Facebook arkiv – 2018-10-22 13:40:00

Óðr er krafta som fyller skaldane. Som fyller båtbyggarane når dei vaknar midt på natta og veit korleis eit nytt skip skal byggjast. Óðr er Odin som snakkar gjennom oss. Som skaper gjennom oss. Som syng i oss og gjer livet verd å leve. Og Óðr er krafta som gjer at berserkane ikkje kan drepast med stål. Gi deg sjølv til Odin, og godta kva gåve han enn velgjer å gi tilbake: Skaldekunst. Båtbygging. Ølbrygging. Eller berserksinne. Hardt skada etter slaget ved Svolder, og med behov for silketråd til å sy såra sine, må Olav Sleggja vende tilbake til huset foreldra hans døydde i. Men området er ikkje lenger trygt: Tre svært ulike grupper av berserkar, hemningslause krigarar som drep for eit par øre, har slått seg ned i Skåne. Snart er Sleggja nøydd til å velgje kven av dei tre berserkargruppene han vil ta parti med, og uansett kva side han tek, vil det ha ein pris …

1. november kjem BERSERK i handelen.

Det er den andre boka om Olav Sleggja.

Bok 1, SOGA OM OLAV SLEGGJA, er tilgjengeleg på Tronsmo, slik den har vore i 9 år. (Takk for lojal pushing! Det er MANGE som har fortalt meg at Terje fekk dei til å kjøpe den!) BERSERK er ein «frittståande» oppfølgjar, som vil seie: Eg har gjort meg MYKJE flid med å sikre at du kan nyte den utan å ha lest bok 1. Men kvifor i alle dager skal du ikkje lese bok 1? Kva er gale med deg?

BERSERK skal du kunne få overalt der bokhandlar kan masast på til å ta inn bøker. 138 sider, svartkvitt.

Evt kan den bestillast på oysteinrunde@gmail.com med KAUP BERSERK i emnefeltet, 299,- då signerer eg og teiknar i den. Sleppfest i Oslo ein gong etter 15. nov, når eg er tilbake frå Ulstein-besøk, kurs på Sunnhordland Folkehøgskule og prating på Falturiltu.

Image may contain: 1 person, text

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *