Ein nær komplett karriere

Ola Lysgaards antologi «Delvis Fornøyd» er ei omfattande studie av ein serieskapar i konstant utvikling. 

Mens den førre antologien frå Ola Lysgaard, Olalys, var ei komplett samling av to tidlege humorseriar, er «Delvis Fornøyd» ei samling av det aller meste som mannen har laga. Den omfattar alle dei fem 24H Challenge-hefta han har laga i samband med Oslo Comix Expo (desse utgjer drygt halvparten av boka), den komplette stripeserien «OK Minus», og ymse enkeltståande seriar, nokre av dei ikkje tidlegare publiserte.

Røyndorfin

24H Challenge-serien er den som mest tydeleg illustrerer utviklinga.  Første forsøket, «Røyndorfin» er først og fremst ein god historieidé,  fortald og teikna så kompetent som ein rimeleg kan vente innanfor 24-timarsfristen. Allereie med «Hyggeleg» (2015) endrar han framgangsmåte, og legg meir vekt på stemningar, fargar og kjensler i ein (nesten heilt) stum historie om ein triviell situasjon sått frå ulike menneskes ståstrad.  Mindsuck» (2016) er den første 24H-serien som er prega av Ola Lysgaards karakteristiske, absurde humor; ein enkel idé ligg på botnen, men illustrasjonane er meir surrealistiske enn før. I desse to hefta ser vi også korleis han har vald illustrasjonsteknikkar som ser betre ut når ein må produsere 24 sider på kort tid.

Mindsuck

Så, i «Hvorfor Forlot Du Oss?» (2017), tek han eit endå lenger steg over i det eksperimentelle med ein serie rektangulære bilder som serieskaparen, etter eige utsegn, først etterpå laga ei historie rundt. Historia er utvilsamt meir interessant når du kjenner denne bakgrunnen. «Lonelyboy_92» (2018) treng derimot i mindre grad kontekst, då den openbart er ein meir personleg refleksjon frå serieskaparen, fortald gjennom ein serie av stadig skiftande grafiske uttrykksformar. Nokre av dei blir litt abstrakt svulstige – «øvelse[r] i visuell masturbering» kalar han dei sjølv for. Sjølvutlevering gjer ikkje nødvendigvis «masturberinga» lettare å tolerere, men det er eit greitt omgrep å ty til. Alle 24H-hefta, unntatt det første har eksempel på slikt, men hovudsaka er at både dei grafiske og tekstelege ideane til Lysgaard har substans på botnen. Dei fleste delane av «Lonelyboy_92»  bidreg til å bere teksten framover på ein tilfredsstillande måte.  Totalt sett er den Lysgaards beste 24H-serie så langt.

Lonelyboy_92

«OK Minus» gjekk i Dagbladet i 2015, og var ein slags oppfølgjar til «Mørketid» (sistnemnte er samla i Olalys). Den er noko mindre dyster enn forgjengaren, men har mykje av den same absurde humoren, blanda med lett misantropiske undertonar. Serien er det nærmaste boka kjem noko kommersielt, men ikkje den einaste stripeserien. «Overlapp» (2017) var det siste førebelse forsøket på å få antatt ein stripeserie. Konseptet nådde ikkje så langt som «Ok Minus», og det er lett å sjå kvifor. Ideen med å lage legge til grunn tre ulike oppsett, for deretter å teikne nye detaljer og dialogar oppå desse, er ei morosam kreativ utfordring for serieskaparen, og Lysgaards humor er sær nok til at det kan fungere ei stund, men risikerte å forvirre eit publikum som leser ei stripe om dagen.

Overlapp

Han ga likavel konseptet med grunnoppsett ein ny sjanse, i den sjølvbiografiske teikneserienovella «Dakapo» (2017). Eg trur den kunne fungert her, om bare ikkje historia hadde vore så oppteke av å understreke sin eigen metakontekst og sjølvreferanse, og prøvd å få desse til å bære heile teikneserien. Eit betre eksempel frå same boka er den direkte og ærlege «Deprimert». Det enkle er slett ikkje alltid det beste, særleg ikkje frå ein serieskapar som Ola Lysgaard, som er så opptatt av å tenke nytt, men det finst nokre unntak.

Deprimert

Elles består «Delvis Fornøyd» av resterande småstykke; enkelte av dei er eksempel på innhaldstom «visuell masturbering» som «Bølger» (2018), men når Ola Lysgaard har ein god ide, lukkast han som regel med den, sjølv om den på papiret verkar mest pretensiøs. I «Pamflett» er teknikken er eit kapittel for seg sjølv; serien blei til ved at han tok bilder frå turstien på Fløyfjellet, bearbeida bakgrunnane med tofarga trykk, og teikna figurar oppå. Tanken bak var ei utfordring serieskaparen hadde gitt seg sjølv – Å lage ein teikneserie der alle tekstrutene eksisterer fysisk i sjølve teikneserien (spoiler: han greier dette ved å gjere alle tekstrutene til små plakettar på benkar). Påfunnet er kreativt, og gjennomføringa resulterte i ei vakker og smakfull tristesse.

Plakett

Lysgaard vurderte å ha med forklarande kontekst i boka, men kom til at det ikkje var naudsynt fordi folk flest ikkje bryr seg om slikt. Eg er ikkje heilt einig i det; eg trur folk som faktisk kjøper denne boka kunne ha nytte og interesse av å vite litt meir om korleis dei blei til. Ola Lysgaard er ein ideane og eksperimenta sin serieskapar. I hans tilfelle er det ikkje uvesentleg kva tankar som låg bak korleis seriar og historier blei til.

Delvis Fornøyd (2014), ein kort historie som antologien er oppkalt etter.

Tittelen er som ei gåve til anmeldarar på leiting etter eit billig poeng; for med ein antologi som sprikar i så mange ulike retningar, er det lett å ende opp med bare å vere delvis nøgd. Til slutt er dette likavel ikkje tilfelle, fordi kvart nye prosjekt har ein tydeleg originalitet, enten i premiss, i grafisk framstilling, eller begge, og fordi originaliteten oftast (om ikkje alltid) har eit vellukka resultat. Og så går han vidare.


(Øvst: Utsnitt frå «Hyggeleg»)

Les også:
Søker alltid nye ideer

Delvis Fornøyd
Av Ola Lysgaard
Forord av Ida Neverdahl
978-82-93254-31-7
224 sider
299 kr.
ÜberPress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *