Ein debattprega festival

Trass i raude smittetal for heile Oslo, blei det OCX i år også, i tråd med det reviderte programmet.

Sjølv om ikkje alt samanfalt på heldigaste viset då OCX skulle arrangerast 10. oktober.  Først og fremst blei dette ein regnfull laurdag klemt mellom to dagar med (stort sett) sol og opphaldsver. Dette måtte kombinerast med smittevernstiltak som kravde at det fysiske publikummet måtte forlate bygget mellom kvart innslag. Festivalen gjekk av stabelen på Deichmanske Grünerløkka, i tråd med tradisjonen.

Festivalleiinga hadde gjort sit beste for å skape variasjon i det som Berit Petersheim kalte «et av våre aller sterkeste program», men med større vekt på paneldebattar enn vanleg.  

Kva er saklege teikneseriar? Dette spørsmålet sto sentralt i festivalens første debatt der Ivo de Figueiredo, John S. Jamtli og Lene Ask drøfta saken med Morten Harper som moderator. Jamtli og Ask er kjente for å ha brukt historiar frå verkelegheita i teikneseriebøkene sine, mens Figueiredo er ein mange gonger prisvinnande sakprosaforfattar, og var vel invitert til å gi debatten tyngde, men han var tydeleg kvalifisert til å uttale seg om sakprosa i teikneseriar.

Det er mange inngangar til verkelegheitar, meiner han. Teikneserien sin kan vere flytande. Med potetnaser blir kravet til  realisme mindre enn på (real)film, noko som Jamtli kan vitne om. Han fekk fleire reaksjonar på Dass enn på Sabotør-bøkene, sjølv om ein skulle tru dei sistnemnte rørte ved meir følsomme tema for mange. På same måte meiner Lene Ask at folk lar seg provosere mindre på sjølvbiografiske teikneseriar enn av reint tekstlege memoarer, fordi teikningane gjer det lettare å lese historia som bare ein annan sin versjon av verkelegheita. Ein står friare.

Andre paneldebatten var i samanlikninga av det lettare slaget, og inkluderte Jenny Jordahl, Anders Kvammen og Bendik Kaltenborn, med Morten Harper som moderator. Alle tre deltakarar er aktuelle med adaptasjonar av teikneseriane sine; Lene Asks «Ski-Fi» som scenemusikal, Anders Kvammens «Ungdomsskolen» som scenedrama, og Bendik Kaltenborns «Liker Stilen» som kortfilm (ikkje animert). Sistnemnte film blei også vist som ein del av programmet seinare på ettermiddagen.

Teikneseriar «utenfor rutene» kjem ein ikkje utanom i dagens medieverkelegheit. Til tema hadde Flu Hartberg – som eigentleg skulle vere moderator – sjølv pusla litt med film, og lage nokon videosnuttar der den eksentriske figuren «Ringo Hirtshals» køyrer debatt om dramatisering av teikneseriar i andre media. Praten gjekk så lett at ein knapt rakk å gå gjennom alle Ringo-snuttane.  

Etter paneldebatten og norske teikneseriar i framtida (les eigen sak her), køyrte festivalen nokre reinare publikumsinnslag som Høylytt Tegneseriesalong, ei gjentaking av suksessen med serieskaparar som les eigne seriar høgt frå februar, og vising av «Liker Stilen».

Utdelinga av prisen Årets Tegneserie (les eigen sak her) blei følgd av eit intervju med årets vinnar, Mette Hellenes. Sjølv om ho var den einaste teikneserieskapar som fekk blei intervjua på årets OCX, forsikrer leiinga om at dette var planlagt før ho beli utropt til vinnar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *