Utrygg skjønnheit

Med «Tidevann» har Tuva Synnevåg funne eit nytt uttrykk for teikneserieforteljing kombinert med bildekunst; moderne og estetisk tiltalande, men med ei pirrande, mørk side.

Med store bilde (ofte, men ikkje alltid ,dekker dei ei heil side) og ingen tekst er plottet i «Tidevann» enkelt oppsummert, i ale fall på overflata. Ei ung jente bur aleine i ei lita rorbu på eit skjær. Ein dag finner ho ei bortblåst bok i sjøkanten, og gjennom den oppdagar ho at det finst ei verd der ute. Ei dramatisk reise gjer henne kjent med mange slags skapningar både på himmel og jord, og i havet, sjølvsagt, og ho lærer mykje både om verda og sitt eige tilvære.

Om den er kort har historia likevel mange lag. Skiljet mellom «snille» og «slemme» er lite relevant, skiljet mellom venn og fiende kan ofte vere like uvisst. Ein veit aldri kven ein kan stole på. Bortsett frå på slutten, for boka prøver å gi eit slags endeleg svar på desse spørsmåla, men sjølv då kan et hende at lesaren sit igjen med emosjonell tvil.

Det er litt viktig å understreke at teikneserien har ein reell narrativ verdi, for det er lett å la seg trollbinde av dei vakre bilda aleine. Animatøren Tuva Synnevåg, som bokdebuterer med «Tidevann», skraverer bilde så full av djupn og utsøkte detaljrikdom at kvar side ser ut som ho må ha tatt evigheiter. Og var det verdt. Kunstnarisk tek ho utgangspunkt i chiaroscuro-teknikken, der kontrastar mellom mørke og lys vert nytta for å skape ein tredimensjonal effekt. Handverksmessig er det nok også animasjonsutdanninga som skin gjennom her, med sine krav til slike grafiske kvalitetar. 

Å forstå og vurdere boka intertekstuelt kan vere nyttig. Ein merker seg særleg referansane til Tove Jansson, først ved at jenta ser ut som ein humanoid Mummidalbebuar, ein mymle med Mummitrollets nysgjerrige og engstelege personlegdom. Nærleiken til havet står også sentralt i Janssons dikting, jf. Too-Tikkis badehus, hattifnattanes migrasjonsmønster, og sjølvsagt romanen «Pappaen og Havet» (1965).  Skjønt denne inspirasjonen kjem nok minst like mykje frå Synnevågs eigen omgjevnader, då ho bur på Tjøme i nåverande Færder kommune. Ikkje for ingenting finst det ein plass som heiter Verdens Ende der.

Like fullt er det ikkje berre figurar og ytre miljø, men også noko med tonefallet som slektar på Tove Jansson. Alle som har lest originalbøkene om Mummidalen i staden for dei tilpassa (dvs. utvatna) seinare adaptasjonane, må ha merka seg den litt kyniske innstillinga og den bakanforliggande, utrygge stemninga. På same måten slektar «Tidevann» også på Maurice Sendaks bildebok «Til Huttetuenes Land» (1963), dels grunna havreisemotivet og dyrevesena som jenta møter på  (her kan og den meir moderne Gruffalo vere eit førebilde), men også grunna historias mørke og trugande atmosfære. Dessutan bruker Synnevåg noko av den same skraveringsteknikken som Sendak for å få fram kjensla av tredimensjonalitet.

Endeleg kan også Lewis Carroll trekkast inn for bruken av kvalrossmotivet. I «Tidevann» er ein velkledd kvalross sentral i å slutte ring for historia. At nærværet også involverer ein østersmiddag, tydeleggjer assosiasjonane til diktet om kvalrossen og snikkaren frå Carrolls «Gjennom Speilet» (1871). Kvalrossen er portrettert som ein moralsk tvilsam figur hos Carroll, og endå meir hos Disney, men hos Synnevåg får han ei slags oppreising.   

er boka for barn? Kategoriseringa på forlaget si heimeside kan tyde på det, men det er freistande å lese Tidevann» like mykje som ein pastisj på ei bildebok, som eigentleg rommar ein fabel for vaksne med leikne, men også analytiske sinn. Som barnebok er «Tidevann» kompromisslaus i forma; ingen fargar, og ingen tekst. Barn må i større grad dikte med på historia sjølv, eventuelt saman  med ein vaksen som prøver å «lese» boka for dei.

Det er nærliggande å tru at boka særskilt vil appellere til same publikummet som Shaun Tan, som også er kjent for å fortelje soger gjennom store, figurative, atmosfæriske teikningar utan klar slagside til verken vaksne eller unge lesarar. 

Og viss norske teikneseriar nå har fått frå ein serieskapar/kunstnar med potensial til å oppnå same status nasjonalt som Shaun Tan har internasjonalt, er det slett ingen dårlig ting.


Tidevann
Av Tuva Synnevåg
40 sider
250 kr.
Jippi forlag

1 tanke om “Utrygg skjønnheit

  1. …Pretty damn spot on…Og, Tuva’s Tidevann minner oss på at «Den som har hodet over vannet, ser kun toppen av isfjellet!»… Tanken på Tidevann, er som et sandkorn du kan bygge en perle omkring..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *