Skogen vil svare

«Kjøt» er eit spannande eksempel på korleis teikneseriemediet kan gi fleire dimensjonar til ein tekst.

Forfattar Mette Karlsvik har levert teksten til denne korte teikneserieromanen. Ho er også utdanna biletkunstnar, sjølv om det er ikkje relevant for akkurat denne boka. Det er Tord Torpe som har fått i oppgåve å illustrere teksten. Han står tidlegare bak Turnips-antologien, men dette er hans første teikneserie med vid distribusjon. At han har jobba så lite med teikneseriar før, men samstundes mykje med teikneserieinspirert kunst og illustrasjon, har visse fordelar. Torpe tillet seg å eksperimentere med den visuelle presentasjonen, både i strek, komposisjon og farge.

Han verkar å ha fått ganske stor kreativ fridom , men følgjer ein tekst og noko som liknar ein konkret historie: Ei ung studine går av bussen ved enden av Maridalsvegen og beveger seg innover i skogen til ho finn ei mystisk hytte. Teksten er først enkel, ja nokre gonger direkte banal («skogen tilhøyrer alle, tilhøyrer ingen»), men Torpe utnytter den banaliteten til å skape større variasjon i dei visuelle løysingane. Når teksten nemner at «kvar grein har mindre greiner» går teiknaren tettare og tettare inn på greiene heilt til han er på mikroskopnivå – Ein ide som forresten leiar til ei lita, men artig og uventa vending i handlinga. Ei linje som «I lysninga er alt synleg, i lysninga blir alt mogleg» er illustrert med ei bilde av skogen sett frå eit maurperspektiv. Setninga «Buss-gassar blir til gras» er forsøkt illustrert på ein bokstavtru måte. Første halvdel av boka er full av slike finurlege løysingar.

Når så hovudpersonen kjem til hytta, tek både tekst og bilde meir abstrakte vendingar, og prosaen i historia får i større grad karakter av poesi. Ein mystisk vegleiar, den einaste personen i stykket utanom jenta og bussjåføren, kjem inn i bildet og skal kome til å spele ein sentral rolle. Men kva er han? Han tek form av nøkken, av ein hund og av ein mann. Lesaren står friare i tolkinga, men det er lett å lese subtile, naturmytiske aspekt i denne delen av forteljinga. Arbeidstittelen på denne teikneserien var «Spore».  I innhaldet finst det hint til begge titlar, men underteikna trur at «Spore» romma meir av kva teksten vil fortelje oss om mennesket sitt forhold til naturen, og til andre menneske.

Eg skulle ønske at Mette Karlsvik sin tekst kunne ha forblitt tydelegare fundert i sitt jordnære utgangspunkt. I grunnen verka det meir interessant å utforske skogen som ein skog enn som eit bilete, som er den det etter kvart blir. Når så mykje er sagt er Tord Torpe si visuelle tolking spennande variert, same kva retning teksten tek. «Kjøt» er ein teikneserie som er verdt å ta fram igjen og igjen for å studere biletbruken. Bileta er vakre og mystiske, med ein oppslukande og nesten tredimensjonal kjensle. Streken hans har enkelte likskapar med Lars Fiske, men er rundare, mindre stilrein og legg meir vekt på fargane. Måten grønt og raudt blir brukt på er ein vesentleg faktor i «Kjøt», ikkje minst for å gi bileta den sterke djupna.  Og skogen hans, sjølve skogen som vi ser frå side til side, er, som det heiter i teksten, fantastisk.

 
Kjøt
Tekst av Mette Karlsvik, teikningar av Tord Torpe
ISBN 978-82-92863-77-0
64 sider
249 kr.
Magikon Forlag

Les også:
Debut med mystiske skogtur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *