Browsed by
Forfatter: Arild Wærness

Fantomet nett no

Fantomet nett no

Heftet avsluttar eit svært godt år på topp!

Ja, det har vore eit svært bra år for hefteserien «Fantomet». Nokre av utgåvene har vore mellom det aller beste ein kan forvente i dag, og redaksjonen jobbar steingodt med å setje saman velkomponerte samlingar. Ikkje alle nummer held like god kvalitet, men jamt over er dette framifrå arbeid frå ein god redaksjon.

Og når dei har det beste materialet tilgjengeleg, vert det endå betre. Denne gongen vert det ikkje full pott, berre nesten.

Framsida? Noko kjedeleg, vår mann i posisjon – klar til kamp. Sal Velluto har snekra denne, og eg saknar alt dei svenske malte framsidene, full av mystikk og drama. Denne vert for «super-aktig» og faktisk litt gammaldags. Karakter: 3.

Leiaren presenterer ein riktig kuriositet; ein veggbunad ein stad i Oslo, som ber umiskjennelege «Ånden som går»-preg. Interessant folkeopplysning; karakter: 5.

00_fa-ivy-crow

Hovudhistoria heiter «Mysteriet på Ivy Crown». Herr og fru Walker vitjar vener på Amerikas austkyst og får eit mysterium i hendene. Ein elev ved eit velrenommert universitet har forsvunne. Ting tyder på at universitetet ikkje er så reinhårig som alle trur, bl.a. er det tale om hemmelege ritual og brorskap – slikt som me har høyrt er ein del av maktstrukturen i det kvite USA. Ting vert riktig utriveleg for mange, også vår helt, men det endar nokonlunde godt til slutt. Bra manus frå svenske Silverbo og teikningar av spanske Ruiz – karakter 5.

00_fa-walkers-table-coverSå kjem 4 sider Fantomet Fakta – ein riktig godbit som tek for seg Fantomet globale historie – i alle land som har utgjeve serien. Det er overraskande mange og eksotiske variantar av både hefte, figur og serie. Pussig at det indiske Fantomet-bladet, som har både vestleg og Hindi tittel, er gløymt her. Karakter: 5.

Det er funne plass til ein tosidar frå 80-talet (her skal det jubilerast!) men dette er berre ein kuriositet for komplettistar. Karakter: 2.

Endeleg er livsfarlege og vakre Kriss (frå Valnor) attende. I ein forteljing som er mindre prega av (sedvanleg) krig og maktkamp, meir regulær Fantasy denne gongen. Det er nesten som eit kvileskjer i Kriss-historierekka. Dramatisk, om noko vi kan kalle «Dei fortapte borns hemmelege øy». Her vert det synsing, men Kriss og Thorgal-universet er alltid å rekne med. Karakter: 4.

Eit godt og solid hefte som avsluttar ein verkeleg bra årgang av bladet. Samla karakter: 3+5+5+5+2+4; 24, fordelt på 6 = blank 4.

Denne meldaren gler seg til neste år, der vi kanskje får ei utvikling av «Den tomme trona» samt flotte sideserier, som neste gongs «Undertaker».

Fantomet 13/2016
100 sider
67 kr.
Egmont Kids Media

Fantomet nett no

Fantomet nett no

I siste liten kjem ei kjærleikserklæring til Paul Ryan og elles ein del skryt av Fantomet si novemberutgåve.

Me har i dei siste åra vore bortskjemde med flotte, stemningsfulle forsider på bladet vårt, der især svenske illustratørar har gitt oss dystre, dramatiske og kraftfulle forsider. Her får vi ei forside som er eit tilbakesteg, veldig 80-90-tals, illustrert av Sal Velluto, inspirert av den originale (og mykje dårlegare) forsida av Bob McLeod. Karakter: 4

Originale, sa eg? Jau, for hovudforteljinga er eit opptrykk av noko som kom på denne sida av 2000-årsskiftet. Eg hugsar godt historia, så det må vere etter at eg tok oppatt tradisjonen med å lese Fantomet (etter mange, mange års vandring i den Ånd-lause villmarka). Det spesielle er at eg ikkje finn referansar til når «Vrakplyndrerne på Kinloch Island» kom fyrste gong, det står faktisk ikkje nemnt at dette er eit opptrykk. Så referansane til forsidas tekst «Jubileumsserie spesial 2000-tallet!» er einaste peikepinnen her.

Historia tek for seg den utbreidde landbaserte piratverksemda i Europa på 1700-talet, der øybuarar og kystfolk rana lasteskip i storm ved å tenne falske signalbål på stranda eller på eit utkikspunkt. Dermed leidde dei skipet mot farefulle skjer, der besetninga som overlevde forliset vart hogge ned og gitt til fiskane, medan lasta vart teken vare på og seld vidare. Trur nok dette skjedde i Noreg også, ein brutal praksis. Her er me i England, der Fantomet sjølvsagt har eit oppgjer med denne uhamslege piratverksemda. Og får kjærast med på kjøpet. Underhistoria er faktisk eit klassisk søskendrama, der Fantomets gunst står i fokus.

Fargane er merkeleg grelle, og kler ikkje den dystre historia i det heile teke; fargebiletet minnar faktisk mest om dagens superseriar – i gult, blått og raudt. Me det er flott teikna, og Reimerthi har snekra ei bra forteljing. Karakter: 5 (ingen trekk for at det er omtrykk, historia står godt framleis).

Bladets leiar peiker rett mot neste historie, og fortel om kva fenomenet «John Doe» står for, det vi på norsk kjenner som NN (ukjend). Fin innføring: karakter 5.

Men først skal me innom litt fakta; ei opprekning av det merkelege 2000-talet. Her skjedde det mykje i bladet, og dette vert svært godt presentert av Sjefen og hans svenske Guran; Andreas Eriksson. Karakter: 5.

Så kjem ei fantastisk forteljing; «John X» av DePaul og Ryan. Her får eg det endelege beviset: Ryan er Sy Barrys ektefødde etterfylgjar, og serien minner meg om kor mykje eg alt saknar teiknaren, som døydde så alt for tidleg.

Kit Walker misser minnet etter eit farefullt oppgjer med bandittar, og vandrar rundt i skogen, utan maske og andre klede utan å vite kven han er. Han endar opp i Jungelpatruljens hovudkvarter der han etter kvart søkjer om opptak, som «John X», den ukjende. Historia er lang og innhaldsrik, der er humor, spaning, fortvila slekt og ein forvirra Guran, ein nesten leikande Walker som trivst som plomma i egget som patruljemann, ein undrande leiar Worubu og (litt) kjærleikssjuke patruljekvinner. Teikningane er fabelaktige, og vi saknar ikkje «maskemannen» eit sekund, vi trivst godt med den solbrillebrukande John, som ikkje ein gong kjenner att Ulv’en sin som diltar etter han. Perfekt på alle måtar.

Dette er min klåre favoritt til beste Fantomet-historie i år; karakter (tullar du?): blank 6.

I saman med «Walker»-mysteriet i denne historia kjem Sjefen med ei forklaring på kva slektsnamnet Walker eigentleg kjem frå. Denne bisarre informasjonen var heilt ny for meg og viser at saman med Sjefen har alle noko å lære, same kor gammal ein er blitt. Karakter: 6.

Heftet vert avslutta av ein McCoy-vignett; «Brødrene Gibs» (ikkje Gibb, det hadde blitt FOR sært) – 5 kjappe sider der store, sterke karar herjar i barane på kaien i gamle, tåkete Morristown, alle flyktar i panikk, berre Fantomet stiller opp og gjev dei bank. Dei lærer leksa si og vert gode gutar. Har sjølvsagt vore trykt ein del gonger før, klassisk McCoy, som sagt, karakter 4.

Eit svært flott blad som det framleis er råd å skaffe seg – spesielt for «John X».

Totalkarakter: 4 + 5 + 5 + 5 + 6 + 4: 29/6 = 4,8. Bravo!

Fantomet 12/2016
100 sider
67 kr
Egmont Serieforlaget