Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

EIN INTERNASJONAL SCENE (19.12.15 )

Forresten 29 er verdt å studere, delvis for sin eigen skuld, delvis fordi den fortel mykje om det norske teikneseriemiljøet i dag, men like mykje på grunn av det den kan fortelje om framtida.

Av: Trond Sätre

For tredje året på rad kjem Forresten ut som bok, i praksis ei årbok. Som vanleg er det snakk om bidrag frå ei rekke serieskaparar busett i Norge – Eg formulerer det slik, for den scenen som Jippi her har stilt til rådigheit har ei sterkt internasjonalt preg.

Nokre av serieskaparane har gjort seg bemerka på eiga hand i år (eller tidlegare), nokre som framleis prøver å få eit gjennombrot, og nokre debutantar. Til saman er det 25 bidragsytarar involvert. Eg vil fokusere på dei mest interessante, det er mange nok berre av dei. Som Jippi sjølv seier i pressemeldinga, det er i formatets natur at uttrykket er sprikande.

Omslaget gir likevel Forresten 29 ei meir umedelbar heilskapskjensle enn dei to føregåande Forresten-bøkene. Det er ved Sharmila Banerjee, ein tysk teiknar busett i Oslo, og ho har valt eit surrealistisk motiv som famnar meir av innhaldet i antologien. Designet, med samanhengande sølvtrykk over heile permen, gjer det heile ganske lekkert. Banerjee bidreg også med ein av dei beste seriane i boka, både narrativt og visuelt: «Villmarken» er ein estetisk tiltalande serie om ei vakker, ung kvinne som lever fullstendig i pakt med naturen.


Villmarken

Men det er neppe tilfeldig at Ida Neverdahls «Sulten» opnar antologien. Neverdahl sin popularitet er aukande, og for denne serien fekk ho sølvplass i Oulu-festivalen i Finland. “Sulten” handlar om kroppspress, og Neverdahl bruker både burlesk og malerisk symbolikk for å illustrere temaet. Eit fascinerande skode med ein bodskap som ikkje er til å ta feil av.

Anders Kvammen er tilbake i Forresten for andre året på rad, og her er det interessant å observere utviklinga hans. Streken hans er blitt langt meir grovkorna og full av detaljar sidan i fjor. Kanskje fordi han har meir å fortelje, både med tekst og bilete. «Min Grandonkel Knut» er akkurat det tittelen tyder på, ein komprimert forteljing om livet til grandonkelen hans. Som det framgår av forfattarregisteret arbeider Kvammen på det som høyrest ut til å vere ein sjølvbiografisk teikneserieroman, Ungdomsskolen. På førehand har han laga denne korte serien, som er strukturert mykje som ein moderne, biografisk teikneserie. Den er overlessa både i tekst og teikning, men har mykje hjartelag. Etter å ha lese den ser eg fram mot Ungdomsskolen med stor nysgjerrigheit.


Min Grandonkel Knut

Og mens ein snakkar om seriar med sjølvbiografiske trekk: Ein av årets bokdebutantar, Anja Dahle Øvrebye, held fram med å lage seriar inspirert av oppveksten. «Måsen» er ei visuelt sterk og emosjonell historie med ein passe overraskande vri på slutten.

Berliac, som til liks med Kvammen er planlagt å få sin norske teikneseriebokdebut neste år, held fram med perfeksjonere sin kjølege manga/popart-stil, men det er tydeleg at han er mest oppteke av det narrative. Øystein Runde vender attende til De Fire Store i ein zombie-mediesatire – Klassisk Runde der, altså. Som i fjor er Andreas Iversen inne på temaene lyst og skuldkjensle i »Snu i tide, Harry!», og igjen er det eit ubehageleg drag av realisme i serien hans.

Tim Ng Tvedt, ein annan av årets solodebutantar, har to bidrag: I «Gode utleiemuligheter» kjører han same «arkitektonisk leik»-stilen som i debuten Omrokering, men i «Utdrag frå Lille Grisen» eksperimenterer han med monotoni og kopiering, både i tekst og teikning. Ein kan saktens spørje seg om kva Tvedt skal gjere viss han går tom for nye uttrykksformar, men enn så lenge er han ein av våre mest spanande og originale unge serieskaparar.


Lille Grisen

Då beveger me oss meir inn i det reint kunstnarlege, og her gir Xueting Yang seg surrealismen i vald med ein av sine enklaste og mest gripande seriesekvensar. Debutanten Lobotom, som ser ut til å ta mykje inspirasjon frå Tore Strand Olsen, reint grafisk, prøver seg også på surrealisme med «Kleinemann», men det blir for banalt, og manglar substans. Chris Stonehill bruker ein lettfatteleg symbolikk , men er meir interessant som grafisk kunstnar. Ikkje minst er han fantastisk med fargar. I kontrast til desse teiknarane er Inka Léontine verdt å merke seg. Ho er også vordande bokdebutant, og med sine minimalistiske strekar på blanke ark har ho eit uttrykk som det vil vere vanskeleg å halde seg likegyldig til, viss ho held fram med det.


Generelt om Tidevatnet av Inger Zivana Torvund, alias Inka Léontine

Forresten 29
Av diverse. Redaktør: Erik Falk
ISBN 978-82-92226-57-5
132 sider
130 kr.
Jippi forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)