20 oppvarmingar til festival

Serienett ser på resultatet av årets 24 Hour Challenge frå OCX

24H Challenge er ein årviss tradisjon i mange byar med eit teikneseriemiljø, og går ut på at serieskaparar, amatørar og profesjonelle, får høve til å delta i ein 24 timar lang workshop der målet er å produsere kvart sitt 24 siders teikneseriehefte. Føresetnaden er at alle må opphalde seg i same rommet mens dei jobbar, og at ein må teikne heftet frå botnen (ideelt sett skal ein også skrive den frå botnen, men naturlegvis kan det vere vanskelegare å kontrollere).  

Årets Oslo 24H varte frå onsdag til torsdag morgon 5. til 6. juni. Prosjektet resulterte i 20 ferdige teikneseriar, som blei trykka opp i avgrensa opplag og seld som fanziner på OCX.  Koordinator var Are Edvardsen, og prosjektet er støtta av Deichman og Strand Forlag.

I dei påfølgande omtalen av seriane gjer artikkelforfattaren merksam på at han ikkje kjenner til det profesjonelle nivået hos alle bidragsytarane, men vil prøve å ta omsyn til at nokre av dei er amatørar. Når så mykje er sagt er nivået på årets bidrag jamt over høgt, og dei fleste erfarne serieskaparane og illustratørane blant deltakarane har, i alle fall på teiknesida, produsert godt handverk som ikkje er utprega hastverksarbeid  


FABLAR OG EVENTYR

Rusletusletur

Den tause fabelen er ein eigen subsjanger i 24H-samanheng, og innan teikneserienoveller generelt. Den gjer det enkelt å utfolde seg grafisk og fokusere på ein bestemt idé utan å måtte ta omsyn til nokon uttalt kontekst som kan ende med å komplisere ting for mykje i ein 24 siders maratonserie. I år er det fire tause fablar på Oslo 24H:

  • Båttur av Emsoble (Emily Sørensen) er ein surrealistisk historie så enkel at den kanoppsummerast i ei kort setning, men med stemningsskapande fargar, og ein særs rein og profesjonell strek. Serien er på nivå med det eg har sett i dei vanlege fanzinene til Emsoble, og dei ser bra ut.
  • Fisketur av Eddie Jensen og Håvard Heggenhougen er eit slags futuristisk eskimoeventyr. Med mørk lilla som fargegrunnlag beveger Grapple Seed-teamet seg i eit stort og dramatisk fantasilandskap, som er noko av det dei er sterkast på.
  • Etter å ha lest fanzinen «Følgesvenn» hadde eg venta noko tilsvarande naturskjønt frå Keflingur (Ingvild Th. Kristiansen) i årets 24H. I staden har ho med Overtenk Litt satsa på ein urovekkande kombinasjon av raudt, svart og kvitt i ei soge med høgt driv og ein litt tvitydig bodskap.
  • Rusletusletur av Leonard Furuberg har for lite narrativ fynd til å markere seg blant desse, men serieskaparen får vist seg fram som ein dyktig teiknar med god forstand på design. 
Den Superfantastiske Heksedetektiv Mymle

Den Superfantastiske Heksedetektiv Mymle er praktisk tala eit fiks ferdig og ganske brukbart konsept til ein barnebokserie, skapt av Über-bidragsytar Tuva Røisli. Serien kjem komplett med eit variert persongalleri og umedelbar sjarm. Kan eventuelt også bli en bra stripeserie; verdt å utvikle vidare i ei eller annan retning.

Regine Holst har jobba med furry/fantasy-serien Ella på kvar norske 24H Challenge sidan fjorårets OCX, og dette er vol. 3.  Dyrefigurar er noko av ein spesialitet for henne, så ikkje overraskande ser det veldig bra ut. Ein komplett liten episode som bare saknar fargelegging, sjølv om det nok hadde tatt for lang tid.


HUMOR

Lost Cause

Ein skurkefersking som prøver å leve opp til det onde familienamnet er utgangspunktet for Lost Cause av Inger Turid Kolbjørnshus. Kraftig tusj som verkar å vere sjølvsikkert feid rett ned på papiret (eller skjermen) resulterer i flott visuell flyt i ein underhaldande forteljing. Delar av sluttpoenget i historia er rett nok litt forvirrande; kanskje serieskaparen har forveksla orda «confess» og «propose». 

Wizard Juice av Johann Schweder Grimstvedt er ein Harry Potter-parodi, delvis med autentiske nam og delvis med parodinamn. Serien følgjer historia kronologisk, og består elles for det meste av ein serie gags; nokre av dei er platte, andre er litt artige.

Sånn går det når man er enebarn – og andre problemer er ei samling innfall, dei fleste av dei utan noko ordentlig poeng, teikna og teksta digitalt på elementært paint-nivå.

Avis Maritima Stulta

Bård Lilleøiens serie om dei små snodige figurane som bare kan seie «Mod», Avis Maritima Stulta, er tilbake. Men her tek dei endå endå eit skritt lenger i ein hektisk slapstick-og actionfylt serie om kva som kan skje når Mod-Gud bestiller pizza. Eg har aldri fått noko som helst ut av den sære humoren i Lilleøiens Bobla-seriar, men serieskaparen gjer i alle fall det meste ut av plassen som serien har til rådigheit.

Breaking Bæææææd av Trond J. Stavås er Breaking Bad med sauar, kort fortalt. Resultatet er omtrent som ein kunne vente. Heldigvis ikkje for mange sausordspel, i alle fall.

Agnes Guttormsgaard har laga noko som strengt tatt er meir ei bildebok (for vaksne og ungdom) enn ein teikneserie, 10 Tips for en Vellykket Ferie. Men morosamt er det. Heftet begynner som ei triviell reiseguide full av sjølvsagtheiter, men tek etter kvart ein litt skumlare retning. Måten heftet bygger opp til dette på, er såpass subtil at det i seg sjølv er eit stort pluss. 


SLICE OF LIFE

Mai Oh Mai

Mai oh Mai – Ting som skjedde i mai 2019 er ei samling med sjølvbiografiske småstykke frå Inga H. Sætre. Som tittelen tyder på, er det snakk om ganske ferske anekdoter. Her er det mykje å lese på til å vere eit lite tjuefire siders hefte. Serieskaparen leverer tilnærmingsvis like profesjonelle teikningar som i dei vanlege seriane sine., og den same fargerike dialogen;  M.a. ein kommentar til «Årets Tegneserie»-nominasjonen («Håper ikke jeg vinner iallfall, da blir eg sikkert fista av Steffen Kverneland og alle fansene hans»). Bør tas med som bonus i oppfølgjaren til «Det finnes en død etter livet», kva den nå elles skulle komme til å innehalde.

Camilla Voutilainen Nordbø kan ha skjela til Inga H. Sætre både før og under deltakinga i Oslo 24H. Flauser er ei samling med kvardagshumor iblanda eit miljøpolitisk innslag. Teikningane til Nordbø er nok meir ujamne, men vi ser eit talent i full utvikling, både innan tekst og teikning.


META

Din Kamp

Ein teikneserie om å lage ein 24H-teikneserie. Det har ikkje blitt gjort før? Ikkje i Norge, i alle fall? Vel, Nikolai Halvorsen lagde ein i år, og den heiter ganske enkelt 24H Challenge. Nok eit døme på veldig grunnlegnande digital paint-teikning; eg kunne ønske meg ein handteikna versjon av dette heftet, for det er ein viss dynamikk og variasjon i streken som skriker etter å utfoldast med betre reiskap.

Ola Lysgaard prøver å toppe seg sjølv for kvar 24H han deltek. Din Kamper det sjette 24H-hefte hans, og arbeidet han legg ned i både smart manus og visuell variasjon er makelaust blant årets bidrag. Utgangspunktet er ein middelaldrande versjon av serieskaparen sjølv som prøver å selje oss ei sjølvhjelpsbok i åtte bind, med nokre svært så kuriøse og fiffige (og enkelte slåande trivielle) observasjonar. Dette er den einaste av årets bidrag som eg lo høgt av, fleire gonger.  


FOR KUNSTENS SKULD

Mens vi venter på Rocambole

Sleeping with the Past av Renathe Thor er eit dikt illustrert med abstrakt kunst. Kan lesast som teikneserie og historie, men det krev ei veldig velviljug tolking av bildemotiva.

Julie Aida har lagga ei samling med dyretatoveringar, 11 Almost Free Tattoos of Cool Animals. Dei er ledsaga av små tekstar som prøver å gjere premisset bitte litt interessant.

Adam Sandler-Mysteriet av Øistein Bergli er ein pussig sak om å sjå Adam Sandler i ein stein, og kva det kan føre til av kvasiintellektuelt tankespinn. Eg velger å tru at det ligger litt sjølvironi bak denne øvinga

Mens vi venter på Rocambole av Stian Tranung parodierer Mens vi venter på Godot, med dialog henta frå – vil eg anta, ut frå konteksten – ei gamal omsetjing (pre-1907-rettskrivingsnormalen) av ei Rocambole-bok. Originalt, ja visst,  men treng meir kontekst for å gi noko meining. Kan vere meint som ei øving til eit større prosjekt.

Tagget med

2 tanker om “20 oppvarmingar til festival

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *