24H som planlagt

Sjølv om OCX er utsett, finn årets Oslo 24H comics – Oslo 24 timers teikneseriemaraton – stad denne veka. Arrangementet startar onsdag 25. august klokka 08.00.

Konseptet med å la serieskaparar utfordre seg sjølv ved å lage eit 24 sider langt teikneseriehefte, frå botnen av, i løpet av 24 timar, blei unnfanga av Scott McCloud i 1990. Til å begynne med var det snakk om individuelle øvingar men frå 2004 blei dei første kollektive «24 Hours Comics Day» arrangert i USA. Alle interesserte møtest i same lokalet, og blir sittande og arbeide i eit døgn, eller til heftet er fullført. Sidan har dette blitt gjennomført jamleg fleire stader i verda.

Maratonen blei første gongen arrangert i Norge som ei oppvarming til OCX 2014. Sidan 2016 blir den også jamleg arrangert i Bergen ‘

I år er det 18 teikneserieskaparar og illustratørar som deltek i Oslo: Trond J. Stavås, Stian Tranung, Bård Lilleøien, Kjersti Moen, Anna Sæbjørnsen, Ida Neverdahl, Eddie Jensen, Nikolai Halvorsen, Julie Aida, Regine Holst, Ola Lysgaard, Agnes Guttormsgaard, Ida Bakken, Dina Norlund, Charlotte Sandmæl, Magnus Ruud, Elizabeth Ramsey og Are Edvardsen.

Maratonet kjem som vanleg til å vere på Serieteket (Deichman Grünerløkka). Det er ingen reglar for kva hefta skal handle om, og deltakarane kan jobbe digitalt eller på papir.

Grunna utsetjinga av Oslo Comics Expo blir dei ferdige hefta presentert fredag den 27. august, i ein liten event på Serieteket kl 16.00 saman med organisasjonen for fremjing av norsk litteratur i utlandet NORLA. Eit til to av hefta vil nemlig bli omsett til eit anna språk, og NORLA arrangerer eit seminar om omsetjing av teikneseriar 27. og 28. august. Les meir om dette her.


Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24H i 2017
Anmelding av boka frå Bergen 24H 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *