Er serieskaparen kunstnar?

Etter nokre års pause er OCX igjen vertskap for Seriemord. Laurdag kveld inviterte Flu Hartberg til samtale på Serieteket om temaet serieskaparar og kunstnarstatus.

Med to prominente utanlandske gjester i panelet, Noah van Sciver og Christian Hincker alias Blutch, blei samtalen ført på engelsk. Til stades var også Martin Ernstsen og formidlingsansvarleg ved Munchmuseet, Gerd Elise Mørland.

Sistnemnte fekk den som først fekk kveldens hovudspørsmål Flu Hartberg: Meiner du at serieteiknarar er ordentlege kunstnarar? – Første utstillinga er gjorde var med nokon som faktisk avviste ideen om kunstnaren, begynte ho, og nølte med å svare for konkret på spørsmålet.

F.v. Martin Ernstsen, Noah van Sciver, Gerd Elise Mørland, Blutch og Flu Hartberg

-Eg har venner som er ordentlege kunstnarar, supplerte Blutch, – Romanforfattarar, filmskaparar, målarar. Og dei ser på meg som ein av dei. Sjølv er han ikkje så sikker på om han fortener den nemninga. Hans arrogante alter ego frå teikneserien, Blotch, er derimot ikkje i tvil om  at han fortener å bli rekna som ein kunstnar. Blotch er Blutch’ Dorian Grey-portrett (serieskaparens eigne ord), hans mørke side. Blotch oppsto som ein form for framtidsangst frå Blutch’ side. Som ein del av han personlege trettiårskrise skildra han den serieskaparen han ikkje ønska å bli som. Blotch er bare ein vitseteiknar, men har kunstutdanning og komisk overdrivne førestillingar om si eiga storheit  – Teikneseriar er alltid «underground», meiner Blutch, – Det er aldri kunst med stor K. For ingen veit kva teikneseriar eigentleg handlar om, heller ikkje eg.

Blotch

Van Sciver og Ernstsen blei først klappa inn litt seinare i programmet, med «lidande kunstnar» som ein slags overgang. Som kjent er Martin Ernstsen aktuell med sin teikneserieversjon av «Sult», om ein lidande forfattar, av ein på den tida også lidande forfattar. -Eg trur ein kunstnar er nokon som har blitt galen, men greidde å helbrede seg sjølv, og frå sin nye ståstad kan dei hjelpe andre, filosoferte han.  – Munch nekta å ta medisinar, påpeikte Mørland, fordi han var redd for å miste grepet på verkelegheita sånn.

Fante Bukowski

Noah van Scivers forbindelse til teamet er hans eigen kunstnarfigur – «Forfattaren» Fante Bukowski, ei einsam sjel, desperat etter å bli anerkjent som eit geni. Han er basert på ein rekke menneske du møter i det miljøet, forklarte van Sciver. Fante romantiserer elendigheit; han er ikkje ein gong ein alkoholikar, men han romantiserer også konseptet alkoholisme. Dette [med den alkoholiserte kunstnaren] er eit ganske nytt konsept, meiner Gerd Elise Mørland: -Det stammar frå 1800-tals avantgarde-oppfatninga av kunstnaren. Martin Ernstsen meiner at det med laster framleis er noko idealisert i norske kunstnarmiljø, og at det t.d. bare blir sett på som kult å røyke dersom du er kunstnar.

Men kvifor vil folk bli kunstarar, spurte Flu Hartberg panelet. – Det er ikkje noko anna å gjere, svarte Blutch med ein gong, med ei antyding om besettelse eller mani som han etter kvart gjekk meir i detalj på. –Då eg begynte å teikne hadde eg ingen ambisjonar, ingen store draumar; bare ein trong etter å få dette ut [på papiret]. Sjølv i dag gjer eg dette for meg, først og fremst.

Sult

-Eg er for normal til å bli kunstnar, og eg blei serieteiknar i staden, kommenterte Martin Ernstsen. – Då er var sytten bestemte eg meg for å bli ein stor kunstnar, men trudde eg måtte bli galen først, og korleis blir ein galen?

Men kunstnar eller serieskapar er i stor grad eit val, og eit som Blutch husker godt at han var tvungen til å ta då han studerte kunst i Strasbourg. Serieteikning, og den industrielle prosessen rundt det, verka bare meir spennande enn å male på eit einsleg lerret. Van Sciver ville også bli kunstmålar. Men då han prøvde å ta kunsttimar fekk han høyre av læraren: »du bør aldri fortelje nokon direkte kva du prøver å seie». Så han valde å bli serieteiknar fordi han følte det ga han fridom til å fortelje ting meir direkte. – Eg trur at viss du vekte meg opp midt på natta og spurte meg om eg er ein kunstnar, ville eg sagt at eg er ein entertainer. Eg liker å gjere ting som underhaldar folk, men eg ser ikkje på meg som ein kunstnar.

-Eg meiner at denne ideen om fine kunstnarar og fin kunst er basert på idear som ikkje er så relevante lenger, argumenterte Gerd Elise Mørstad i sluttspurten av debatten. -Så viss noko blir rekna som kunst, er det ikkje så viktig som for 50 år sidan. Det er kvaliteten på opplevinga som er viktig.



Les også:
OCX time for time, fredag
OCX time for time, laurdag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *