Det lukter hemn

Bjørn Ingvaldsen og Kristoffer Kjølberg har funne ei eiga lita nisje på barnebokmarknaden når dei held fram med Drittunganes eventyr i «Parfymepatruljen».

Vi snakkar om hemnfantasi, og slik tradisjonen er i moderne barneforteljingar , tek den dei upopulære ungane si side mot de populære. Premissen er den same i «Parfymepatruljen» som i bind ein, «Anti-Festkomiteen»:  Skule-outsidarane Pølsa, Gregor, Katti og Søla blir urettvist behandla av dei andre elevane i klassen, og bestemmer seg for å ta igjen på ein raffinert og kompleks måte.

Denne gongen er det Søla – den korte jenta med brillene – som kjem til timen med hundemøkk på skoa. Sjølv om ho er rask med å vaske det av, fester det seg med ein gong eit rykte om at «Søla lukter dritt» (klengenamnet hennar hjelper ikkje…), godt hjelpt av Amanda. Sjølvsagt er Amanda den mest populære jenta i klassen.

At ei lita enkelthending kan føre til at du får eit rykte på deg som du ikkje blir kvitt, er noko veldig mange kan kjenne igjen frå eigen barndom (og kanskje ikkje berre barndommen). Det relaterebare er eit viktig poeng, og albumet bruker god plass på å vise korleis dette kan eskalere. Særleg når du gi ungar høve til å snakke dritt, bokstaveleg tala.

Drittungane bestemmer seg for at det vil vere poetisk revansj å lure Amanda til å komme på skulen med ein parfyme med overveldande lukt. Dette kan la seg gjennomføre takka vere kløkt, kombinert med eit par opportune tilfeldigheitar (ein av dei er nesten litt for beleileg, men kan greitt passere, særleg ettersom det blir ikkje gjort for stort poeng ut av det) som let dei gjennomføre ein kosteleg kompleks plan.

Kristoffer Kjølberg har utvikla det eg vil anta er ein tidssparande teknikk for å få teikneserien til å sjå bra ut med enkle grep: Streken er tynn, visuelle effektar og bakgrunnar blir berre brukt der dei trengs og der dei ikkje er til distraksjon. Og framfor alt har kvar scene eit dominerande fargemotiv som bidreg til meir fokus og flyt, og liksom fyller tomromma. På den måten greier han å produsere nok sider til å iscenesette Bjørn Ingvaldsens manus utan hastverk eller synleg komprimering.  

Skal eg innvende noko, må det vere at dei fire hovudpersonane ikkje har nemneverdig med individuell personlegdom, endå så mykje dialog som albumet har dei imellom. Planen og gjennomføringa av den, meir enn personlegdomane, er det som Ingvaldsen bruker inspirasjon på.  Og så lenge han finner på nye variantar rundt temaet mobbing og mobbehemn, kan han og Kjølberg komme langt med det.  

Drittungene – Parfymepatruljen
Skrive av Bjørn Ingvaldsen, teikna av Kristoffer Kjølberg
76 sider
279 kr (veil.)
Gyldendal

Les også:
Anmelding av «Anti-Festkomiteen»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *