Julehefter 2016: Amerikanske travarar

Julehefter 2016: Amerikanske travarar

Jula bringer som vanleg med seg julehefter av amerikanske stripeserier som i stadig større grad synast å berre vere for spesielle høve som jul.  Mange av dei kan lett oversjåast mellom dei nyare, norskare og meir profilerte. Dei er likevel gjerne nokons favoritt.

 

pusurPusur
Av Jim Davis’ Studio
32 Sider
Kr. 59,90
Egmont Kids Media

Jim Davis og hans studio durar fram med sine velfriserte Pusur-striper, desse er frå 2015.  Dei tidlege dagane med røff strek og sylskarp humor er langt bak oss og sjølv om tittel-vignettane på sundagssidene i dei siste åra har vore det mest fengande med stripa så har dei valt å bruke nokon sider til dagsstriper i staden.

Med unnatak av ein knallgod vignett-homage til Will Eisner sin «The Spirit» så er dette grei underhaldning, men av typen som lett går i gløymeboka.  Mettande og velsmakande, men tomme kaloriar.

 

Tommy Og Tigern
Bill Watterson + Stephan Pastis og Paul Gilligan
32 Sider
59,90 kr.
Egmont Kids Media

Det er Tommy og Tigern, så det er bra. Eit par ganske greie sekvensar, mellom anna om Tommy sin Alaska-utflukt.  Paul Gilligan bidrar med Bar Bikkje. Rosinen i pølsa her er Stephan Pastis sin «Perler for Svin»-sekvens som Bill Watterson teikna 3 striper til, saman med alt relevant materiale kring den hendinga.  Så for dei som ikkje fekk den med seg første gong så er den vel presentert her.

Tommy og Tigern har gått så mange gonger i reprise at det vert slitsamt å gjenta et det er ein av verdas beste serier, så det er vel spesialsekvensen som er det største trekkplasteret.

harekHårek
Av Dik Browne
32 Sider
Kr. 59,90
Egmont Kids Media

Hårek er alltid fornøyeleg.  Stripene her er frå 1984 som var eit toppunkt i seriens popularitet og kritiske mottaking. Ikkje like naiv og sjarmerande som i dei første åra, men framleis bra.  Eit greit utval men utan dei meste markante og spanande birollefiguarne og situasjonane; her er det fokus på kjernefamilien i stripa. Så ikkje toppen av bunken i år.

 

billyBilly
Av Mort Walker
32 Sider
Kr. 59,90
Egmont Kids Media

Billy sundagssider frå 1995, litt vel mykje på tomgang denne gongen.  Velbrukte situasjonar med eldre karakterar som Generalen og Sjanten som ikkje heilt finner seg til rette i eit samfunn som går dei forbi.  Utan dei store sprella, mange gags er for  forutsigbare.

 

snofteSnøfte Smith
Av Fred Lasswell
32 Sider
Kr. 59,90
Egmont Kids Media

Årets Snøfte er frå 1971.  Det er den sedvanlege fleipinga med amerikanske fjellbønder, forankra i ein 1930-tals stereotypi.  Det er framleis velteikna og velkonstruerte gags og eit stykke vekke frå å gå på tomgang, men meir godlynt humring enn gapskratt.  Greitt som tidtrøytte midt i juleheftebunken, men framleis kanskje mest morosamt for dei av oss som er litt kjend med landleg humor.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *