OCX time for time

Serienett følger OCX 2019 fortløpande.

Opninga av OCX 2019 var firedelt fram mot utdelinga av «Årets Tegneserie», med presentasjon av årets gjester, musikalske innslag med studentar frå Foss vdg. skole, og tale av Knut Nærum. Nærum hadde æra av å innleie den aller første OCX i 2007. Tolv år er lenge nok til at han kan halde den same talen om igjen, meiner han.

Fritt Ord fekk vidare dele ut fire diplom til pall-plasseringane i TEGN!-konkurransen, og heidre vinnaren. Linn Isabel Eielsen, som også vann ein internasjonal teikneseriekonkurransen tidlegare i år, fekk førsteprisen for teikneserien «L-Innsikt».

Steffen Kverneland vant prisen «Årets Tegneserie» for boka «En Frivillig Død», noko som nok samsvarte med eventuelle bookmakerodds.

I grunngjevinga til juryen heiter det:
» Med vakre illustrasjoner inviterer Steffen Kverneland oss inn i tankene sine, hvor han ser på øyeblikkene i for- og etterkant av farens selvmord. Forsøket på å forstå hva som fikk faren til å begå en frivillig død gir oss en mørk og dyster fortelling, men i kjent Kverneland-stil er det også mye humor. Det er ikke mange bøker som får deg til å både le og gråte, eller til og med le så mye at du gråter, men det gjør denne.»

Fordi Steffen er «ein mann som lever i fortida» fekk han utdelt prispengane i «gullbarrer» og fekk med eit Kittelsen-trykk frå 1885.

Under vignetten «Arbeid pågår» presenterte Sigbjørn Lilleeng seg sjølv, Ane Barstad Solvang og Øyvind Lauvdahl som «to tapere og en Instagram-modell» (det førstnemnte med referanse til at dei begge var nominerte til «Årets Tegneserie»). Samtalen handla, som tittelen tyder på, om arbeidsprosessen for teikneserieskaparar, om pennesplittar og kontorstolar. Men Ane kan røpe at ho held på med ein illustrert roman (ikkje det same som ein grafisk roman), og nøkkelorda tyder på at den blir vel så mørk som «Frykt & Medlidehet». Teikneserien var eit slags pilotprosjekt, og den kunne ha blitt ein roman, viss ho sto friare.

F.v. Øyvind Lauvdahl, Ane Barstad Solvang og Sigbjørn Lilleeng

Øyvind Lauvdahl har også erfaring med kjensla av å ha begynt på eit prosjekt som gjekk over hovudet hans. Det gjekk, hevder han, så langt at han spurte om Kulturrådet ville ha tilbake pengane han fekk for å lage «Kina Town». Det endte med at han beholdt pengane og fullførte prosjektet likevel.

Programmet for OCX er i år forskyve til seint på kveld, både for fredag og laurdag. Seint nok til at det kom ut varsel om automatisk alarmpåsetjing då svenske Lystring forlag gjekk på scenen, klokka nærmare halv elleve.

F.v. Fredrik Jonsson, Mats Jonsson, Moa Romanova og Pontus Lundkvist

Med Lystring-publiserte Pontus Lundkvist som ordstyrar blei det ein munter og kameratsleg samtale. Forlagets nye «stjerne» er Moa Romanova, som er aktuell med «Alltid Fucka Upp», eit sjølvbiografisk verk om hennar kronglete veg for å bli kunstnar. Boka er kjøpt inn til omsetjing i åtte land, inkludert Danmark og Finland, men ikkje – du gjetta det! – Norge.

Ved eit pussig samantreff kjem ho frå same bygda som Mats Jonsson, Bollstadbruk i Norrland. Han teikna sin første sjølvbiografiske teikneserie då han var 14, og oppdaga at det var god terapi for han å trykke på «smertepunkta» i sitt eige liv på den måten. Så han har sidan berre heldt fram å lage slike teikneseriar.

1 tanke om “OCX time for time

  1. Selvfølgelig vant Kverneland. Han fortjente det selvfølgelig, men når det gjelder de andre følte jeg det nesten som om et lilleputtlag ble satt opp mot eliteserien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *