Facebook arkiv – 2018-04-30 13:01:00

Facebook arkiv – 2018-04-30 13:01:00

Viktig oppdatering i etterkant av meldinga om at Martin Kellerman legger ned Rocky:

Redaktør Lasse Espe kan nå stadfeste at det kommande nummeret av Rocky blir det siste. Publikasjonen skulle eigentleg vore i handelen nå, men blei utsett med ei veke for at nyheiten ikkje skulle lekke for tidleg (nokre bladforhandlarar legger ut heftene på torsdag ettermiddag).

«Finaleheftet» blir på hundre sider, med ca. 75 sider nye Rocky-striper. Her må det leggast til at dei aller siste stripene ikkje er med, for dei blei ferdige for seint til å gå i trykken. Desse blir etter kvart trykka i Dagbladet (siste stripe kjem ein gong i sommar), men kjem ikkje i bladform.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *