Ei tøff mogningstid

Tredje bind av Bukkekrigerne har den også i overført tyding passande tittelen «Den lange ferden» – då den er ein overgangsperiode, i både illustrasjon og historie.

I løpet av de tre binda vi har følgd bukkekrigarane, har eg merka ein gardvis overgang frå ein slags nyklassisk, keltisk «chibiform» tydeleg inspirert av teiknaren Amelie Fléchais sitt animasjonsarbeid på den irske kritikaryndlingen Tomm Moores film «Sangen fra Havet» (2014) – Til ein strek som framleis er særskilt for Fléchais, men som blir stadig meir reinare og rettare.

Eg ser fleire mogelege grunnar til at serien har blitt sånn. For det første har Fléchais etter «Sangen fra Havet» jobba på andre animasjonsfilmar som kan ha inspirert henne, som Dreamworks’ Troll-serie og Pixars «Fremad». For det andre kan ho ha fått det litt travelt med å levere tredje bind. Delar av albumet verkar, må eg dessverre seie, som litt hastverksarbeid. Strek og fargar  er noko meir ujamne enn i dei to første albuma, særskilt i andre halvdelen. 

For det tredje kan det vere eit bevisst forsøk på å gi visuelle uttrykk for korleis karakterane har blitt blitt mogna av prøvingane dei har vore gjennom, og må halde fram med. Dette gjelder særleg for Molly, som på tydeleg symbolsk vis får klippa håret, og dermed kutter ut den karakteristiske hårbolla frå dei to første albuma. Når bind tre startar, slit ho med etterverknadene av konfrontasjonen med svart magi. Ho og Liam er sjuke, og minna til trollkvinna Tara heimsøker Molly i syner. Men i nokre av desse synene oppdagar ho den hemmelege, underjordiske fjellvegen til «Dødevidda». Der er kjelda til vondskapen som har ramma dei, og kanskje også håpet om å finne ein kur. Ein ekspedisjon av bukkeryttarar, heksefolk og familiemedlemmer må ta den lange ferda.

«Den lange ferden» er ei meir melodramatisk forteljing enn dei to føregåande kapitla, full av tårer og angst. Dei personlege prøvingane er større, og kjenslene er sterkare. Heldigvis er forfattaren bevisst på behovet for å balansere dei mest trykkande emosjonelle scenane med humor eller spenning.    

Ein viktig grunn til det eskalerande melodramaet er forteljinga sitt behov for å nauste opp i trådar og klargjere kva og kven som er kva i Bukkekrigarane si stadig meir dystopiske verd. Historia har difor tillaup til «eksposisjonsdumping», utan at det står i vegen for ei fortetta og høgspent handling.    

Trass i alt som albumet prøver å få med av verdsbygging og handling, blir ikkje trilogien fullført. Den sluttar med ein cliffhanger – igjen – med enkelte svar, men også nye spørsmål.

Men eg følger gjerne ryttarane gjennom eit bind til. Bukkekrigerne har i løpet av tre bind gitt oss eit farleg, men vakkert univers full av magiske landskap og magiske folk, men framfor alt folk som kjennest verkelege.

Serien er også nærast unik ved at den er ein frankofon albumteikneserie som ikkje er krympa ned i den norske omsetjinga, men tvert om kjem i eit større format enn andre albumseriar. Dette er nemnt før, men framhevast, då det er eit stor fortrinn og bortimot det aller siste ein kan ta for gitt på dagens marknad.   

Bukkekrigerne 3 – Den lange ferden
Av Jonathan Garnier og Amélie Fléchais
Oversatt av Stéphanie de Miranda
68 sider
199 kr.
Solum Bokvennen

Les også om dei føregåande albuma i serien:
1. Neste generasjon
2. Trusselen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *