Årboka for kommande serieskaparar

Enn så lenge finst det to skular for teikneserieutdanning i Norge, Bjerkely Folkehøyskole  (Åsnes i Hedmark) og Buskerud Folkehøgskole (Darbu i Øvre Eiker kommune). Basert på festivalobservasjonar er Bjerkely den flinkaste av desse til å markedsføre seg som skule. Men det Buskerud har utmerka seg på, er presentasjon av skulearbeidet.

Sidan 2015 har Buskerud Fhs. kome med den årvisse teikneserieantologien Deadline, ein norsk parallell til antologien Kvarnby Serier frå Kvarnby Folkhögskola/Serieskolan i Malmø. Begge er antologiar som inneheld arbeider frå elevane ved teikneserielinja, og som blir delt ut gratis på festivalar. Skilnaden er at mens Kvarnby Serier har volum og trykkekvalitet som ein telefonkatalog, og ofte inneheld gjenopptrykk frå fanziner, er Deadline trykka på godt papir med mykje fargar, og bidraga ser ut til å vere laga med antologien i tankane. Dei fleste bidraga er korte og enkel noveller, gjerne med eit forsøksvis overraskande sluttpoeng.

Entertained

Nokre klåre trender er det vanskeleg å peike på; elevane ved teikneserielinja har særs individuelle uttrykk, både som forteljarar og teiknarar. Interessa for det overnaturlege, gjerne blanda med skrekk, går igjen, men slett ikkje over alt, og variasjonen er stort blant dei som bruker slike sjangerverkemiddel.

Kjempen

I denne artikkelen kjem eg til å ta for meg dei ti mest originale, interessante eller ganske enkelt best teikna og/eller fortalte bidraga til Deadline volum 2 (2016) og 3 (2017) – og omtale både deira sterke og svake sider. Dette blir likevel ikkje nokon anmelding i vanleg forstand, for det hadde ikkje vore rettferdig å vurdere desse publikasjonane på same måten som kommersielle produkt av meir eller mindre etablerte serieskaparar. Mine orsakingar til elevar som føler seg utelatt, og til lærarar og elevars venner som meiner at den og den burde vore nemnt. Eg håper likevel at eg har greidd å få fram eit representativt tversnitt av den rike produksjonen frå Buskerud Folkehøgskole.

Fugl Rulle

Fugl Rulle (D2) av Mariell Lien Sandvik – Humoristisk novelle med eit uhøgtideleg nikk til superheltsjangeren. Styggpen malerisk strek, og sterke, kraftige fargar. Det er særleg fargane som gir serien personlegdom.

Regn

Regn (D2) av Astri Tønnesen Ballestad. Økologisk fabel om havstiging. Ballestad har ein veldig sikker strek, proft teikna og fargelagt, med stor variasjon i den visuelle presentasjonen, og ho fortel noko tilnærma ein fullenda historie på berre fire sider og med få ord. Kanskje det helheiltleg beste bidraget i desse to antologiane.

Wallbreaker

Wallbreaker (D2) av Marius Klonk Kirkerud. Superheltsatire og metahumor er to verkemiddel som har blitt klisjear i moderne teikneseriar. Wallbreaker gjer seg avhengig av begge to. Når eg likevel framhevar denne serien er det for dens dynamiske presentasjon og forteljarstil.

Kjempen (D2) av Rikke Harr Dybdahl. Ei lett surrealistisk forteljing om determinasjon og ønske om forløsning som nok kan tolkast på ulike måtar. Teikningane er utprega todimensjonale, men kan minne om ei moderne form for ikonisk kunst. Dybdahl har kanskje det mest originale visuelle uttrykket av bidragsytarane i D2-utgåva.

Stained Glass Window

Stained Glass Window (D2) av Vivian Haver Figenschou (i framtida vil alle norske serieskaparar ha tre namn). Ei fin lita oppveksthistorie med rufsete strek, og dertil passande fargar. Diverre verkar serien litt usikker på seg sjølv; den er nesten heilt reint visuell, og fungerer best sånn, men gjer nokre få stader bruk av lydtekstar og snakkebobler, attpåtil i ekstra stor fontar, som er heilt unødvendige.

Entertained (D3) av Camilla Sørlie. Science-fiction-grøssar med ein rein og ganske pen strek som står i kontrast til innhaldet. På grunn av settinga er serien nesten utan bakgrunnar, så Sørlie «juksar» litt ved at vi berre får sjå korleis ho er på anatomi. Men på det feltet viser ho særs lovande takter.

Nostalgia (D3) av Ingrid Sofie Nymo. Ei kvardagsforteljing om å vende tilbake, med ein mørk klangbotn. Fargane er ujamt fordelt, så akkurat den jobben kunne vore gjort betre. Derimot er teikningane reine, klåre og jamne. Miljøet ho skildrar er avgrensa og oversikteleg, men ho gjer seg desto større flid med det.

Trappa Til Helvete

Trappa til helvete (D3) av Mikkel Hagen. Ei okkult, viktoriansk krimforteljing som er både teikna og fortalt i noko tilnærma klassisk fransk-belgisk stil. Hagen treng å øve meir på anatomi, men han har utvikla ein distinkt, detaljrik strek og forteljarmåte som fungerer godt, derfor har eg inkludert denne.

The Bravest Of Souls

The Bravest of Souls (D3) av Seboostian. Furry-teiknar på høgt nivå med særs sikker og velutvikla strek, og vakker stemning.  Enkel, ordlaus historie som utmerker seg reint visuelt.

Hjerterom (D3) av Yngvild Berg Keilen. Politisk satire rundt temaet tigging og heimløyse, av det meir tunglabba slaget, men her er det likevel mykje originalitet å spore i både tekst og teikning, og ekspressiv fargebruk.

**

Redaktør for begge utgåver er linjelærar Johann Schweder Grimstvedt.

Trykk for begge utgåver er Zoom Grafisk AS

For meir informasjon, gå til buskerud.fhs.no/linjene/tegneserie

2 tanker om “Årboka for kommande serieskaparar

  1. Bravo! Redaktøren har laga ei flott oversikt over nokre av dei viktigaste (men også nesten usynlege) bidraga til norsk teikneseriekvardag. Eg las D2 i fjor og vart mektig imponert, og lova (hrmm…) redaktøren ei omtale/analyse. Det vart det ikkje noko av, men her har altså Sætre teke skeia i eigen labb og resultatet er nett slik eg ville ha gjort det – ein enkel fokusering av dei beste innslaga. No får eg finne fram att D2 og sjå om eg er einig :)… Med Deadline, Über og Forresten har Noreg tre flotte antologiproduksjonar. Gratulerer!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *