Jakta held fram

«Trolljegeren» som teikneserie er ein god ide, men får første bindet nok ut av ideen?

For andre gongen på kort tid kjem Cappelen Damm med ein ny teikneserie basert på ein populær, moderne norsk sjangerfilm (den første var sjølvsagt Norges Ninjakommandør). «Trolljegeren» er basert på André Øvredals film med same namn frå 2010.  

I albumet «Trolljegeren – Myrdraugen Kommer!» (og eg kallar det eit album; både format og sidetal passar til omgrepet) blir vi kjent med Frida, ei ung jente som har tilpassingsproblem på skulen. Kva ho har med trolljakt å gjere er kanskje ikkje umedelbart klart, men bitane fell på plass etter kvart. I mellomtida følgjer vi ei manns reise gjennom Norge, først fortald gjennom samtalar han har med ymse bygdefok undervegs. Mannen heiter Finn, og han leiter etter Hans, sjølve trolljegeren.  

Vi kan altså snakke om ei utviding av Trolljeger-universet, med ei handfull nye karakterar, akkurat mange nok til å passe inn i det som eigentleg er ein ganske kort og enkel historie.

«Trolljegeren » er truleg Håvard S. Johansens mest kommersielle (og eg bruker det ordet i ei heilt nøytral tyding) teikneserie. Tidlegare har serieskaparten vore kjent for meir personlege og eksperimentelle teikneseriebøker. På teiknesida ser ikkje overgangen ut til å gått heilt glatt; streken hans er rutinert, men menneskefigurane hans er blasse og stive. Han er betre på landskap og ikkje minst på troll, noko som jo bør kome godt med. Aller best viser serieskaparen seg likevel å vere på dialog. Humoren og den generelle tonen frå filmen er perfekt overført, og med hjelp av enkle dialogbitar går det raskt å setje seg inn i handlinga, sjølv om du tilfeldigvis ikkje skulle ha sett filmen. Samtalene med bygdefolka som Finn møter på sin veg er særskilt kostelege, og viktige for å skape den rette stemninga.

Personleg er eg mindre begeistra over at Johansen har vald å sementere ideen om at troll bokstaveleg tala kan lukte «kristenmanns blod», fordi denne detaljen bryt med filmens øvrige dekonstruksjon av trollmytane – Viss troll bare er dyr, utan noko overnaturleg eller magisk ved seg, korleis kan dei då «lukte» at nokon er kristne? Når så mykje er sagt har Johansen faktisk greidd å få eit betre poeng ut av dette enn sjølv filmen kunne. Eg let det tale for seg:     

Albumet ender med ein cliffhanger. Dette er vanlegvis ein dårleg ide, med mindre du er sikker på å levere ein oppfølgjar innan fastsett tid, eller serien allereie er en suksess som du kan stole på at folk vil komme tilbake til uansett. Cappelen Damms Trolljegeren har ingen av desse føresetnadene ennå, sjølv om ein Trolljegeren-teikneserie verka som ein god ide, både før og etter eg har lest dette albumet.  

Verre er det at «Myrdraugen Kommer!» ikkje gir oss nok substans før cliffhangeren. Albumet har meir opplegg enn den har historie. Joda, Hans stopper eit troll undervegs i handlinga, og Johansen får det til å sjå tøft ut også, men ramma rundt trolljakta får det heile til å fortone seg som ei rutinesak. Attpåtil kan det sjå ut som det aktuelle trollet ikkje er den titulære myrdraugen ein gong, noko som ytterlegare poengterer i kva grad teikneserien er i startgropa.

Viss historia i dette albumet var handlinga i ein faktisk filmoppfølgjar, ville den i beste fall vart lenge nok til å dekke 1/3 av filmen. Det er ikkje eit problem i seg sjølv. Problemet er at den følast som første tredjeparten av ein film, og i lita grad som ein sjølvstendig historie. Bra å vere ambisiøs på vegne av norske sjangerteikneseriar, men heile fundamentet som «Myrdraugen Kommer!» kviler på, er at det skal komme ein eller fleire oppfølgjarar. Eigenverdien til albumet blir forringa.




Trolljegeren 1: Myrdraugen Kommer!
Av Håvard S. Johansen
64 sider
249 kr.
Cappelen Damm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *