Ein vanskelig målstrek

Bergtatt hadde eit godt program som utgangspunkt, men sleit med tekniske problem då festivalen blei arrangert på Bergen hovudbibliotek laurdag.

Dette er tredje gongen Are Edvardsens teikneseriefestival blir arrangert, og den fjerde norske teikneseriefestivalen som har blitt til under pandemien. Til liks med OCX blei Bergtatt utsett frå våren til hausten.  

Også grunna pandemien blei festivalen strømma, med høve til å vere til stades for eit avgrensa fysisk publikum (eit privilegium som Raptus mangla i september). Grunna vanskelege reiseforhold måte dei fleste gjestene intervjuast over video. Dette var bestemt på førehand.

Edvardsens nærmaste medarbeidarar på årets festival var Lars Schwed Nygård og Fredrik Rysjedal. Alle tre er også teikneserieskaparar sjølv

-Du er så jævla mytologisk, har Lars Schwed Nygård fått høyre frå venner. Skaparen av konseptet Ontonauts, som i nokon grad er fundert på mytologisk tenking, heldt ein fabulerande litterær innleiing om den andelege slektskapen med forhistoriske menneske som fortalde kvarandre historier rundt bålet, og fjellet som metafor og besettelse.

-Teikneseriar inspirerte meg til å drive med illustrasjon, seier den Bergensbaserte multikunstnaren og barnebokforfattaren Trine H. Sejrup. Ho blei intervjua av Edvardsen, og var einaste gjest som var fysisk til stades. Sjølv om ho har laga teikneseriar, er ho enn så lenge best kjent for bildebokserien om «Detektiv Trine».  

-Denne boka er kanskje ikkje for mindre barn, innrømmer Jenny Jordahl om «Hva skjedde egentlig med deg?», men bør vere tilgjengelege for vaksne, som etterpå kan snakke med barn om den. Jenny var gjest på OCX førre helg, men på i tråd med programmet brukte ho då mesteparten av tida på å snakk om noko anna enn den nye boka. Dermed sto Fredrik Rysjedal fritt til å fordjupe seg i denne då han skulle intervjue Jenny på skjerm.

Karstein Volle var nok likevel den av «fjerngjestene» som fekk mest ut av intervjuet sitt på Bergtatt 2020. I samtale med Fredrik Rysjedal fortalde Volle mykje om sin til dels dramatiske familiehistorie, men framfor alt om sitt nye prosjekt «Pandemic Mindmap». Han har simpelt hen laga ei teikneseriedagbok om tilværet sitt under pandemien, og bestemte seg for å gi den ut, først på engelsk, etter ein uformell Kickstarter-aktig kampanje på sosiale media.  Volle kan love ei variert bok (for viss eg finner ein forteljarmetode, keiar eg meg ganske kjapt, fortel han), og ei trykt, norsk utgåve av boka i handelen før jul.  Den norske tittelen er «Pandemiske tanker».

Dei to siste intervjua var spela inn på førehand, med Lars Schwed Nygård som intervjuar. Aller først snakka han med Thomas Falla Eriksen, som er aktuell med ei ny Squidologi-bok. Lyden var brukbar i lokalet, men crewet hadde tilbakevendande vansker med strømmelyden.

Lydproblem er ikkje heilt uvanleg i denne spesielle overgangsfasen for norske teikneseriefestivalar, vi såg det også til ein viss grad under årets Raptus. For Bergtatt 2020 enda det med at leiinga såg seg nøydde til å avlyse siste timen.

Den planlagde avsluttinga av årets Bergtatt kan ein i staden finne på Bergen Offentlige Biblioteks heimesider, der intervju med Thomas Falla Eriksen og Mac Ask & Andreas Håndlykken nå er lagt ut her og her.   

Årets neste, og truleg siste, norske teikneseriefestival blir Comnicon i november. Denne skal vere heildigital.

(Øvst: Bergtatts utstilling på Bergen Offentlige Bibliotek)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *