Bergtatt time for time

Serienett følgjer teikneseriefestivalen Bergtatt fortløpande.

Sjølv om Geir Moen (under) jobbar aktivt med nye prosjekt, er det framleis Peer Gynt han helst snakker om i festivalsamaheng, nesten fem år etter utgjevinga. Bergtatt 2019 opna med eit Peer Gynt-fokusert føredrag tilsvarande programposten hans på Kanoncon tidlegare i år. Han gjekk m.a. i detalj om den narrative og tekniske oppbygginga av serien. Første halvdelen av Bergtatt finn stad på Bergen Offentlige Biblioteks andre etasje (også teikneserieavdelinga).

Ida Larmo har budd l Lofoten sidan 2016, noko som har gitt seg tydlegast uttrykk gjennom «Værbitt», ein stripeserie ho starta for å komme «litt under huden» på lokalbefolkinga. Heimadressa blei eit lite problem i samband med denne festivalen; sjølv om SAS-streiken er avblåst, skjedde det for seint til at Ida kunne komme seg på rett fly sørover. Presentasjonen hennar blei derfor ordna via Skype, med Fredrik Rysjedal (f.v under) som intervjuar. Ida Larmo er den einaste gjesten som fokuserer på ein kommande utgjevnad nemlig «Bow & Arrow», om studiedagane sine i London.  Offisiell lansering er på OCX, og ho kjem i alle fall sørover då.

Rysjedal har faktisk lest denne boka på førehand, nok som sjølvsagt burde vere ei sjølvfølge. Men innlevinga og analyseevnene hans konkret i forhold til boka gjorde temaet meir levande, og er eit eksempel til etterfølging for festivalfolk  

Ulli Lust og teikneserieromanen «I dag er den siste dagen i resten av ditt liv» inspirerte ida til å lage ein biografisk teikneserie. Før det kjente ho teikneseriar mest berre som striper, og Lusts bok er stadig hennar nummer ein på lista over gode leseopplevingar.

«Mellom Planeter» var det første eg lagde som eg ikkje totalt hata, har Sigbjørn Lilleeng (f.h. under, i intervju med Lars Schwed Nygård) sagt tidlegare. På Bergtatt-presentasjonen sin forklarte han dette med ei kjensle av utilstrekkeligheit som han til slutt kom over. – Nå er eg Norges beste teikneserieskapar, eg har berre ikkje bevist det ennå, men er på veg.

Han er på Bergtatt først og fremst for å snakke om FNRZ, ein sci-fi/fantasyteikneserie som også fronter plakaten til Bergtatt, og som han førebels har fullført manus på fram til bind 4. Skjønt første bindet måtte få namnet «Nagel» fordi han blei fortalt at tittelen «FNRZ» var for ubegripeleg. Avgjerda irriterer han ennå.

– Den (serien) tek seg sjølv både veldig alvorleg og ikkje alvorleg i det heile tatt, seier han vidare.  – Eg vil ikkje ha den typen historie der det finst ein «utvald», og her er det ingen som er «dei onde». Men dei vaksne er antagonistane fordi dei er hindringar.

Lilleeng har to bokprosjekt som han håper å gjere ferdig til neste år: «Inntrenger» er ein teikneserie basert på Bing og Bringsværds «Blindpassasjer»; samstundes er han godt i gong med skissene til FNRZ bind 2.

-Mens vi jobba med «Drabant» fekk eg kjensla av at Øyvind (Holen) baserte Fredrik på meg, og Victor på seg. Og det likte eg ikkje, så eg prøvde å skape distanse til det i teikneserien, fortel Drabant-teiknar, illustratør og spelutviklar Mikael Noguchi (f.v. i intervju med Lars Schwed Nygård, under) på sin presentasjon. – Så gjorde han Fredrik til spelutviklar i bok tre… Noguchi blei etter kvart ein slags medforfattar på serien, då han fann ut at Øyvind Holen sine tidlege, detaljerte manus var ei ordning som ikkje fungerte for han. Dette ga seg enkelte spesielle utslag, som når han sjølv måtte finne på ein slutt til første boka fordi det nærma seg deadline.

Noguchi har ikkje konkrete planar om å lage fleire teikneserieromanar, men han har ein folder med små historier og skisser i teikneserieform som kan egne seg for ei samlebok.

Sjølv er han aldri blitt tatt for tagging, men for graffitirelaterte ting som nasking av sprayboksar. For mange er det kanskje ikkje graffitien i seg sjølv,, men heller kicket, spenninga ved faren for å blitt tatt, reflekterer han.

Som planlagt rakk Therese G. Eide (f.v. i intervju med Are Edvardsen, over) å delta både på opninga av salsutstilling i Drøbak og Bergtatt same dagen. Forteljinga om korleis Therese G. Eide gjorde eit comeback som stripeteiknar er etter kvart godt kjent i grove trekk: Etter å ha født tre barn på to år (eit tvilingpar) blei ho inspirert til å lage ein teikna mammablogg. Gjennombrotet kom i fjor, då ho fekk førespurnad om å lage nokre av teikningane sine i stripeformat til ei utstilling med kvinnelege serieteiknarar, «Pang! Pang!». Derifrå bala set seg raskt på, og «Intet Nytt Frå Hjemmefronten» går nå i to seriehefter og eit veksande mengde aviser – Inkludert Bergens Tidende, som var viktig for Eide, ettersom så mange venner og familiemedlemmer held den avisa. Den første boksamlinga kjem til hausten. I mellomtida er ho aktuell med ei hybrid teikneserie/prosabok, «Feltnotater Frå Småbarnslivet» med Kristin Storrusten og Heide Bøhagen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *