Einhyrning! Sa Eg Einhyrning? Einhyrning!

Som Tommy og Tiger’n, men for jenter. Slik kunne «Anjas Enhjørning» oppsummerast, men serien har appell og eigenverdi ut over det.

Det er Egmont som har valt å utgi Dana Simpsons stripeserie «Heavenly Nostrils» (seinare omdøypt til «Phoebe and Her Unicorn») på norsk, i barneboks format. Phoebe er blitt til Anja, ein tredjeklassing utan vener som ein dag, medan ho står ved eit skogstjern og spretter stein, støyter på ein einhyrning. Marigull Himmelske Nesebor, eit forfengeleg, magisk og særs sjarmerande om enn sjølvsentrert vesen. Saman opplever dei små, merkelege forstads-eventyr, kranglar om ditt og datt på ein fascinerande måte.

Både forordet og forlaget samanliknar serien med Tommy og Tiger’n, og i både form og kvalitet så er der store likskapar, det er berre tydeleg at her er hovudpersonane jenter i staden for gutar. Det vil ikkje seie at Simpson her legger serien tett opp til Tommy og Tiger’n på ein måte som gjer den uoriginal eller plagsamt lik, det er stort sett dynamikken mellom barnet og fantasi-vesenet som er likt, med klare brytningar mellom to veldig forskjellige og sterke personlegdomar samt surrealistiske og absurde innslag.

Der er eventyr på skulen, i skogen ikring, møte mellom einhyrningen og Anja sine foreldre og vener (ein av dei store skilnadane mellom Marigull og Tiger’n er at folk kan sjå ho). Forteljinga er i korte striper, om-redigert som ei stripe per side, men med god flyt og den berande tona er at dette handlar om kvardagslege og lett gjenkjennelege situasjonar og problemstillingar.

Serien er vakkert teikna og fortald på ein lett og sprudlande måte, perfekt for ei veldig ung målgruppe, sjølv om den òg godt kan nytast av tilårskomne lesarar som meg. I tillegg er der aktivitetar bakerst i boka om korleis å teikne Marigull og Anja og ein del andre ting.

Disney-serier hadde lenge veldig nært eit monopol på gode serier for barn, med unnatak av Norsk Barneblad, som dessverre ikkje når ut til så veldig mange. Serier som Hilda og Lou! har vore lyspunkt i så måte, og Anja er endå eit innslag av strålande barneserier som verkeleg er «all ages», på den måten at dei er for alle og snakkar ikkje ned til barn. Det er litt synd at slike serier kun kjem i bøker, medan heftemarknaden for barn er overlatt til mindre interessante «aktivitetshefter» som vert selde i poser for å halde ein plastleike på plass. «Anjas Enhjørning» er strålande som bok, men eg skulle ynskje slike serier òg kom i hefteformat.

Ikkje minst fordi eg ynskjer meir av den og eg har ikkje lyst til å vente til der er nok materiale til ei ny bok.

Absolutt ei førsteklasses teikneseriebok for unge lesarar, spesielt jenter. Men ikkje berre dei.

 

Anjas Enhjørning
Av Dana Simpson
Oversatt av Jens K. Styve
ISBN: 978-82-42961-64-8
224 Sider
249 kr.
Egmont Kids media Nordic

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *