store forventningar i syria

store forventningar i syria

Fremtidens Araber – Barndom i Midtøsten var ein av fjorårets desidert viktigaste, omsette teikneserieutgjevnader på norsk, og ein ikkje overraskande Sproing-prisvinnar. Med stor munterheit, men også alvor og hjartevarme, skildra boka dei tidlegaste barndomsåra til den syrisk-franske serieskaparen Riad Sattouf, og det omflakkande tilværet til familien hans.

I bind 2, som har fått det fulle namnet Fremtidens Araber – Barndom i Midtøsten (del II: 1984-1985) har dei slått seg ned i Syria for alvor, og Riad skal begynne på skulen. Riads far er full av ambisjonar om å bli ein velståande og innverknadsrik mann, og forhåpningar om at Syria er i ferd med å bli eit moderne velstandssamfunn.

Ein viktig skilnad på denne boka er at den handlar mindre om politikk enn den første. Fokus er  meir på kulturkollisjonar, tross i (eller kanskje nettopp fordi) nesten heile handlinga er lagt til Syria. Vesle Riad framleis er for ung til å ha utvikla nokon reflektert, kritisk distanse til omgjevnadene, men den franske mora hans begynner etter kvart å vise teikn på utålmot og frustrasjon. Faren er ikkje blind for dette, men balanserer hårfint mellom på den eine sida ønsket om å vere ein moderne mann, og på den andre sida ønsket om å respektere arabiske skikkar og tradisjonar som kan verke ubegripelege sett med vestlege auge.

Det noko mindre bemidla  livet i Syria begynner etter kvart å  gå inn på Riads mor
Det noko mindre bemidla livet i Syria begynner etter kvart å gå inn på Riads mor

Eit ofte attendevendande tema i bind 2 er at faren prøver å overtyde både seg sjølv og familien om at Syria er eit like vel fungerande samfunn som Frankrike. Teikn på at dette ikkje er tilfelle, finst over alt, og ein aner at faren ikkje eigentleg greier å overtyde seg sjølv ein gong, langt mindre kona si. Når familien får beskjed om at Riad burde ta mandlane, prøver faren å overtyde mora (på fransk) om at ein slik operasjon går like bra i Syria. Deretter seier legen (på arabisk) at det nok er tryggast å få gjort operasjonen i Frankrike. Når mora spør kva det var legen nettopp sa, svarer faren, tydeleg utilpass, at det var ikkje noko.

Fremtidens Araber II er full av slike humoristiske, bittersøte små stikk. Å sjå humoren i absurde, enkelte gonger skremmande situasjonar utan å miste alvoret av synet er ein vanskeleg balansegong. Riad Sattouf evner dette. Historia om oppveksta hans i Syria kunne lett vorte ubehageleg lesing, for det er nok av urovekkande moment i den – Prylinga på skulen, propaganderinga for diktatoren Hafez al-Assad, den ubetinga antisemittismen, og til og med eit eksempel på æresdrap. Sattouf er open om desse tinga, men samstundes river hans lesaren med i fokuset på dei små og nære tinga, på detaljane. Derfor er Fremtidens Araber blitt til ei djupt fascinerande forteljing som er nesten umogeleg å legge frå seg.

Riad vert ofte oppfordra til å name-droppe faren for å unngå pryl på skulen. Det fungerer aldri.
Riad vert ofte oppfordra til å name-droppe faren for å unngå pryl på skulen. Det fungerer aldri.

Men nettopp fordi Sattouf går så mykje i detalj røper eg vel ikkje for mykje når eg seier at historia ikkje er avslutta med bind 2. Ikkje på langt nær, kan det sjå ut som. Vi har ennå berre så vidt fått hint om korleis unge Riad begynte å interesse seg for teikneseriar, til dømes. Og Fremtidens Araber III er ikkje ein gong ute på fransk ennå. Etter gleda ved dei to føregåande leseopplevingane kan ventetida på fortsetjinga falle lang.

Fremtidens Araber – Barndom i Midtøsten (del II: 1984-1985)
Av Riad Sattouf
Omsett frå fransk av Alexander Leborg
ISBN 978-82-92796-39-9
269 kr.
160 sider
Minuskel Forlag

Les meir:
Syrisk barndom

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *