Bladkompaniet ser tilbake

Bladkompaniet ser tilbake

I teikneseriesamanheng gjekk Bladkompaniet gikk frå ei stigande kjempe til ei fallande stjerne. Kva skjedde? Dag Lønsjø ser attende i forlagets festskrift.

Forlagssjef Finn Arnesen si bok «Fra Rudolf Muus til Morgan Kane: 60 års folkelesning frå Bladkompaniet» oppsummerer forlaget si historie frå 1915 til publikasjonsåret 1975. Denne kom seinare i ny, oppdatert utgåve til forlaget sitt 75-årsjubileum i 1990. Det kom ikkje ei ny oppdatert utgåve av same boka til 100-årsjubileet, men i 2016 fullførte Arnesen si dotter, forfattar Frøydis Arnesen, verket med eit tilleggsskrift: «100 års folkelesning frå Bladkompaniet – De siste 25 år».

1990-utgåva var oppdatert med informasjon om det som må kunne kallast begynnelsen på Bladkompaniet si storheitstid i teikneseriebransjen. Pyton var etablert, Tommy & Tiger’n var så vidt etablert som eige blad, og forlaget hadde ein fot innanfor i juleheftesegmentet.

Som nemnt var det teikneserieredaktør Dag Lønsjø som fekk oppgåva med å summere opp teikneseriebiten av forlagshistoria for perioden 1990-2015. To kapittel har han fått med i boka, eitt om 90-talet og eitt om 00-talet. Han gjer det, som dei fleste bidragsytarane i boka, ved å fokuserer på nøkkelpersonar. I tillegg til serieskaparane er det mange redaktørar som har kome, og i dei fleste tilfeller, gått. Nokon av dei gjekk av personlege grunnar, men dei fleste gjekk enten fordi dei fekk eit tilbod frå Egmont, eller fordi det etter kvart blei mindre for dei å gjere i Bladkompaniet.

Lønsjø sine tekstar er eit elementært, men detaljert og nyttig samandrag av nyare norsk teikneseriehistorie,  i alle fall delar av den. Han tillater seg å skryte av forlagets bidrag til mediet, men går aldri lenger enn det er grunnlag for. Bladet Tommy og Tiger’n var viktig for bransjen på 90-talet, og bladet blei «stamfar», som Lønsjø uttrykker det, til ein rekke suksessar som seinare fekk sine eigne blad. Han gir også uttrykk for ein reflektert haldning til ein annan av forlagets grunnsteinar, Pyton. På den eine sidan slår han, heilt rett, fast at mange seinare suksessar neppe hadde sett dagens lys utan Pyton-tida. På den andre sida peiker han på fallande sal og interne gnissingar, og på eit av Pytons grunnproblem – Bladet hadde til slutt ikkje fleire grenser å sprenge. Skjønt ei grense heldt dei på å sprenge ganske tidlig: Ein Tommy og Tiger’n-parodi frå 1990 førte til bråk med rettigheitsfolka, som meinte at serien i Pyton var for spekulativ til å kunne forsvarast som parodi eller satire.

Den bestselgande tittelen i denne perioden var likevel Conan, som i følgje Lønsjø sto for halvparten av den totale omsetninga i Bladkompaniets teikneserieavdeling! Men at Conan hadde ein særskilt posisjon i Norge, viste seg etter kvart å by på problem. Norske teikneserieutgjevarar har lang erfaring med å «snu bunken» med stort hell, men likevel blei det norske bladet Conan nedlagt i 2012, visstnok grunna mangel på nytt materiale.

Kapittelet om 00-talet minner oss om at Bladkompaniet, fram til for få år sidan, var ein slugger i teikneseriebransjen  og kunne vise til stor breidde. I tillegg til stripeseriane som alle kjenner, hadde dei både manga, eventyrprinsesser og Jason. Superheltseriar er knapt nemnt, kanskje fordi Bladkompaniet overtok Marvel-rettane på eit tidspunkt då interessa ver i ferd med å synke igjen.

Stripeseriane, med Pondus i spissen, får sjølvsagt mykje av plassen i dette kapittelet. Lønsjø meiner at det var begynnelsen på slutten av dei norske teikneserianes gullalder då Pondus bytta forlag i 2007. Tilsynelatande eit vel  forlagssentrisk utsegn, men det har eit visst grunnlag. For Bladkompaniet betydde overgangen at Schibsted mista mykje av interessa for serieavdelinga som eit heile; for Egmont betydde oppkjøpet av Pondus (og Nemi) at det blei mindre interessant å satse på nye titlar.

Dette er kjent stoff for teikneserieinteresserte. Men kanskje meir interessant er Lønsjø sin gjennomgang av bransjeerfaringar frå forsøk med fellesnordisk samkjøring, eventyrprinsesser utanom Disney-konsernet, og framfor alt manga. Det er særleg sistnemnte tema som han går litt meir i djupna på. Erfaringane med manga-bølgja er interessante. I nokre år var desse seriane ein verkeleg suksess i Norge; forlaget hadde ein forteneste på ein kvart million for kvar Dragonball Z-bok, og skulebiblioteka kunne melde om lange ventelister på tittelen.

Bladkompaniet får framleis førespurnader frå biblioteker som vil erstatte istykkerleste manga-bøker.

Grunna forholdet mellom Bladkompaniet og Schibsted blei ikkje Dragonball Z seld gjennom bokhandlen, slik som i Sverige og Danmark. Imidlertid var det ikkje slike detaljar som tok livet av det norske manga-eventyret. Det skuldtest ei alt for rask auke i titlar, både frå Bladkompaniet og andre forleggarar, meiner Lønsjø, noko som igjen kom av at forlaga kappast om å ta inn nye seriar før konkurrentane tok dei.

Han trur for øvrig, og her har han nok mange med seg, at Bladkompaniets julehefter gjennomgjekk det same problemet på 00-talet: For mange titlar var i ferd med å drepe interessa, og måtte reduserast til nokre få godt etablert titlar.

Mads Eriksen og M for æra av å avslutte teikneseriedelen, og her tillater Lønsjø seg å skryte litt ekstra av Ms suksess og Mads Eriksens innsats. Kanskje følte han seg litt sentimental mot slutten av sitt tilbakeblikk? På tidspunktet då Pondus meldte overgang framsto M kanskje som ein redningsplanke for humorseriar i Bladkompaniet. Men Mads behaldt dagjobben i ein bokhandel mens han auka produksjonen av seriar, og insisterte også på å fargelegge sjølv. Kanskje ikkje så rart då, at han ble utbrent. Lønsjø avsluttar sitt segment med eit lite håp om at Mads Eriksen ein dag skal gjere comeback

One thought on “Bladkompaniet ser tilbake

  1. Bladkompaniet var en gigant i folkelesningens tjeneste, og har reist seg med bravur.
    Forlaget ga også ut en stor mengde tegneserier av høy kvalitet, langt flere enn mange er klar over.
    En spesiell favoritt er Ernie og Arne And (Schibsted).
    En del av superseriene fra Schibsted Forlagene har fått ufortjent dårlig mottagelse her på Serienett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *