Kulturkalenderen

Dette skjer i Serie-Norge fram mot Oslo Comics Expo.

2. mai klokka 16 opptrer John S. Jamtli på Rana Bibliotek i Mo i Rana for å snakke om teikneseriane sine. Rana Kunstforening arrangerer hendinga, som er ein del av kulturfestivalen «Havmanndagene».
Eventside

Überpress har lansering ved kunstatelieret Pamflett i Bergen 3. mai kl. 19. Den aktuelle boka er Delvis Fornøyd, ei samling med med teikneserienoveller frå serieskapar Ola Lysgaard.
Eventside

Teikneseriens Dag, 4, mai

  • Også i år blir det Free Comic Book Day på Outland-butikkane denne dagen. Utvalet vil variere frå butikk til butikk, og er for det meste promoteringar frå dei amerikanske forlaga. Les om det komplette utvalet her. Outland i Kirkegata (Oslo) prøver å gjere litt ekstra ut av dagen ved å invitere Øystein Runde.
    Eventside
Therese G. Eide med inspirasjonskilder
  • På Avistegnernes Hus i Drøbak blir det salsutstilling for Therese G. Eide (Intet Nytt Fra Hjemmefronten) og Jens K. Styve (Dunce). Utstillinga er titulert «Hverdagsrealisme og kruttsterk kaffe», og har fokus på foreldrerolla. Den er open til 2. juni, men vil du møte serieskaparane der, må du komme på opninga 4. mai klokka 12.
    Eventside
  • Endeleg same dagen blir Teikneseriefestivalen Bergtatt arrangert for andre gongen, på Bergen Offentlige Bibliotek, av biblioteket i samarbeid med Überpress og Grafill. På programmet står quiz og eigne programpostar med Geir Moen, Ida Larmo, Sigbjørn Lilleeng, Mikael Noguchi og Therese G. Eide. Og ja, sistnemnte skal etter planen opptre både i Drøbak og Bergen same dagen.
    Eventside

13. mai arrangerer ARS Tegneserieforum One night at Billy’s! på kunstaren Billy Castillos Studio 39b i Gvarv, Sauherad. Arrangør Tor Arne Hegna lover ikkje eit reint teikneseriearragement, men det blir teikneutfordring og «ferske lesetips» for teikneseriar.
Eventside

Klassisk Rhesus Minus (f.v.) og Tommy Sydsæter, teikna av sistnemnte

Rolf Håndstad, alias Rhesus Minus, ønska eit festlig gravøl til sitt minne, så venner har sett av heile 17. mai-helga, tre dagar til endes, til dette. Ta med mat, drikke, eventuelt også musikkinstrument, til Ultvedtveien i Hønesfoss. Det er mogeleg å campe i hagen.
Eventside

Egmont prøver å tenke nytt når det gjelder marknadsføring, og lar Tom Rikard Ostad og Tormod Løkling liveblogge Melodi Grand Prix Eurovision på laurdag 18. mai. Det er på sidelinja, men hendinga skjer i bladet Ruters namn, så…
Eventside

Kulturhuset Kinokino i Sandnes opner ei stor utstilling om teikneseriar, «I Begynnelsen Var…Tegningen» den 26 mai klokka 14. Stadfesta gjester ved opninga er Børge Lund, Ida Neverdahl, Sindre Goksøyr, Lars Fiske og Jim Darbu. Utstillinga vil stå heile sommaren.
Les meir


Saman med Heidi Bøhagen og Kristin Storrusten har Therese G. Eide laga bok om livet som mor, «Feltnotater Fra Småbarnslivet». Ho kaller den sjølv for ei hybrid/delvis teikneseriebok, derfor tek vi med at boka (som teknisk sett er ute allereie) får sleppfest både i Oslo og Bergen seinare i mai.
Oslo
Bergen

seriX i Bergen har Teikneserietreff den 28. mai kl. 19. Det blir ein uformell samankomst der ein kjem til å diskutere aktuelle saker frå teikneserie-Norge og seriar ein sjølv er oppteke av. Alle blir oppfordra til å ta med teikneserie dei kunne tenke seg å snakke om.
Eventside

Malin Falch opptrer på Sørum bibliotek den 1. juni kl. 13. Dette er ein del av bibliotekets «Sommerles»-program.
Eventside

Comic Night held fram på Sølvvberget Kulturhus i Stavanger, torsdagar kl. 19 på Studioet, 2. etasje.
Arrangementsoversikt

Serieteket har Tegnekveld kvar mandag kl. 18-21. Også på Serieteket kan dei mellom 12 og 16 år delta på teikneseriekurs «Talenter i Tusj» i regi av Sigbjørn Lilleeng. Kurset blir arrangert torsdagar kl. 16.30-18.30 fire gonger i mai – 2/5, 9/5, 16/5 og 23/5. Det begynte førre torsdag.
Serieteket på Facebook
Les meir om «Talenter i Tusj»

Med førehald om endringar. Artikkelen kan bli oppdatert ved kunngjering av fleire arrangement.

Øvst: Utsnitt frå «FNRZ» av Sigbjørn Lilleeng.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *