Begynner å likne på draumen

Begynner å likne på draumen

-Det er fint for meg at vi framleis er to serieskaparar her, seier Fredrik Rysjedal, då blir det ein slags balanse. På torsdag markerte serieskaparen toårsdagen for atelieret Pamflett med ei fanzineutstilling.

Det vesle utstillingslokalet var fullstappa i samband med utstillingsopninga som vart leia av Rysjedal. Pamflett er eit kombinert visningsrom, sjølvpubliseringsverkstad og kunst/designkollektiv i Bergen. Studioet blei starta av Rysjedal og fotokunstnar Ann-Kristin Stølan, og hadde utgangspunkt i «BergenZines», ei foreining som prøvde å samle folk som lagde fanziner og kunstnarbøker. Dette utvikla seg seinare til Bergen Art Book Fair.

Ønsket om å opprette eit studio utvikla seg naturleg då begge kunstnarane var ferdige med utdanninga. Mens dei leita fekk dei høyre om planane for eit fellesatelier i Bergen sentrum, «Isotop», og blei ønska velkommen dit.

Fredrik Rysjedal (f.h.) opnar utstillinga

Slik fekk dei Pamflett, eit  lokale med rom for utstilling, produksjon (inkludert ulike trykketeknikkar) og arbeidsrom. Studio, trykkeri og galleri. Pamflettar er jo ei viktig form for sjølvpublisering, og det var gjennom den assosiasjonen at dei valde namnet.

F.v. Fredrik Rysjedals og Ola Olsen Lysgaards arbeidsbord på Pamflett

Så mykje støtte fekk dei ikkje, og ganske mykje av lokalet blei bygd opp med eigne middel. – Først nå på toårsdagen ser det litt ut som vi drøymte om, hevder Rysjedal. I løpet av desse to åra har Pamflett hatt åtte utstillingar. I dei fleste gallerisamanhengar falt lokalet mellom to stolar, meiner han vidare, men etter kvart fann dei faste medlemmene ut at dette skulle vere eit rom for sjølvpublisering og kunstnarpublikasjonar, med risografi som ein viktig trykketeknikk.

Ein risograf er ei maskin som ser ut som en kopimaskin og fungerer etter same prinsippet som silketrykk, noko som gjer det mogeleg å produsere fargetrykksakar i små opplag for ein rimelig penge.

Pamfletts risograf

Utstillingsobjekta til denne markeringa omfattar 20 trykk (overskriftsbildet) av Ola Olsen Lysgaard, som eksperimenterer med å blande fargar i risotrykk. Lysgaard har overtatt kontor-og studioplassen til ein annnan serieteiknar, Åge Peterson, som var med frå starten, men gjekk ut i fjor. Ved sida av det utstilte materialet jobbar Lysgaard for tida på ei teikneseriebok som er eit bestillingsverk frå KORO – Kunst i Offentlige Rom. Dei har smykka ut ein ny fløy for barn og ungdom på Haukeland sjukehus, og har bedt han lage ein teikneserie som formidlar kunsten og arkitekturen der. Ein statleg teikneseriejobb, rett og slett, og enn så lenge ein intern publikasjon. Om den nokon gong kjem i handelen er ennå uvisst. Uansett så skal serien skal vere ferdig i løpet av juni.

Ola Olsen Lysgaard (midten) demonstrerer musikalske ferdigheiter på opninga

Ann-Kristin Stølan har også eit teikneserieprosjekt til utstillinga, ei slags dagbokfanzine om hunden sin, men driver vanlegvis ikkje med teikneseriar

Fredrik Rysjedal sjølv har bidrege til utstillinga med teikneseriefanzina «3 mm Utfallande», som han lanserte i ei ny utgåve til utstillinga, og smakebitar av ein ennå ikkje publisert oppfølgjar til  den førstnemnte. Begge seriane bruker fuglefigurar og er satiriske kommentarar til forbrukssamfunnet. «3 mm» handlar om ein designar, mens den nye handlar om ein landskapsarkitekt. Fugleskikkelsane, som oppsto i skisseboka hans for fleire år sidan, er også manifestert i fargeleggingsblokka som er ein del av utstillinga. Dei dukka første gongen opp her. -Eg turte aldri å lage ferdig denne blokka før, fordi fargeleggingsblokker var blitt så populære, humrar Rysjedal. Men han har alltid hatt lyst til å lage ein sånn type blokk, hevdar han, og nå er den trykka opp.

Ein designar gjer seg refleksjonar i Fredrik Rysjedals «33 mm Utfallande»

«33mm» er ei omarbeiding av ein serie han laga til 24H forut for OCX i fjor. Han meinte det var rom for forbetring både innan trykk, fargar og omfang, omsette serien til nynorsk, la ekstra sider til historia, og trykka opp ei fanzine med risografen.

Fredrik Rysjedals utstillingsvegg

Serieskaparens førre teikneserieprosjekt var nybrottsarbeidet ”Nær, nærare, nærast”, ein hybrid digitalteikneserie der Rysjedal prøver å utforske historia til hans eigen morfar, krigssiglaren. For denne fekk han Visuelt-prisen i kategorien «Bøker», så seint som i går, dagen etter opninga av Pamfletts nye utstilling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *