Debut med mystisk skogstur

Debut med mystisk skogstur

I juni kjem kunstnar, animatør og illustratør Tord Torpe med si første teikneseriebok. Serienett fekk ein prat med mannen.

Du er aktuell med teikneserieromanen «Kjøt». Kva handlar den om?

Saman med den dyktige forfattaren Mette Karlsvik lanserer me Kjøt på Magikon forlag no i juni. Det er vel meir for ei novelle enn ein roman å rekna, men akkurat dét gjeld vel mykje av det som blir omtala som teikneserieromanar. Denne kanskje endå meir, med sine knappe 60 sider. Boka handlar om ei jente som tek bussen ut i Nordmarka, kor ho går seg vill i skogen. Ho kjem over ei lita hytte, og møter ein person som tek ho med vidare.

Ga Mette Karlsvik deg eit ferdig manus?

Karlsvik gav meg ein kort, mystisk tekst. Eg sto svært fritt til å visualisera teksten slik eg ønskte, og fann vel relativt kjapt ut at ein teikneserie var det eg ville prøva å laga.

Tord Torpe (f.h.) tek ein pustepause i Bergen før han reiser vidare. Saman med han er kameraten Magnus Nyquist (f.v.)

Arbeidstittelen på boka var «Spore». Kva var grunnen til at den skifta namn til «Kjøt»?

Boka heitte lenge Spore, men etter kvart som arbeidet mitt skreid fram, så tok tittelen Kjøt meir og meir over i mitt hovud. Til slutt tok eg mot til meg og ba på mine kne til Mette og Svein (i Magikon) om at boka måtte heita Kjøt. Etter litt argumentasjon så vann eg fram, heldigvis.

Det var ei forhåpning, kanskje først og fremst frå forlaget, om at boka skulle vere klar i fjor haust. Nå blir den lansert på OCX. Kva var grunnen til forseinkinga?

Somme gonger tek ting lenger tid ein kva ein trur, sjølv om ein håper aldri så mykje. Det er ikkje alltid lett å vita kor lang tid slike prosessar tek. At boka ikkje kjem ut før no er defintivt noko eg lyt ta all skuld for på eigne skuldrar. Diverse andre småjobbar som dukkar opp og stykkar opp arbeidet, men som ein lyt ta på seg fordi ein treng pengar til husleige og så bortetter.

Tord Torpe ga ut to Turnips-antologiar i avgrensa opplag. Serien «The Health Freak» (ovanfor) var eit av hans eigne bidrag.

Har du laga teikneseriar før?

Lite. Dette er vel for «debuten» min å rekna. Men saman med eit par studiekameratar dreiv eg eit miniforlag som me kalla Turnips. Turnips gav ut 3 antologiar med hovudfokus på teikneserier, men kor me også inkluderte kunstnarar utanfor feltet. Opplaga var relativt låge (100-200), og me la defintivt meir vekt på den estetiske utforminga av det fysiske produktet – silketrykking av omslag, risotrykking av innmat og slike ting – enn på opplag og distribusjon.

I Turnips-utgjevingane laga eg litt teikneseriar, men eg definerer meg kanskje ikkje fyrst og fremst som teikneserie-teiknar. Fyrst og fremst er eg kvinne. Nei då. Eller, nokre av dei som kjenner meg best seier at eg er ei kvinne på innsida.

Kva no det skulle bety. Ikkje veit eg.

Tord Torpe har gjort mykje illustrasjonsarbeid, m.a. til NATT&DAG. Teikninga ovanfor er til ein artikkel om korleis drikkeviser er i ferd med å forsvinne frå norsk kultur.

Kva motiverte deg til å lage ei teikneseriebok?

Initiativstakaren var jo Magikon forlag, med Svein Størksen i spissen. Han tok kontakt med meg og ønskte å få til eit samarbeid mellom meg og Mette Karlsvik. Men han uttrykte aldri eksplisitt at det skulle bli ein teikneserie. Han var open for at det kunne vere kva som helst trur eg, så lenge Mette skulle skriva og eg visualisera.  Eg har vel lenge vore interessert i prøva meg på eit meir omfattande teikneserieprosjekt, og no såg eg vel mitt snitt til det.

Kva forhold har du til teikneseriar? Har du vore inne i miljøet før?

Ikkje ein stor del av miljøet, akkurat. Ikkje meir enn den vesle biten gjennom Turnips. Les ikkje spesielt mykje teikneserier heller, ikkje sånn at eg har særleg oversikt. Det kan sikkert vera både ein fordel og ein bakdel. Mest bakdel, sikkert. Eg les mest litteratur utan bilder, ser veldig mykje film og er sånn passe oppteken av andre kunstformer. Men for all del, eg har alltid lest ein del teikneserier.

Omslaget til «Kjøt»

Kva teikneseriar liker du, då?

Donald og Asterix var det store før eg oppdaga Tommy & Tigern. Fattern leste Fantomet og Agent X9, så det las jo eg og då, sjølvsagt. I dag les eg mest norske teikneserier i grunn.  Tim Tvedt er definitivt min favoritt, men det finst mange gode. Kaltenborn, Fiske, Dahle Øverbye, Friberg – eg daua nesten av latter då eg las Nulteliv. Det begynner å bli veldig mange gode synest eg. Av utanlandske elskar eg Rocky, det er vel den einaste stripeserien eg les. Trist at han skal gje seg, men Kellerman kjem sikkert med noko anna bra. Eller så er jo Oliver Schrauwen sine ting heilt fantastiske.

Har du latt deg inspirere kunstarisk av teikneseriar?

Det har eg sikkert. Eg føler ikkje at teikneseriar er mi viktigaste inspirasjonskjelde sånn generelt, men når ein skal lage teikneseriar så er det jo klart ein fordel å studert handverket ørlite. Men sånn i hovudsak eg let meg nok defintivt inspirera meir av film og av biletkunst.Sjølv har eg arbeidd meir i dei retningar, så det fell seg gjerne naturleg.

Frå «Kjøt»

Kva forventingar har du som debutant til mottakinga av «Kjøt»?

Veldig lite, eigentleg. Slikt prøver eg å ikkje ta stilling til.

Boka blir lansert på OCX, utan at du eller den er ein del av det offisielle programmet. Blir du synleg på festivalen?

Me er ikkje ein del av det offisielle programmet nei. Men Svein og Magikon kjem til å ha stand på festivalen, og boka kjem til å vera tilgjengeleg der. Det er alt eg veit no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *