabel måte.
TV-serien har med seg det beste frå teikneserien samstundes som den gir oss mange sterke, nyanserte kvinnelege rollefigurar og brukar superkrefter på ein måte som gir historiane ein djup klangbotn. Dei fleste, men ikkje alle, superhelt-referansane er strippa ut. Jessica Jones (Krysten Ritter) er framleis privatdetektiv med superkrefter, men ho gjekk ikkje lenger i parallell-klassen til Peter Parker (Spider-Man), ho datar ikkje Scott Lang (Ant-Man), og ho tek ikkje oppdrag for advokaten Matt Murdock (Daredevil).
I staden så trekker showrunner Melissa Rosenberg ut Jessica sin sentrale konflikt: det at ho, like i starten på ei forsøksvis karriere som superhelt støyter på superskurken Kilgrave (David Tennant) , som kan få folk til å gjere kva han enn vil. Hans ord er lov. Jessica Jones er i hans makt i månadsvis, ein periode som Kilgrave framstiller som romantisk, men som Jessica opplever som eit år med konstant valdtekt. I David Tennant sin figur så vert Kilgrave ein komplisert men ikkje desto mindre fryktinngytande figur, utan medkjensle, utan vilje til å ta ansvar for sin eigen ondskap, utan sjølv-refleksjon og utan nåde.

TV-serien startar eitt år etter at Jessica kom seg fri. Ho trur Kilgrave er daud når ei sak kjem på kontoret hennar som gjer at ho mistenker at han er i live, attende og har funne eit nytt offer. Med hjelp frå ein hai av ein advokat, Jeri Hogarth (Carrie Ann Moss) og si adoptivsøster, radioverten Trish Walker (Rachael Taylor) prøver Jessica igjennom serien å leite opp Kilgrave, nøytralisere evnene hans og stille han for retten.
Karakteren Luke Cage (Mike Colter), som vil vere hovudpersonen i den tredje Marvel /Netflix-serien, Power Man neste år, er med som ein avgjerande bifigur, ein mann som Jessica i starten spionerer på og som seinare visar seg å ha superkrefter som ho sjølv. Forholdet mellom Jessica og Luke er, som i teikneserien, komplisert og konfliktfylt.

Samstundes så har serien eit leitmotif av makt og avmakt, partnervald, makteslause og traume. Kilgrave etterlater seg ei lang rekke offer fylt av skam, med PTSD, paranoia og frustrasjon.
Serien er actionfylt, men ikkje så “1980-tals actionfilm” orientert som Daredevil. Her får vi i staden ein mykje meir intens og komplisert psykologisk thriller der spørsmål om makt, avmakt og identitet vert behandla på ein subtil og nyansert måte.
Serien handlar i stor grad, både direkte og metaforisk, om å overleve overgrep og komme seg ut av situasjonar der ein opplever ei kjensle av å ikkje ha kontroll over sitt eige liv. Spesielt handlar den om at kvinner ikkje trenger å reddast av menn eller å la menn overstyre deira avgjerder. Frå det perspektivet så har serien ein klar og rå feministisk nerve som kan vere ekstremt ukomfortabel for mannlege sjåarar, men ikkje desto mindre viktig.
Det ville overraske meg stort om ikkje dette er ein serie som vert vurdert som ein sterk kandidat til Emmy-prisar, spesielt for Krysten Ritter og David Tennant sitt arbeid.
Mike Colter si rolle som Luke Cage /Power Man gir meirsmak for hans eigen kommande Netflix-serie. Han vert framstilt som ein sterk, nyansert og moderne versjon av ein karakter som har sitt opphav i noko stereotype «Blaxploitation»-inspirerte teikneseriar på 1970-talet og hans forhold til Jessica er turbulent men truverdig trass i dei ekstreme situasjonane genren plasserer dei i.
Marvel har levert fleire gode TV-serier dei siste åra, og Jessica Jones er den beste så langt, men ikkje gå inn i den med haldninga at dette kjem til å vere lettbeint superhelt-action. Dette er tungt drama, haldt oppe med vidd og svart humor og intensiteten i skodespelet. Netflix sitt sesongformat, der serien vert mindre episodisk og kan dra fordel av at den kan sjåast i eitt som ein 13-timers (eigentelg 10-timars) film, gir serien ein fleksibilitet som let den verkeleg jobbe med den psykologiske valden og dramaet i forholda mellom karakterane, i staden for å legge inn meiningslause actionscener for å halde på sjåarane.
Der er action, mykje av den, men der er meining i den, kvar action-scene gir gjenklang vidare i serien og tener fleire formål enn berre ei mellombels adrenalin-innsprøyting.
Eg anbefalar den absolutt, og spesielt for dei som ynskjer å sjå sterke kvinnelege karakterar med alle dei nyansane og den individualiteten som så ofte vert reservert for mannlege karakterar.
Men ver advart, serien oppfyller ikkje «den reverserte Bechdel-testen». Der er ingen scener her med to menn som snakkar om noko anna enn kvinner.
Jessica Jones Sesong 1 – episode 1 til 13
Basert på teikneserien «Alias» av Brian Michael Bendis og Michael Gaydos
Regi: Melissa Rosenberg
Med: Krysten Ritter (Jessica Jones), Rachael Taylor (Trish Walker), David Tennant (Kilgrave), Carrie-Anne Moss (Jeri Hogarth) Eka Darville (Malcolm Ducasse), Mike Colter (Luke Cage)
Marvel Television / ABC / Netflix

INTERESSANTE FORVANDLINGER? <- Eldre | Nyere -> GODT OG BLANDET




