Julehefter 2020 – Klassisk amerikana

Feier gamle kostar framleis best ? Vi er framme ved den evige og på nær uforanderlege juleheftekategorien

Fiinbeck og Fia (Egmont / Kr 67,-)
Eg absolutt elskar Fiinbeck, og i år (1951-årgangen) er variasjonen bra, vi får solid overklasse-satire samt ein del gode gags knytta til Fiinbeck sine arbeidarklasse-røtter. Dei art deco-inspirerte teikningane er absolutt nydelege. For ein gongs skuld så synast eg dei tydeleg moderniserte fargane faktisk slår bra ut. 

Terningkast 6

*

Blondie  (Egmont / Kr 67,-)
Chic Young Blondie frå 1952. Vi er inne i ein oppgangsperiode, ungane er blitt tenåringar og Dagobert sliter med jobb, husvedlikehald og sosiale engasjement. Blondie er driftig og held han i øyret som vanleg. 

Kjekt utval i år. Stripene der Dagobert sliter med sjefens merkelege luner er absolutte perler, den evige kampen for ein god middagslur fører til nokon veldig gode forviklingar her og ekstra fornøyeleg er det når Dagobert ikkje heilt forstår kva som skjer rundt han. I ein tidsperiode som vi i ettertida forbinder med den tause, ruvande farsfiguren med stålkontroll a la Don Draper, så er Dagobert det stikk motsette, ein kar som gjer så godt han kan medan alle andre bestemmer kva han skal gjere.

Terningkast 5

*

Knoll og Tott (Egmont / Kr 67,-)
Harold Knerr sin 1943-årgang av Knoll og Tott er open, rutinert teikna, ryddig, fargerik og sprudlande.  Gagsene er godt innarbeida men ikkje oppbrukt og all valden er gladvald mellom likeverdige krigande partar. Kanskje eg berre er i usedvanleg godt humør, men i år storkosa eg meg med heftet.

Terningkast 6

*

Kapteinens Jul – Julen  2020 (Bladkompaniet / kr 69,-)
Året er 1968, og i den pur unge alder av 51 så tek John Dirks over «the Captain and the Kids» frå faren Rudolph. Sideformatet har allereie krympa i forhold til det vi er van med frå 1930-tals striper og John køyrer ein lausare stil med lengre historier som spenner over mange sundagssider. På 32 sider så har årets hefte berre to historier, ein om ein mystisk hulemann og ein med Kapteinen i ein draumesekvens.

Så i år, meir enn nokon av dei seinaste, så er det verkeleg stor forskjell på «Knoll og Tott» og «Kapteinens Jul». Eg er gamal lesar og må innrømme at eg føretrekker dei meir kompakte og sprelske eldre seriane,  men denne ledigare versjonen vil eg tru appellerer meir til dei yngste lesarane. Absolutt verdt å ta ein kikk på.

Terningkast 4

*

Skipper’n (Egmont / Kr 67,-)
(Ikkje offisielt julehefte i år)
Lette og ledige Bud Sagendorf sider frå 1987, med veldig mykje Bulle i hovudrolla. Skipper’n er seg sjølv lik,  og underhaldande nok, men traust. 

Terningkast 3

*


Snøfte Smith (Egmont / Kr 67,-)
Fred Lasswell sider frå 1973. Ein del morosame Hillbilly-vitsar, men noko flatt i forhold  til det vi har sett tidlegare år. God variasjon og ein del kjekke Tertitt og Samanth-gags.

Terningkast 4

3 tanker om “Julehefter 2020 – Klassisk amerikana

  1. Ikke heeelt on-topic, men ikke helt «off» heller, kanskje… Når får vi se en norsk (evt. engelsk) oversettelse av den tyske tegneren Tim Eckhorsts seriebiografier av Rudolph og Gus Dirks? De ser virkelig vellagede ut, basert på det lille jeg har sett. Synd at de kun finnes på tysk pr. i dag, og dessuten ser ut til å være utgått hos forlaget. Forstår at de er helt uaktuelle i de vanlige Knoll & Tott-heftene, men Knoll & Tott er tross alt fortsatt velkjente figurer her til lands.

  2. Husker en serie fra jeg var liten som var steike bra. Var nå en galning som dreiv å fermenterte kjøtt nedi utedassen, samtidig som han deltok i kommunestyre. Hadde han ikke gebiss også?

  3. Tim Eckhorsts biografi om Rudolph Dirks er utsolgt fra forlaget. Biografien om Gus Dirks er det derimot mulig å kjøpe:

    http://www.christian-bachmann.de/b_bg_dirksg.html

    Jeg har flere ganger snakket med Eckhorst, og slik jeg forstår det er det ikke oversettelser på gang av disse utgivelsene. Derimot kan jeg anbefale dokumentarfilmen om Dirks-brødrene. Den kommer med engelske undertekster og en bok (på tysk) med bakgrunnsinformasjon. DVD kan bestilles fra produksjonsselskapet:

    https://yucca-filmproduktion.de/dvd.html

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *