14 hurtigseriar

I september blei det for andre året på rad gjennomført ein 24 timar lang teikneseriemaraton i Bergen. Resultatet er samla i antologien «Bergen 24t 2017»

Konseptet med å la serieskaparar utfordre seg sjølv ved å samlast og lage kvar sin 24 sider lange teikneserie frå botnen av, i løpet av 24 timar, er gjennomført regelmessig fleire stader i verda. Maratonen er gjennomført to gonger i Bergen (2016 og 2017). Überpress-redaktør Are Edvardsen har vore initiativstakar, og difor er det naturleg at resultatet kjem ut i antologiar frå ÜberPress.

Nokon streng kvalitetskontroll har det vel neppe vore, men med tanke på omstenda er nivået ganske høgt på 2017-bidraga. Løysingane er mange og varierte, både på det visuelle og tekstlege plan. Nokon gonger var tidsfristen tydelegvis ikkje nok, men dei fleste har levert noko som ser ut som eit fullenda bidrag med mykje av visjonen intakt.

Skogen

Antologien begynner bra (sjølv om dette tydelegvis er heilt tilfeldig, basert på at seriane står alfabetisk etter serieskaparen sitt fornamn) med «Skogen» av Agnes Guttormsgaard. Historia er diffus, og prøver etter alt å døme å formidle ei veldig generell livsfilosofi med skogen som både noko symbolsk og noko heilt konkret. Enkle, men vakre naturbilete teikna i ein jamn strek set filosofien i ein vel fungerande kontekst.

I kontrast til dette er Aleidis Houthoofds «Trauma» litt meir abstrakt, særleg i teikning men også i tekst. Penselføringa er grov og stor, med valet av kroppen som eit gjennomgåande motiv, og den sparsommelege men særs bevisste valet av fargar, er verknadsfull.

Jaden Smith’s Twitter Tweets

Andreas Ytterland Pilskog utfordrar lesarane og hever nivået på det abstrakte ytterlegare med «Jaden Smith’s Twitter Tweets». Teksteleg er den akkurat det tittelen tyder på, kombinert med nokre eksistensialistiske utsegn frå hovudpersonen, men det er det dynamiske og mildt groteske i teikningane som er interessant å studere og reflektere over.

Subtile Eventyr

Antologiredaktøren Are Edvardsen har sjølvsagt delteke på 24H mange gonger. «Subtile Eventyr» er typisk Edvardsen-nonsens; ein ide som er lauseleg basert på Asbjørnsen og Moe, med ein absurd og antiklimatisk sketsj som sluttresultat.

Alle bidraga som er nemnte så langt har det til felles at trass i kort frist er streken ganske sikker og jamn. Birgithe Solestrands «Jakten på den Fortapte By» greier ikkje å matche dette. Dette er på skuleoppgåvenivå. Eit heilt greitt manus ligg til grunn her, men det ferdige resultatet gjer det ikkje rettferd.

Kick the Can

Elise Meistad, som har bakgrunn frå Bjerkely Folkehøgskule, er på eit høgare nivå igjen. Serien «Kick the Can» treng desperat litt fargelegging, og ser ut den er teikna i håp om at det skulle bli tid til det. Dessutan er bakgrunnane skisseaktige, så det er lett å identifisere dette som eit ambisiøst, men halvferdig produkt. Serien får likevel fram Meistad si sterke side, som er å teikne figurar med mykje personlegdom.

The Office

Dei er også ganske pene. Pene er ikkje rette måten å skildre figurane i Emmelie Salomonsens     «A Story about a Friendship/The Bloody War/The Office» på, men Salomonsens strek er noko av det aller mest originale du kan finne i denne antologien, og også noko av det mest dynamiske og kraftfulle.

Espen Tennebekks «Blod er tykkere enn vann» er tradisjonell fantasy. Han demonstrerer her vilje til å utvikle ein original strek, men enkelheita i komposisjonen røper at 24 timar var ikkje tilstrekkeleg for han.

Frida Strømmes «Spøk blir et individ» er eit friskt pust. Med analoge fargar, ein kjapp og kompetent strek og mild satire om menneskeleg identitet er dette eit særs gjennomført lite arbeidsstykke.

Ida Woldsund

Ida Woldsund har visse Iben Sandemose-kvaliteter, både i tekst og teikning. Streken hennes er enkel, og det burde vore jobba meir med oversiktsbileta, men den er også uttrykksfull i sin hengslete stilisme som formilder ein sjarmfullt surrealistisk stubbe av ein historie.

Skapt

Ingeborg Wiulsrød er velkjent for de som har fulgt med på ÜberPress. Hennar bidrag «Skapt» er ein moralsk fabel om menneskets arroganse overfor naturen. Her har ho gått kreativt til verks for å skape ein historie som kjennest uttrykksfull og visuelt fullstendig på kort frist, ved å fusjonere enkel strek med brei fargeføring.

Irene Alterskjærs «Tunnelen» gjer igjen bruk av både fabelmotivet og lett surrealisme; manuset verkar gjennomtenkt, og sjølv om fristen tydelegvis var litt kort for henne, er det tydeleg at ho er ein god teiknar, særleg på større perspektiv.

Gomlefanten

I heile 2017-antologien er det ingen som gir eit meir profesjonelt inntrykk enn Lars Erik Helgemo. Hans «Gomlefanten» er ein søt og enkel historie, effektivt fortald utan ord, men ein særs jamn og fin strek som rettferdiggjer den strengt visuelle forteljarmåten.

Kvitebjørn

Sist ut er eit anna ÜberPress-namn, Tuva Røisli. «Kvitebjørnen» er nok ein variasjon over norske folkeeventyr, og nok ein gong er det fusjon med fargar som gir liv og fylde til ein enkel strek. Elles er det verdt å merke seg at Røisli tydelegvis har lest originaleventyret (Kvitebjørn Kong Valemon) nøye før ho skreiv manus. For deretter å dekomponere historia metodisk, og med akkurat passe satirisk snert.

 

Bergen 24-Timers Tegneseriemaraton 2017
Av diverse. Redaktør: Are Edvardsen
Forord av redaktøren
370 sider
250 kr.
ÜberPress

Les også:
24 Timer med Blekk

 

Tagget med

2 tanker om “14 hurtigseriar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *