Browsed by
Forfatter: Serienetts redaksjon

Julehefter 2016: Nordiske stripeserier

Julehefter 2016: Nordiske stripeserier

Amerikanske stripeseriar mister grepet om juleheftemarkanden, litt etter litt, og moderne norske seriar tek over. Dei etablerte stripeseriane (inkludert ein svensk) er det alltid interesse for, sjølv om det varierer kor mykje nytt julehefta deira har å by på.

pondusPondus
Av Frode Øverli
36 sider
Kr. 59,90
Egmont

Det redaksjonelle stoffet i årets hefte er skuffande samanlikna med fjoråret. Berre ein quiz og et kryssord i tillegg til ein artikkel om hygiene i gamle dagar med en litt tynn juletilknyting. Gjestespel av biserien Storefri var vel heller ikkje naudsynt. Men Frode Øverlis eigne striper held et høgt nivå (sjølv om du har fått med deg essensen i «hovudhistoria» berre ved å sjå på omslaget). Med den sedvanlege ei per side-policyen går det ganske kjapt å pløye seg gjennom stripene, men ein sekvens om Elses julebryting utnytter sidekapasiteten litt betre.

(Trond Sätre)

kollektivetKollektivet
Av Torbjørn Lien
36 Sider
Kroner 59,90
Bladkompaniet

Torbjørn Lien har fylt heftet med smanhengjande spesialhistorier dei siste 3 åra.  Der han tidlegare har gått utanfor si komfortsone og latt kjerna i kollektivet sitt persongalleri få kvile så samlar han dei her i ein trykk-kokar for ein kjapp velkonstruert farse.

Lien viser her at han har meistra overgangen til langformatet og at han klarar å halde trykket jamnt oppe over 32 sider utan å miste seriens humor, snert og timing.  At han vel å avslutte sin jule-trilogi med eit kammerspel er dristig, men eit lurt val.

Lien vel òg å nytte julehefte-formatet til å sleppe seg laus og nytte store oversiktsbilete. For nokon kan det vere uvant å gå frå stripesamlingane med 16-ruters sider til dette formatet der Lien nokon gonger berre har 2-3 ruter på ei side, Det let historien puste, men kune fort ha fått historien til å verke for kjapp. Lien meistrer òg dette bra, og den kjensla på slutten av at dette vil ein ha meir av kjem ikkje av at ein har fått for lite, men at det er så bra.

Toppen av bunken, Folkens.

(Knut Robert Knutsen)

Neminemi
Av Lise Myhre
36 sider
Kr. 59,90
Egmont

Sei kva du vil om Nemi, men det er ein figur som verkeleg har julestemninga, og juleheftet hennar har vanlegvis litt fleire striper i snitt per side. I år er det imidlertid ein tendens som går igjen. Serien har alltid vore litt moraliserande, noko som kan ha si sjarm, også i årets hefte. Ein liten gut som fantaserer om at politiet skal kome og gi den stressa mammaen ordre om å leike med han, er vanskeleg å motstå. Men i år vert det veldig mykje av refleksjonar, velmeinte bodskap og poesi, og litt lite moro.

Lise Myhre og Egmont tilbyr i år også «Juleboka», ei samling med julehistorier frå tidlegare år da Nemis julehefter baud på meir nytt.

(Trond Sätre)

lunchLunch
Av Børge Lund
36 sider
Kr. 59,90
Egmont

Enn så lenge byd Lunch julehefte framleis på ny spesialhistorie i kvart julehefte. «Den Utvalgte» alluderer juleevangeliet i ein sylskarp satire over norsk næringsliv.  Dette er Børge Lund på sitt mest inspirerte.

Resten av heftet byd på jamt over gode striper, men anstrengar seg tydelegvis litt for å fylle opp plassen – mellom anna med ein dobbel midtsideteikning. Men Lunch-redaktør Tonje Tornes sørgjer for god heilskapspakke med ein artikkel om bedriftsjulekalendrar.

(Trond Sätre)

Rockyrocky
Av Martin Kellermann
36 Sider
Kroner 59,90
Bestselgerforlaget

Heftets hovudhistorie krinsar rundt ei minnemarkering for musikaren Onda frå hiphopgruppa Sthlm Inkasso, som har gitt oversetjar Dag Gravem såpasse med hovudbry at han gav opp å flytte Rocky frå Stockhom til Oslo for denne historia.

Ei melankolsk julehistorie i sedvanlig laid-back Rocky stil, utan dei store overraskingane , men velgjort som vanleg.

(Knut Robert Knutsen)