Korleis bli kvitt feittmonstret

Med «Hva skjedde egentlig med deg?» går Jenny Jordahl tilbake til ein grunntanke om korleis ho vil formidle ein viktig bodskap i teikneserieform. Og det er vakkert. 

Kroppspress er ikkje eit nytt tema for Jenny Jordahl. Under vignetten «Livet blant dyrene» dissekerte ho i ein periode kroppsfikserte tabloidoverskriftar  med uhemma sarkasme, og ho fekk sagt ganske mykje om temaet gjennom slike korte stikk.

Dette er likevel heilt annleis. Utan satire eller breiare kontekst er fokus endra frå makro- til mikronivå, og historia er personleggjort på ein måte som eigentleg er Jenny Jordahl på sitt beste, men som vi ikkje ser så ofte.

I «Hva Skjedde…» følgjer vi hovudpersonen Janne i eitt år, hennar siste på barneskulen (eit velkjend forteljargrep for å markere ein overgang i livet). Janne er den einaste i familien sin som har eit problem med overvekt. Ho blir mobba på skulen, og læraren gjer det ikkje betre. Vidare er ho i ferd med å miste støtta frå bestevenninna Lene, som er blitt meir oppteken av å vere populær.    

Sjølv faren til Janne har ein tendens til å gjere vondt verre når han formulerer seg uforsiktig om vekta til dottera. Og bestemora er på same viset den som uforvarande startar det heile.

Berre klassekameraten Brage, som delar Janne si interesse for videospel, er ei oppmuntring, og prøver å vere ein venn. Men dei andre jentene meiner Brage er for god for henne. Sjølv om Janne berre ser ut til å like han nettopp som ein venn, er slike kommentarar nok til å øydelegge det vesle av sjølvtillit som han gir henne.

Usikkerheita som overvelder henne er manifestert i eit feittmonster som følgjer henne overalt. Nokre gonger blir ho i sitt eige hovud omskapa til dette, andre gonger (og stadig meir etter kvart) opptrer det som eit ytre skrømt. Eller snarare, ein indre demon. Uansett så uttrykker figuren Jannes konstante usikkerheit på eigen kropp. Synet av feittmonstret, og måten det på diabolsk vis tilpassar seg situasjonane, forklarar tematikken betre enn noko mengd med dialog kunne.

Den andre meir subtile, men også ganske sentrale symbolikken i teikneserien er skulebolla; ein konkret indikasjon på Jannes svakheit, men også med moglegheit for å gjevast nytt innhald.

For sjølv om Jenny Jordahl er erfaren når det gjeld å illustrere forteljingar der det tekstelege er essensielt («Kvinner i Kamp» er det mest kjente dømet), tenker ho gjerne langt meir i bilde når ho står aleine som forteljar. Dialogane er halde på eit munnleg nivå, utan utbroderingar eller overordna forteljarstemme. Jenny Jordahls styrke ligg i å teikne folk, og ho seier meir med kroppsspråk, inkludert ansiktsuttrykk, enn med orda. Slik er «Kva Skjedde…?» blitt ei truverdig, lettlest og relaterbar bok for ei målgruppe av barn og tidleg ungdom.  

Som sagt, Jenny Jordahl er best på å teikne folk, og i ein grafisk roman der teksten er ei støtte, meir enn sjølve hovudelementet, avslører ho nokre svakheiter i den ytre miljøskildringa. Teikningane og fargane hennar er flate, og det kan verke som ho slit litt med vinklar i innandørs scenar. Særleg klasseromma. Ho trivst tydeleg betre med å teikne grøne utandørs landskap  Andre gonger snur ho den flate streken til sin fordel, som i ei velkomponert, humoristisk dobbeltside der Janne spring forbi to etasjar med elevar som uniformt sit og et smørgåsar.   

Sjølv om «dei snille» og «dei slemme» er nokså lette å kategorisere, har historia tilstrekkeleg med nyansar. Foreldra prøver å hjelpe, men har mykje å lære, og ikkje minst å forstå. Janne sjølv er ikkje framstilt som heilt utan skuld for sitt vaklande sjølvbilde, eller den dårlege kommunikasjonen. Alle spelar rollene sine på ein utfyllande måte, kanskje unntatt «dei snille» venninnene, Kamilla og Lise, som kjem for seint inn i historia til å fungere som stort meir enn resolusjonshjelpande element.

Den tilsynelatande essensielle bodskapen om at «det hjelper å snakke ut om det» er kanskje litt forenkla, men det er underforstått at den er ei dørstokkmil meir enn ei komplett løysing.  I konteksten av bokas fåmælte og miljørealistiske dialog  er den heller ikkje tung. Først og sist er det bilda som fortel det du treng å vite, og å forstå, om kampen mot eins indre demonar.


Hva skjedde egentlig med deg?
Av Jenny Jordahl
216 sider
245 kr.(veil)
Cappelen Damm


Les også anmeldingar av desse Jenny Jordahl-bøkene
Kvinner i kamp
60 damer du skulle ha møtt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *