Facebook arkiv – 2018-12-25 00:49:00

Eg fann ein fersk artikkel på NRK sine nettsider, om den aukande diversiteten i Superheltseriane.

No skal det seiast at ja, superheltar er meir diverse, men det arbeidet starta på 1960-talet med nokre kraftige skippertak på 1990-talet (Milestone, til dømes).

Men aller mest så vil eg avlive ei perfid og direkte falsk myte om opphavet til Superhelten som WASP (Kvit, anglo-saksisk og Protestant, med middelklasse kasta inn som innforstått), her bragt inn av Morten Harper:

«Frem til da hadde superheltene i tegneseriene vært preget av dem som tegnet dem: den hvite amerikanske middelklassemannen.»

(av teksten framgår det som ei parafrase, ikkje eit sitat, men Harper spinner vidare på det i eit direkte sitat, så ein må gå utifrå at det er meint å gjengi meininga hans korrekt)

Problemet er at «den hvite amerikanske middelklassemannen» (som og var nord-vest europeisk og protestantisk, som nemt ovanfor) ikkje på nokon måte reflekterte mesteparten av korkje forfattarane eller teiknarane.

Dette var folk av immigrantbakgrunn, arbeidarklasse, ofte Austeuropeiske og Jødiske, elles gjerne irske eller italienske, eller berre Aust-Europeiske. Nokon av dei kvinner, nokon asiatiske eller svarte.

Heltane deira reflekterte ikkje dei, stort sett, men ein tenkt akseptabel amerikansk mainstream som dei færraste av dei var ein del av.

Å skrive heltane som opent katolske eller opent jødiske, eller med andre minoritets-karakteristikkar, eller som arbeidarklasse med ein deel negative kjensler kring korleis dei vart behandla av rikfolk, det kunne det fort verte problem av.

EC Comics, i tillegg til å produsere skrekk-seriar med rå vald, problematiserte spørsmål kring rase, religion, fordommar og klasse etc. Når dei vart tvungne til å stenge dørene så var der ein god del som tok den meldinga at det ikkje var lov å vere annleis. spesielt sidan «The Comics Code Authority» fulgde opp den tankegongen.

Så når ein vidarebringer myten om at «Frem til da hadde superheltene i tegneseriene vært preget av dem som tegnet dem: den hvite amerikanske middelklassemannen.» så underkjenner ein annleis-identitetane til desse serieskaparane.

I ein vidare kontekst så er WASP-identiteten til serieheltar kanskje enklare å knytte til tendensen mot WASP-identitet for karakterer i ALLE populære media på same tida.

Og brotet til meir diversitet skjer til ei viss grad på same tid (1960-talet) i Amerikanske teikneserier og i liknande takt som det skjer i andre medier.

Der òg må ein hugse på at til og med i Hollywood så framstilte ofte kreative folk karakterar som nettopp IKKJE var som dei sjølv, men i staden akseptable, generisk WASP-karakterar.

Sjølvsagt er det ei god ting at kreative røyster ikkje lenger vert haldne attende av fordomsfulle haldningar, men ein må ikkje gløyme at kampen for at ein no kan sleppe seg fri vart utkjempa av ganske mange kreative minoritetar som no vert lettvint avfeia som «den hvite amerikanske middelklassemannen.» som om dei var ein del av problemet, og ikkje kjempa for ei løysing.

Amerikansk superhelthistorie innehelder mange interessante nyanser som ein bør vere klar over i denne debatten.

Moderne serieskaparar som lett slepper til med diverse, personlege karakterar står på skuldrene til serieskaparar som ikkje var så heldige, men som jobba hardt i fleire tiår eller heile levetider for å skape det frie rommet for å ytre sine eigne ideer som moderne serieskaparar tek for gitt.

Lat oss respektere det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *