Skårunge tek styring

Teikneserieskapar Fredrik Rysjedal er blitt redaktør for det sentrale kunsttidsskriftet Numer. I går blei hans første utgåve lansert på Tag Team Studio i Bergen.

Numer blei grunnlagt i 1917, men kom berre med nokre få utgåver før det forsvann. I 1985 vart tidsskriftet relansert av bildekunstnarane Hans Normann Dahl og Oscar Reynert Olsen. Sidan den gongen har det hatt fast publikasjonsfrekvens på fire utgåver i året (nokre dobbeltnummer), kronologisk nummerert.

Fredrik Rysjedal, som utdanna designar, men jobbar mest med teikneseriar og illustrasjon, blei involvert i tidsskriftet då han i fjor tok på seg jobben som redaktør for Numers nettside. Frå og med Numer 119 er han også redaktør for papirutgåva. – Numer er motstraums fordi det er veldig nisjeprega som kunstblad, meiner han,  – Det er spissa på teikning. Tidsskriftet har jamleg teikneseriestoff, ikkje minst takka vere Morten Harper. Til # 119 har Harper levert ein artikkel om Pierre, Feuille, Ciseaux (stein, saks, papir)-prosjektet på årets Angoulême-festival. 

Numer 119 inneheld også ein nekrolog over den nylig avdøydde Hans Normann Dahl, så dermed er ringen på ein måte slutta.

Fredrik Rysjedal presenterer Numer 119 på Tag Team Studio

Det første Fredrik har vedteke som Numer-redaktør, er å slutte med anmeldingar i papirutgåva. Desse vil heretter berre bli posta på nettet, ut frå tanken om at dei er meir dagsaktuelle.  Papirutgåva kjem til å innehalde artiklar og intervju. Han satsar også på å hente inn fleire skribentar frå andre stader enn Oslo og Bergen. Numer bruker stort sett frilansarar.

Dette er første gongen Fredrik Rysjedal redigerer eit blad som han ikkje har trykka opp sjølv, og han omtaler seg som ein «skårunge» (førstereisegut på fiske).  Arbeidsgjevar er styret i Tegnerforbundet, men han står journalistisk fritt, og treng ikkje å dekke forbundet sine utstillingar, t.d.

Tag Team Studio i Møllendalsveien, Bergen

Når det gjelder hans eigne journalistiske planar, prøver han å unngå å «falle ned i eit hol» der han sjølv berre dekker teikneseriar; det er viktig å finne eigne vinklingar. Han ønskjer å snakke ikkje berre med teiknarar, men også personar for forvaltar teiknekunsten, og begynner med å intervjue avdelingsdirektør Kjersti Lillebø i Avistegnernes Hus for Numer 119. Seinare vil han også intervjue kuratorar, redaktørar og politikarar.

Som serieskapar skal han til Shanghai for å lansere sin nyaste teikneseriepublikasjon, «Elsewhere» den 17. mai. Også denne er ein debut, då det er Fredriks første forlagsbaserte bok. Han har laga den saman med den kinesiske serieskaparen Anusman, som har teikna drygt halvparten – 60 av bokas 98 sider. Litt spenning er det knyta til denne, då Fredrik ikkje har sett Anusmans del av boka ennå. Når det gjeld Norge har han ikkje høve til å vere med på årets OCX, men vurderer Raptus, og dukkar ganske sikkert opp på Stavangers Comnicon i oktober.    

Øvst: Utsnitt frå ei teikning av Kaare Espolin Johnson, brukt som forsideillustrasjon til Numer 119.  

Les også:
Begynner å likne på draumen
Minner frå ein krigsseglar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *