Kroppen Din med Anna

Kroppen Din med Anna

Anna Fiskes prøver å fornye Trond-Viggo Torgersen med Hvordan lager man en baby?

Ved sida av dei reine teikneseriane sine har Anna Fiske laga fleire bøker i grenselandet, bildebøker med bildeframstilingar som er tette og sekvensielle nok til å kvalifisere som heilt eller delvis teikneserie, og som også har mykje av teikneseriens formspråk. Dei fleste er reine barnebøker, med Trær jeg har møtt frå 2017 som det viktigaste unnataket. Hvordan lager man en baby? er den nyaste av fleire slike som Fiske har fått utgjeve på Cappelen Damm.

Boka er, sjølvsagt, nøyaktig kva tittelen seier – Ei innføring i korleis barn blir til, reint biologisk, fortald med reine ord. Presentasjonen er ærleg og avslappa, og språket er enkelt. Viss du trur poden er gamal nok til å lære dette, er han eller ho gamal nok til å forstå Anna Fiske si forklaring. Anne Cath-Vestly har fått æra for å lære den første etterkrigsgenerasjonen sanninga om kor babyar kjem frå, Trond-Viggo Torgersen fekk æra for å lære det til den neste.

Anna Fiske blir neppe den store forplantingslærepedagogen for ein ny generasjon, for medieverkelegheita er ei heilt anna og meir uoversiktleg nå. Likevel er det lett å gjette seg til kvifor Anna Fiske meinte det kunne vere behov for ei slik bok nå. Nye vitskapelege metodar har dukka opp, og omgjevnadene som norske barn veks opp med ser annleis ut i dag. For serieskaparen er interessert i det sosiale aspektet så vel som det biologiske, og illustrerer eksempla med folk av ulike hudfargar og, ja, også ulike legningar. Det siste kunne høyrest ut som ei paradoks, men her kjem det sosiale inn i bildet. Fordi Fiske også bruker ein del plass innleiingsvis på å forklare barna om forhold, forelskingar og kjærleik meir generelt, kan ho rettferdiggjere å gi plass til dette. Ho kjem også inn på at eit likekjønna forhold ikkje kan føre til forplanting, rett nok berre så vidt og heilt subtilt.

Viktigast er det uansett at Anna Fiske er tru mot sitt eige uttrykk og særpreg som forteljar. Det verkelege mangfaldet ligg i korleis ho med enkel strek lukkast med å skape eit stort og variert utval av figurar. Dette er konseptet ho har lagt seg på, og som krev meir av henne som teiknar; vi følgjer ikkje eit bestemt par gjennom boka, men mange. Og figurane er endå meir sentrale enn vanleg i Fiske si visuelle forteljarmåte, ettersom nesten ingen av teikningane har bakgrunnar (truleg av omsyn til læringsfokus).     

Ved sida det reint visuelle er boka sitt viktigaste kreative element den konsekvente bruken av Anna Fiske sin karakteristiske humor, leiken og direkte, uttrykt med eit barns språk. Ikkje berre hindrar dette boka i å bli for tørr, men gjer også karakterane meir relaterbare og «varme», uansett om boka hoppar fort frå det eine paret til det andre. Dessutan gjer det den i utgangspunktet belerande tonen mindre tydeleg.

Forlaget anbefaler denne boka til barn i alderen 4-10 år. Underteikna fekk sjølv sjå «Kroppen Din» med Trond-Viggo Torgersen på skulen i tiårsalderen, men føler likevel (eller kanskje nettopp derfor) at det er barn i den lågare delen av alderssegmentet som vil ha størst utbytte av ei innføring som Anna Fiskes.

Hvordan lager man en baby?
Av Anna Fiske
ISBN 978-82-02-61667-8
80 sider
279 kr.
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com