Achtung, translator!

Nokon gonger omsetjer ein ikkje berre frå språk a) til språk b) – Det er eit språk c) som kjem imellom og kompliserer ting, fortel John Grande, omsetjaren av Nora Krugs «Heimat»

Grande vitja i går Litteraturhuset i Bergen for å fortelje om omsetjingsarbeidet med «Heimat – Et tysk familiealbum», ein av 2018s mest kuriøst formaterte bøker, ei kritikarrost blanding av illustrert roman, scrapbook og teikneserie.

Under mottoet «korleis kan ein vite kven ein er, viss ein ikkje veit kor ein kjem frå?» utforskar amerikansk-tyske (fødd og oppvakse i Tyskland, busett i USA) Nora Krug den vanskeleg tyske identiteten i etterkrigstida i «Heimat». Til dette har ho brukt minner frå sin morfar Willi, som arbeida for nazistane under krigen, og sin onkel Franz Karl, som døydde på fronten i Wehrmachts teneste lenge før ho vart født. 

Då John Grande blei invitert til å snakke om omsetjinga, var det frå vertskapet si side ei forventing om at han skulle ha mykje å seie om dei reint utsjåandmessige problema med å omsetje ei bok der tekst og grafikk går så mykje i eitt. Der måtte han skuffe dei, for akkurat dette baud ikkje på særskilt store utfordringar, og han brukte Krugs eigen handskrift-font (som ho har pålagt til alle omsetjarar).

Då er sjølve språket er meir interessant for han.

John Grande på Litteraturhuset i Bergen

Boka er skrive på engelsk (orig. Tittel «Belonging»), men Krugs morsmål er tysk, og med tanke på bokas tema er det uunngåeleg at det tyske språket blir innblanda. For Grande, som ikkje kan tysk, og hadde fått i oppdrag å omsetje ei bok frå engelsk til norsk, baud dette på komplikasjonar. Dette forklarte han til bokas norske utgjevar, Spartacus, men dei ville likevel ha nettopp han til å omsetje boka, og lova han hjelp frå ein «språkvaskar»

Som døme på problem som kan oppstå når språk c) (tysk) står i vegen for overgangen mellom språk a) (engelsk) og språk b) (norsk), viser han fram ei faksimile av eit brev skrive på tysk, og omsett til engelsk på same sida. Her erkjenner han at noko kan ha gått tapt i omsetjinga. «Heimat» finst i ei tysk utgåve, som Grande hadde til hjelp, men reint bortsett frå at han ikkje kan tysk så er det den engelske utgåva Spartacus hadde rettane til å omsetje, så han kunne ikkje la den tyske blir for mykje av ei kjelde.    

Oftare støtte han på problem med enkeltståande ord. I ein skolestil som Nora Krug har gjengjeve i boka, fortel onkel Franz Karl at han har plukka «mayflowers» til morsdagen. Her var det forfattaren som hadde blanda begrepa. Mayflower (epigaea repens) er ein nordamerikansk buskvekst, men ordet Krug hadde i tankane var Maiglöckchen – tysk for liljekonvall, som var ordet Grande enda med å bruke.

Dei italienske omgrepet «traduttore, traditore» (omsetjaren [er ein] forrædar) var i full effekt her; det fanst inga fasit, og Grande måtte ty til nye løysningar gong på gong. I ein passasje der Krug seier «the STAMMTISCH» i ein engelsk tekst, kunne han lett har omsett det med «stambordet», men forfattarens si utheving av nettopp det ordet fekk han til å leite etter ei alternativ løysing. Han vurderte først «STAMMTISCHet» (-et? ‘et?) , men fann ut at det var betre å tyske det endå meir til, og skrive «DER STAMMTISCH».  Krugs bruk av ordet «Heimat» i ein konversasjon ein annan stad i boka opna ikkje for den same utvegen, så der blei det til at han brukt naudløysinga «HEIMAT-et».

I kulinarisk samanheng gjekk han både den eine og den andre vegen; «knödel» (ei slags melbolle) blei beholdt, men «noodle», som hadde gitt villeiande assosiasjonar til asiatisk matlaging om det blei omsett til «nudler», blei til det tyske «spätzle».

Og andre gonger hadde omsetjaren hell i uhell. Ordet «SCHADENFREUDE» har aldri blitt anglifisert, men er eit velkjent tysk låneord på engelsk, og utheva i Krugs bok. På norsk er det naturleg å omsetje dette med (eit ikkje utheva) «skadefryd», så han gjorde det. Men på same sida fekk han høve til å «erstatte» dette utheva, tyske låneordet med eit anna, då det i teksten står «know-it-all». På norsk er ingen ting meir naturleg enn å omsetje dette med BESSERWISSER.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *