Kan aldri heilt forstå

Kan aldri heilt forstå

-Det einaste eg veit, er at det ikkje var spontant, seier Steffen Kverneland om sjølvmordet som er utgangspunktet for «En Frivillig Død». I går var han på Bergen Folkebibliotek for å snakke om si nyaste bok.

For å oppsummere: I fjor kom Steffen Kverneland ut med den svært så personlege teikneserieromanen «En Frivillig Død», om faren Odd Kverneland, som begjekk sjølvmord i 1981. Ingen veit sikkert kvifor han gjorde det, men truleg planla han det i mange år, og ville vente til sonene hans blei myndige. Steffen Kverneland fylte 18 år like før.

Ideen til å skrive og teikne ei slik forteljing fekk Kverneland då han sjølv gjekk inn i farsrolla. Adoptivsonen hans frå Vietnam var fascinert av dei raraste ting, og serieskaparen såg seg sjølv i dette. Slik kom han til å fundere på forholdet mellom far og son. Dette er den berande tematikken i «En Frivillig Død». Heile boka blei for øvrig teikna på farens gamle teiknebrett, som han arva då han var 15. Odd Kverneland var ein nevenyttig ingeniør ved firmaet Johannes Østensjø & co A/S, og fekk gode arbeidsutstyr.

Steffen Kverneland blir intervjua av Erle Marie Sørheim på Bergen Offentlige Bibliotek.

Serieskaparen begynte først å utforske den sjølvbiografiske teikneserien for alvor med teikneserieboka «slyngel» (No Comprendo Press, 2002), der han minnast «rampestrekene som fjortis», i eigne ord. Her skildrar han også det viktige første møtet med Lars Fiske under Raptusfestivalen. Dette var på den tida då han takka ja til Raptus kvart år, sjølv om han blei «like skuffa og forbanna» kvar gong over ein festival han fann «banal og kommers» – Heilt til ei utstilling om Olaf Guldbrandsson fatta hans og Fiskes interesse, og resulterte i den moderne norske klassikaren «Olaf G.» (No Comprendo Press, 2002).

Faren sitt sjølvmord blei første gongen eit tema i Steffen Kverneland sine teikneseriar i samband med ei bok i «Kanon»-serien som hadde temaet døden. Den gongen trudde han ikkje at lesarane kunne ta alvoret inn over seg, så han kombinerte det med ei litt artig scene, inspirert av ein «Simpsons»-episode, der han et hummar saman med Lars Fiske.  

Kverneland ville bruke eit gamalt foto av faren i sjømannsuniform på omslaget, men Espen Holtestaul i No Comprendo Press meinte det var betre om boka hadde eit teikna omslag, og Lars Fiske sa seg einig. Så han gjenskapte det same fotografiet i teikna form, men med ansiktet til faren dekka av diffust mørke (sjå øvste bildet). Mange har prøvde å tolke dette, men det finst ikkje noko eksakt svar, seier serieskaparen. Det kjem alltid til å vere eit mysterium, akkurat som farens sjølvmord. – Sjølvmord er ikkje noko eg forstår, for eg har ikkje slike tilbøyelegheiter i meg, heldigvis. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com